Viser innlegg med etiketten Teppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teppe. Vis alle innlegg

torsdag 18. juni 2015

Resterilleteppe

Då er det endeleg sommarferie og forhåpentlegvis vert det også betre tid til blogging. I vinter- og påskeferien og etter at eg kom heim til opphavet før helga, har eg kun strikka på ein gammal UFO og no er den endeleg ferdig.


UFOen er eit rillestrikka teppe, sterkt inspirert av ei oppskrift frå Arne og Carlos si bok "Håndarbeid i hagen". Etter å ha sett teppet på andre sine bloggar, blant anna her hjå To vrange og her hjå Tusenfryd, fekk eg lyst til å strikka eit slikt sjølv.


Eg brukte diverse restar av Shetland soft frå Malsen og mor og New Zealand lammeull frå 123knit.com. For å få litt fortgang på sakene strikka eg med dobbel tråd på pinne nummer 6.


Fargane er bestemt (ganske) tilfeldig og eg strikka til kvart nøste var oppbrukt. Sjarmen med resterilletepper er at dei ikkje alltid vert så lekre. ;-)


Det gjekk med 1116 gram (etter trådfesting) og teppet måler omtrent 120 x 220 cm. Eit lett, luftig og stort teppe som passar perfekt til å pakka seg inn i ein kald haust- og vinterdag.


Sidan teppet luktar litt (spinnolje i Shetland soft), trur eg at det skal få seg eit milobad. Spørsmålet er berre om eg skal ta sjansen på ullvask i vaskemaskina, eller om eg skal gå for handvask i badekaret. 

mandag 25. februar 2013

Meir smått

Eg fekk to nøster med det mjukaste garnet til bursdagen min. Garnet var tiltenkt premturstrikk, så eg kasta meg rundt og la opp same helga. Saman med to nøster frå lageret og eitt frå garnbutikken vart det til to små tepper.

IMGP1140 (2)

Oppskrifta er den same som sist – tre masker, auk kvar omgang til A3-størrelse, fell kvar omgang til tre masker. Denne gongen hekla eg ein bølgekant rundt med kontrastfarge, noko eg er veldig fornøgd med! Teppa vart med eitt litt finare og stødigare. Det gjekk med to nøster Drops merino extra fine til kvart teppe + eitt nøste av kontrastfargen totalt.

mandag 7. januar 2013

Så altfor smått

Å tenkja på at nokon kan bruka noko så knøttsmått gjer vondt heilt ned i tærne. Men samstundes er det godt å kunna bruka hobbyen min til noko veldig nyttig og flott.

IMGP1108 (2)

Huer som passar på ei middels stor appelsin er smått. Det same med tepper på størrelse med eit A3-ark.

Meininga var eigentleg å senda huene og teppene til Innfall og påfunn si innsamling til prematuravdelinga ved HUS i anledning den internasjonale prematurdagen, men i kjent stil vart eg ikkje ferdig i tide. Det er mange innsamlingar av prematurstrikk til sjukehus rundt i heile landet, mellom anna gjennom Amandaprosjektet, som du kan lesa meir om her. Det eg har strikka no går til sentrasjukehuset i heimfylket mitt, men neste gong vert det kanskje til eit anna sjukehus. For det vert definitivt meir prematurstrikk. Noko meir takknemleg å strikka skal ein leita lenge etter.

IMGP1124 (2)

Oppskriftene på huene har eg funne på strikkeforumet. Teppene er enkle rillestrikka tepper. Eg la opp tre masker, aukte innanfor den første kantmaska på kvar pinne til teppet målte A3-størrelse, så felte eg tilsvarande til eg hadde att tre masker. Dersom du treng oppskrift på huer og sokkar, er det berre til å googla prematurstrikk, så finn du mange gode.

