Første prosjektet på lista er ferdig, nemleg den blå- og kvitstripete omslagsjakka frå Strikk til nøstebarn.
Dette er ein skikkeleg UFO. Eg la opp den 26. juli i fjor, altså snart eitt år sidan. Planen var at naboguten skulle få denne til jul same året. Han er fødd i midten av juni, så eg la opp til størrelse 6 månadar og satsa på at det ville passa fint til vinteren. Men jakka vart altså ikkje ferdig før i dag. No har guten runda året og han har flytta herfrå, så då vart det visst ikkje jakke på han likevel.
Eg (les: mamma) hekla ein kant rundt heile jakka for å skjula fargeskifta. Snorer både inni og utanpå til å knyta saman med.
Jakka er strikka i Dale babyull på pinne nummer tre. Eg strikka ermene fram og tilbake og sydde saman etterpå for å sleppa alle vrangmaskene. Latskapen lenge leve. Elles har eg gjort akkurat som i oppskrifta.
Med ynskje om ein fin måndagskveld! Eg skal til på neste prosjekt på lista mi.