fredag 18. desember 2015
Tantestrikk
lørdag 12. desember 2015
Meir gåvestrikk
søndag 21. juni 2015
Islænder
Mønsterstrikk er ikkje mi sterkaste side, men som med alt anna gjer vel øving meister. Biletet over viser ein veldig bulkete bol. Erma var endå verre, sidan dei vart strikka på ermepinnar, men ein vask i maskina gjorde verkeleg underverk. Mønsterstrikken jamna seg ut og gensaren vart lett og god.
Oppskrifta er islænder frå heftet "Knit for your kid" av Susie Haumann. Dansk strikkedesign er verkeleg noko for seg sjølv. Gensaren er strikka i størrelse 2 år, som er minste størrelse i oppskrifta. Eg har lest fleire plassar at modellen er kort og vid, så eg la til ekstra lengde på både bol og ermer. Det gjorde eg ved å strikka fleire mønsterrepetisjonar enn oppskrifta seier før ein deler av. Eg tok eit lengdemål eg fann i ei gensaroppskrift i omtrent same garntjukkelse frå "Strikk til nøstebarn". På augemål trur eg resultatet vart bra med tanke på proporsjonar, men størrelsen er nok nærare 3 år enn 2.
Garnet er som skreve Drops Karisma. Det gjekk med nesten to nøster av mønsterfargen (lyseblå) og nesten fire nøster av botnfargen (beige/sand). Eg strikka med pinne 3,5, sidan eg strikkar laust.
Gensaren kan strikkast i mange fargekombinasjonar og eg kjenner at eg absolutt må strikka ein til i heilt andre fargar. Men først må eg gjera ferdig ein liten haug med UFOar som ligg i strikkekorga og ventar.
torsdag 2. januar 2014
Feriestrikk
Jakka er strikka att og fram, frå erme til erme og sydd saman i sidene og under ermene etterpå. Eg er vanlegvis ikkje så glad i plagg som må syast saman, men det gjekk overraskande greit. Sidesaumen vart faktisk ganske fin, tykkjer eg. Denne gongen var eg utruleg nok flink til å festa trådane og sy saman med ein gong eg hadde felt av.
Hetta vert strikka til slutt. Ein plukkar opp maskar langs halskanten og strikkar att og fram medan ein aukar ut på sidene og midten. Så fordeler ein maskane på to pinnar og strikkar saman og feller med ein tredje pinne. Ein ny og artig teknikk.
I nakken sydde eg på ein av lappane mine, frå Minanamnband. Ein fin liten detalj.
Jakka er strikka i Mitu, endå eit favorittgarn. Eg er visst veldig glad i ull/alpakkablandingsgarn. Dette er litt tjukkare enn Hverdags. Eg brukte pinne 3,5 mm og det gjekk med nesten 5 nøster i størrelse 0-9 månadar.
No er det sokkar som står på lista. Gåvekassa er nesten tom etter jula, så ho treng påfyll før bursdagssesongen i familien startar. I tillegg har eg planar om minst eitt par til Badegakk sitt heimlaussokkeprosjekt.
onsdag 1. januar 2014
Nytt år, nye moglegheiter
Først ut er undertrøya mamma fekk. Her vist på ei smal vetlesøster, så trøya er ikkje fullt så skrukkete på mamma.
![]() |
Eg tok utgangspunkt i to oppskrifter frå Strikk til nøstebarn. Undertrøya med ermer skulle strikkast i dobbelt garn på tjukke pinnar og undertrøya med enkelt garn hadde isydde ermer. Sidan eg ville ha ei trøye i enkelt garn på tynne pinnar med raglanfelling, blanda eg dei to oppskriftene. Resultatet vart heilt greit. Trøya er litt trang under armane, men det går forhåpentlegvis an å strekka ut etter vask.
Garnet eg har brukt er Shetland soft. Litt ubehageleg lukt, men fantastisk godt å strikka med og resultatet vert utruleg lett, luftig og varmt. Det gjekk med berre 100 gram, så det er eit veldig drygt garn. Pinnestørrelsen har eg sjølvsagt gløymt, men eg vil tru at eg brukte 3,5 mm.
To rett, to vrang i ei lita æva og vips, så har du ei fantastisk varm og god undertrøye. Perfekt som innerste lag på kalde dagar.
mandag 1. april 2013
Strikking på Instagram
Instagram har visst teke meir og meir over for bloggen. Det er så lettvint å ta eit bilete med mobilen og smella det ut på Instagram med det same. Så for dei som ikkje har konto der, tenkte eg å visa fram dei siste strikkebileta mine her også.
1. Eg held framleis på med mariusen til vetlesøster. Som skreve før var planen å få han ferdig til påske. Påskeafta etter stengetid gjekk eg sjølvsagt tomt for blått garn, eit par mønsterborder frå den raude halsen. No ligg han på vent fram til garnbutikken opnar att.
2. Eg har funne fram alle klovnespyrestane mine. Dei skal verta til fargerike sokkar til gåvekassa.
3. For bursdagspengane mine kjøpte eg meg nøstemaskin. Det er definitivt eit av dei beste kjøpa eg har gjort! Makan til effektivt hjelpemiddel har eg aldri sett før.