Eg har brukt babyull, som er blant dei anbefalte garnsortane. Plagga må vera mjuke og kløfrie, sidan dei små er sensitive. Det er ikkje så mange gramma som skal til. Eg fekk tre og ei halv hue av eitt nøste, så det er berre til å setja i gang viss du har eit nøste og litt tid. Det er garantert nokon som vert veldig glade og takknemlege.

fredag 4. januar 2013

Årskavalkade

Det vart ikkje blogga så mykje i fjor, for lysta var ikkje heilt på topp. Likevel strikka eg ganske mykje. Problemet er at eg har vore usannsynleg dårleg til å ta bilete, så det er berre ein brøkdel av alt som er dokumentert og registert på Ravelry. I tillegg har eg starta på veldig mange nye prosjekt i 2012 som eg ikkje har gjort ferdig og såleis ikkje har bilete av.

Men noko har eg å visa fram:

IMGP0602 (2)IMGP1049 (2)IMGP1098 (2)IMGP0878 (2)IMGP0593 (2)IMGP1085 (2)IMGP1093 (2)IMGP0522 (3)IMGP1027 (2)IMGP1097 (2)IMGP0769 (2)

Det eg er aller mest fornøgd med av alt eg laga i fjor, er definitivt hekleteppet eg endeleg fekk ferdig. Det var ein skikkeleg seig årgangsUFO. Elles går det stort sett i det same som tidlegare år – sokkar, barneklede, vottar, sjal og kjøkenklutar. Nytt av fjoråret er faktisk vaksengensarar (som eg rett nok måtte rekkja opp), men det vert så absolutt fleire i 2013.

Eg har også store planar om å føra betre oversikt over alt eg strikkar, slik at eg kan laga ein like fancy årskavalkade som Monstermønster.

tirsdag 3. juli 2012

Jippijei!

E g  e r  f e r d i g  m e d  t e p p e t  !

Under ser de henholdsvis den spede start, som eg blogga om i februar 2009, og neste mellomrunde, som eg blogga om i oktober 2009. Dette er altså ein skikkeleg årgangs-UFO – faktisk trur eg det er det eldste prosjektet eg har hatt liggande.

IMGP3553IMGP6581

Under den årlege sommaryddinga av rommet mitt fann eg att kassen med teppet oppi, og eg bestemte meg for at no hadde det verkeleg lege lenge nok til modning. Planen var fleire omgangar, men ikkje hadde eg att garn og ikkje hadde eg lyst til å hekla meir heller, så då sa eg meg fornøgd. Mamma vart kommandert til trådfesting og no er det altså FERDIG!

IMGP0776 (2)

Størrelsen vart ikkje heilt som planlagd, men eg trur det passar perfekt som treng-litt-varme-på-føtene-medan-ein-sit-i-godstolen-teppe. Dei vitale måla er 115 x 115 cm (ublokka) og det gjekk med 730 gram garn (etter trådfesting). Garnet er ein lett blanding av Safir, Rubin og Østlandsgarn. 

IMGP0760 (2)IMGP0761 (2)

Tre år seinare enn planlagd kan endeleg besta få seg teppe til bursdagen.

IMGP0769 (2)

onsdag 29. juni 2011

Frisk bris

Som sagt i går, så har eg vore på butikken og kjøpt litt garn som skal verta til eit fargerikt bølgjeteppe.

IMGP9468 (2)IMGP9464 (2)

Sidan eg aldri har hekla bølgjer før, så måtte det prøvast. Resultatet vart tre prøvelappar. Øverst har eg brukt heklekrok nummer 5, i midten krok nummer 4,5 og nederst krok nummer 4. Etter litt fundering har eg bestemt meg for at eg skal hekla teppet med krok nummer 4,5. Trur det vert best – ikkje for laust og ikkje for fast.

IMGP9463 (2)

Faktaboks for spesielt interesserte:
Oppskrift: Neat ripple pattern. SUPER oppskrift! Godt og enkelt forklart med bilete for kvart steg
Garn: Sandnes duett, 55 % bomull og 45 % ull
Heklekrok: 4.5, Harmomy wood

Størrelsen på teppet har eg ikkje heilt planlagt. Sidan eg aldri har hekla eit bølgjeteppe før, anar eg ikkje kor mykje garn som går med. Duett er eit garn som er på veg ut, så det er heller ikkje så lett å få tak i meir seinare. Eg trur eg går for 130-140 cm breidde, så får eg hekla det så langt som eg har garn til. 

IMGP9470 (2)

Med ynskje om ein strålande dag i regnet!