Viser innlegg med etiketten Strikkeplanar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkeplanar. Vis alle innlegg

onsdag 31. desember 2014

Strikkeplanar for 2015

Eit nytt strikkeår må alltid planleggast, men klok av skade legg eg ikkje lista for høgt.

  • Eg har kun meldt meg på ein along - vottealongen på Uformelt. 
  • Sokkekassen er proppfull sjølv om det nett har vore jul, så eg trur eg må roa ned sokkestrikkinga.
  • Bruka garn frå lageret og ikkje kjøpa så mykje. Dette har eg tenkt kvart år, men det sklir alltid ut når eg kjem heim til den lokale garnbutikken i påske- og sommarferien.
  • Baby- og barnekle er den nye dilla, sterkt inspirert av alle dei flinke strikkedamene som er på Instagram. Dette vert det forhåpentlegvis mykje av. I næraste framtid skal desse plagga på pinnane:
Islandsgensaren Frost. Til denne har eg kjøpt Puno. 
 Biletet er henta frå Ravelry.

Susie Haumann sin islænder. Litt usikker på garnvalet her, men har totrådsull som eg trur skal passa.
Biletet er henta frå Ravelry.
Paelas si faunajakke. Til denne har eg kjøpt kvit merinoull frå Sandnes. 
Biletet er henta frå Paelas.
Kjappstrikka drakt frå Paelas. Har kjøpt merinoull til denne også. 
Biletet er henta frå Paelas
Garnbutikkane i Bergen tykkjer eg ikkje mykje om (bortsett frå To Damer, men dei ligg litt langt unna der eg pleier å vera), så eg har vore innom den lokale garnbutikken nokre gonger for å bunkra opp. To hefter, fem nøster Puno og 19 nøster merinoull er fangsten etter juleferien. 


Då kan det nye strikkeåret komma. Takk for det gamle og eit godt nytt til alle som er innom!

søndag 28. desember 2014

Nytt favorittgarn

På Instagram boblar det over med strikkeinspirasjon og flinke strikkedamer. Paelas har komme med veldig mange flotte mønster og då dei hadde sal for ei stund sidan, kjøpte eg tre stykkjer. Først på pinnane var pixiehua. Eg kjøpte garnet som er oppgitt i oppskrifta, for å sleppa styret med omrekning og greier. Garnet var nytt for meg, men eg har registrert at det har vore mykje brukt i det siste.


Og for eit garn! Mjukt som smør, glatt og fyldig. Som merinoull flest vert maskane veldig definerte, men dette virkar mykje stødigare og fastare enn Drops sitt. Det er rett og slett ein draum å strikka med.

Fargane er også eit kapittel for seg sjølv. Utvalet er ikkje det største, men dei som er, er heilt perfekte etter min smak. Forhåpentlegvis kjem det fleire etter kvart.


Det einaste negative er at prisen er litt stiv for ei studentlommebok. Eg tok litt av hjå den lokale langaren, men alle nøstene er til planlagde prosjekt, så då er det greit. To blå nøster har allereie vorte til ei hue. Dei grøne, rosa og brune skal også verta til huer, medan dei kvite er tenkt til ei jakke.


Sånn elles er det ein perfekt strikkejuleferie. Mykje snø og mange minusgrader gjer det perfekt å sitta i sofaen om kvelden med spøt og julekaker.

søndag 6. januar 2013

Planar for strikkeåret 2013

Som det system- og ordensmennesket eg er, så høyrer omstendig planlegging av strikkinga mi til på starten av året.

Alongar:

I år har eg kun meldt meg på to små plagg-alongar: hue- og sokkealongen på Uformelt. Dei er nemleg så uformelle at ein treng ikkje å vera med kvar månad, ein strikkar dei mønstera ein har lyst til. Noko som passar meg perfekt, sidan eg elles fell av i februar. Sokkar har eg alltid bruk for til gåvekassa, og huer er kjekt sidan eg ikkje må strikka to like.

I tillegg har eg meldt meg på to store alongar, DUGG og DUFA, også på Uformelt. Kort fortalt går DUGG ut på å halda oversikt over garn som går inn og ut, og målet er sjølvsagt å bruka meir enn ein kjøper. Lagerreduksjon. DUFA har som mål at ein skal fullføra dei prosjekta ein har begynt på, altså UFOane.

