mandag 31. oktober 2011

Spør publikum

Eg treng litt hjelp av deg, kjære lesar.

IMGP0288 (2)

Eg har strikka ein dress som skal vera julegåve. Saman med dressen skal jenta få hue, vottar og sokkar (ikkje ferdige). Dressen er mellomgrå og det andre er raudt - ein skikkelig fin, varm, djup raudfarge.

Så, kva slags knappar skal eg velja til dressen?

Alternativ 1:

IMGP0295 (2)Kvite knappar med raude kattar. Kattane har ulikt mønster på magen.

Alternativ 2:

IMGP0300 (2)Raude plastknappar med kvite kattar. Eg har berre tre stykkjer, så dette alternativet er avhengig av at eg finn tre til på butikken.

Alternativ 3:

IMGP0301 (2)Svarte kattar med raud sløyfe rundt halsen.

Alternativ 4:

IMGP0304 (2)Både raude og kvite knappar med ulikt mønster.

Kva tykkjer du er finast?

12 kommentarer:

Beate sa...

Jeg likte veldig godt de første knappene!

Lisa sa...

jeg likte veldig godt de røde knappene med hvite katter på :)

Anonym sa...

Dei første, eller dei siste :)

Anonym sa...

Herlig sett - fantastisk flott gave! Jeg synes du enten må gå for de røde knappene med hvite katter på, eller røde og hvite knapper med ulikt mønster.

Linda sa...

Eg hadde tatt dei øverste. Dei likte eg best i allefall.

Lille hjerterom sa...

So utrule fint!! :)
Eg likte definitivt dei raude knappane med dei kvite kattane på- altso alternativ 2 ;)

Men nydele blir da nok uansett knappevalg :)

Stine sa...

Jeg falt for knappealternativ nummer en. Skikkelig søte!

Hilde sa...

De første knappene! =)

Anonym sa...

Alternativ nr. 1 med dei forskjellige kattane!

Marte sa...

Du trudde kanskje du skulle få eit eintydig svar? Men folket er like mangfaldig som knappane dine. Jaja. Eg likar i allefall alternativ 1 best, med alternativ 4 på 2. plass.
Eit flott sett!

Unknown sa...

Eg likte dei øverste :)

Line Kristine sa...

Jeg syns alternativ fire passer bra :)