Den store guttestrikkeboka av Charlott Pettersen er absolutt ei av favorittstrikkebøkene mine. Oppskriftene viser verkeleg at det enkle ofte er det beste. Fleire av plagga er enkle i form og fasong, men akkurat denne enkelheiten gjer det stilfullt og lett å kombinera dei ulike plagga. Alt etter kva garn og farge ein vel, kan ein variera den same oppskrifta i det uendelege og få ulike uttrykk på dei ferdige plagga.
Shortsen har eg strikka fleire av før, men 70-talsjakka var ny på pinnane. Jakka er ei enkel jakke med raglanfelling og vrangborder. Ein kan også velja rillestrikk på bordene, men eg valde ribbestrikk for best passform.
Jakka er i strikka i Sandnes Duo og det gjekk med 156 gram i størrelse 1 år, som er den minste størrelsen. Eg strikka eit par centimeter ekstra på bol og ermer, så viss ein føl oppskrifta slavisk held det nok med tre nøster. Kantane er strikka med pinne 3 og resten av jakka med pinne 3,5. Resultatet vert ei lett og passe tjukk jakke som eg vil tru passar perfekt til alle anledningar året rundt.
Shortsen er strikka i Sandes alpakka. Det gjekk med 82 gram i størrelse 1 år. Eg har gjort litt endringar frå oppskrifta, på same måte som eg gjorde på den rosa shortsen i
dette innlegget. Sidan eg tykkjer det er finare med ein rett modell enn ein posete, droppa eg aukingane etter vrangborda i livet. Sidan eg ikkje auka slik som i oppskrifta, hadde eg heller ikkje så mange masker til kvart bein og eg felte derfor ingen masker før eg strikka vrangbordene rundt beinopningane.
Snora i livet er strikka på gamlemåten, sidan strikkemølla mi ikkje vart med på sommarferie. For å få ei tynn, tett og stødig snor brukte eg pinne nummer 2.
For det vetle ekstra fekk jakka seg eit heimalaga-merke i nakken.
Eg tykkjer det glatte og godt definerte ull- og bomullsgarnet i jakka passar perfekt saman med det hårete, tweedfarga alpakkagarnet i shortsen. Altså eit sett eg er strålande fornøgd med og som lett seglar inn på lista over det finaste eg har strikka, sjølv om det er så enkelt.