DUGG var eg med på i 2011 også, men då datt eg av etter eit par månadar. Delvis på grunn av at eg hadde gått på så store smellar i starten av året at eg mista motivasjonen og delvis fordi rekneskapsføringa vart for innvikla for meg. I forfjor hadde eg bestemt meg for å ikkje kjøpa garn i det heile teke. Klok av skade har eg funne ut at den taktikken verkar stikk motsett for meg. Så i år har eg moderert meg litt og bestemt at eg skal få lov til å kjøpa garn, men det må vera til konkrete og planlagde prosjekt som også skal strikkast innan rimeleg tid etter garnkjøpet. På den måten trur eg at eg vil tenkja meir over kva eg kjøper og om eg verkeleg treng det garnet som skrik til meg frå tilbodskorga på garnbutikken. Kva skal ein med ti nøster kjøpt på sal om dei uansett vert liggjande i skapet? Eg har også sett meg meir inn i rekneskapsføringa, laga meg rekneark i EXCEL og funne ut at det kan vera kjekt å sjå kor mykje eg faktisk strikkar i antal kilo, så eg trur det skal gå betre i år.

DUFA har eg også vore med på eit par gonger før, men då har det vore litt halvhjerta innsats. Nytt av året er at alongen går over eit heilt år (i motsetnad til eit par månadar tidlegare år), og det er også innført eit poengsystem. Ein får eitt poeng for kvart fullførte prosjekt, ekstrapoeng alt etter kor gammal UFOen er og minuspoeng dersom ein startar på eit nytt prosjekt og ikkje fullfører det i løpet av same månad. Eg ELSKAR poeng, så dette trur eg skal gå bra. Dessutan fekk eg meg eit sjokk utan sidestykkje då eg rydda i strikkekorgene for å finna UFOar eg kunne melda på. Eg grov fram prosjekt etter prosjekt og mange av dei hadde eg faktisk gløymt at eg hadde begynt på. Då eg var ferdig hadde eg 28 (!!) UFOar på lista mi, og det er berre dei som ligg heime hjå opphavet. Sikkert 20 til ligg i Bergen og ventar på å verta registert. Det sjokket og skammen, faktisk, over kor mange UFOar eg har, trur eg skal vera til god hjelp til å få fullført minst halvparten av prosjekta i løpet av året. Og også til å ikkje leggja opp til så mange nye prosjekt før eg er ferdig med noko anna. Eg vart rett og slett flau over alt eg har liggjande. Grøss.

DUFA har faktisk ført til at eg allereie, seks dagar inn i det nye året, har fullført fem UFOar og rekt opp endå fleire! Det kjennast litt vel strikkenerdete ut å skriva det, men den gode følelsen og samvittigheiten det har gitt, får meg til å få endå meir lyst til å gjera ferdig alle UFOane mine. 

Har du planar for strikkeåret ditt, eller tek du det som det kjem?

Fortsettelse følgjer.

mandag 2. juli 2012

Strikkeplanar for sommaren

Sidan eg held på med garnslanking tok eg med meg litt garn frå lageret i by’n heim på sommarferie. Planen er at eg kun skal strikka med det (og det andre garnet eg har heime hjå opphavet) og ikkje kjøpa noko nytt i løpet av desse vekene.

Sokkar har vorte eit fast innslag under juletreet dei siste åra, difor tok eg med litt sokkegarn, så eg kan laga eit lite julepakkelager. Nøster med Mor Aase raggegarn (som er mitt nye favoritt-sokkegarn), Perfect (som fell lenger og lenger ned på lista) og Sterk skal forvandlast til sokkar innan ferien er over.

IMGP0755 (2)

Eg tok også med tolv nøster med Drops babyalpaca silk, som skal strikkast om til tre-fire sjal. Planen er Little shells, men etter å ha lagt opp, strikka eit godt stykkje og så oppdaga at eg hadde gløymt aukingane på vrangsida på den eine halvdelen, mista eg litt piffen. Eg trur eg strikkar sokkane først, så får eg sjå etterpå om det vert endring i sjalplanane.

IMGP0759 (2)

Då er det berre til å kvessa pinnane og varma opp strikkemusklane!