4. Camomilleinspirert sjal til mamma, her under blokking. Sjalet er ferdigblokka, levert og brukt, men det var den blogginga, då.
torsdag 28. februar 2013
På pinnane
Januar var ein veldig produktiv månad, men i februar har eg ikkje fått strikka så veldig mykje. Men litt har det no vorte, sjølv om ingenting er ferdig.
Sokkar til gåvekassa. Kassa er tom no etter jul og med bursdagshøgsesong i familien det neste halve året, må eg fylla på. Garnet er Regia 6-tråds. Eit veldig godt garn å strikka med, men eg gløymer stadig vekk at eg eigentleg tykkjer klovnespygarn er grusomt stygt. Derfor held eg på med eit evig slankeprosjekt av spraglegarnlageret mitt.
Rillestrikka tovavottar. Besta fekk eit par med lilla til jul og andre juledag ringde onkel og lurte på om eg kunne strikka eit par til han også. Han hadde prøvd besta sine og det var dei beste vottane han hadde hatt på seg i sitt liv. Slikt varmar eit strikkehjarte, så sjølvsagt la eg opp til vottar. Han sa at det ikkje hasta med å få dei ferdig, men no er jo vottesesongen snart over, så eg bør få pinnane i gir.
Mariusgensar til vetlesøster. Ho har ønskt seg marius i fleire år, så eg fann ut at no måtte ho få ein. Garn og lovnad om ferdig gensar vart julegåva hennar i fjor. Strikkinga gjekk radig fram til eg skulle til på mønsteret. Då måtte eg mota meg opp i eit par veker. Då eg var klar og begynte, gjekk mønsteret unna også, men så mista eg ned ti masker og saman med dei forsvann piffen heilt. No trur eg søster tykkjer at ting tek tid her, så planen er å få gensaren ferdig til påske.
Rillestrikka lappar til tepper. På bloggen til Bea såg eg at ho strikka lappar til Ull&Omtanke. Eg tykte dette såg ut som eit knakande flott prosjekt og heiv meg med. Så enkle og små lappar er jo strikka på 10 minutt, så dette er noko alle kan klara. Eg har funne fram posen med restegarn og strikkar ein lapp no og då. Planen er å strikka lappar fram til påske og så senda haugen avgårde då.
Dette var dei prosjekta som er på pinnane akkurat no. Haugen med UFOar som ligg i skapet og skrik er eit anna kapittel.
tirsdag 11. september 2012
!@#$%&? / evt. finn ein feil
Det er heller regelen enn unntaket at plagga eg strikkar etter oppskrift ikkje vert heilt 100 % som dei skal. Sidan eg er av den late typen orkar eg aldri å rekkja opp att for å ordna feilen. Plagga vert stort sett brukbare.
Men i dag må eg rekkja opp. Eg har gjort min aller største strikkefeil. Ein feil eg ikkje kan oversjå. Ser du kva som er gale?
Feilen vart først oppdaga då eg hadde strikka så langt at eg skulle dela til ermer. Eg FATTAR ikkje at det er mogleg å strikka ein fjerdedels gensar utan å merka at eg kun har TRE raglanaukningar! G A H !
No vert heile skiten trykt langt bak i skapet til fadesen er gløymt. Som trøyst må eg nesten leggja opp til eit nytt prosjekt, ikkje sant?
(Eg var så sur at det einaste biletet eg tok vart elendig. Fargen er mykje finare i verkelegheita. Varm, djup grøn. Og håpet er at gensaren ein gong skal gjenoppstå frå dei evige UFO-marker, men det vert mest sannsynleg ikkje i løpet av denne sesongen, som eg skreiv i forrige innlegg).
Håpar du har ein god dag og at strikketøyet ditt oppfører seg slik som det skal!
søndag 26. august 2012
Egostrikk
Som eg skreiv i forrige innlegg, så har eg fått sansen for å strikka plagg til meg sjølv.
Akkurat no held eg på med A million stripes loop i diverse restegarn. I vår strikka eg meg ein gul alpakkahals, men han vart altfor stor og tjukk, så han vert nok liggjande ubrukt i skuffa. Denne derimot kjem til å verta mykje brukt. Tynn og lett som ei fjør, men likevel varm og god.
Eg strikkar i diverse restar av totrådsgarn; Shetland soft (blå, turkis og mørkegrå), Holst (kvit) og New Zealand lammeull (lysegrå og petrol). Litt usikker på om eg skal ha med to fargar til (ein endå kvitare og ein annan blåfarge) – det må eg ta opp til vurdering når eg er ferdig med neste stripeblokk.
I tillegg har eg starta på ein gensar, Big Alfred’s. Gensaren er eigentleg til menn, men eg fall pladask og det bryr meg midt bak at det er ein herregensar. Eg trur han vert vel så fin til damer også.
Garnet er DSA Hverdags, eit av mine nye favorittgarn. Det er så mjukt, så mjukt og akkurat passe tjukt. Relativt rimeleg er det også. Dobbel tråd på pinne nummer 5 går radig.
Dessutan er lista over kva eg har lyst til å strikka l a n g (i hvert fall i forhold til mitt strikketempo, evne til å gjera ferdig ting og tilgjengeleg strikketid).
Målet er i alle fall at desse to prosjekta skal verta ferdig før ullsesongen er over, så vil tida visa kor mykje meir eg rekk å strikka til meg sjølv.
Håpar du nyt siste del av helga!