Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

fredag 22. juli 2011

Oppussing pågår, del 2

No var det endeleg kista sin tur. Eg er mektig lei av furufarga møblar, så også denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP9724 (2)

Denne gongen brukte eg fargen Siv frå Jotun Sens. Ein litt ubestemmeleg grøngrå farge som skiftar veldig etter lyset og kva fargar som er på møblane attmed. Men fin er den så absolutt.

IMGP9729 (2)

Sidan treverket var behanda vaska eg først med grønsåpevatn, så pussa eg ned med fint sandpapir. Etterpå grunna eg to strøk med vanleg sperregrunn før eg målte to strøk med vanleg måling. 

Kista har fått plass ved sidan av Fretexfunnet mitt. Eg berre elskar den stolen! Skikkeleg gladstol. Han skal også få seg litt pleie, men det vert ikkje før litt seinare.

IMGP9737 (2)

No har eg målt det eg skal måla og eg har kjøpt og skrudd opp ny bokhylle, så no står det att berre eit par småting før eg er ferdig med prosjekt oppussing av barndomsrommet.

Del 1

mandag 16. mai 2011

Oppussing pågår

Rommet mitt heime hjå opphavet er ikkje akkurat innreidd med stil. Litt diverse trefarga møblar og ei skranglete, knallblå hylle frå barndommen er ikkje heilt meg. Difor har eg bestemt meg for at rommet skal verta nytt. Måling, grunning og kostar vart innkjøpt og eg sette optimistisk i gong.

Første møbel ut var kommoden som bestefar har laga. Ein skikkeleg solid og flott kommode, men svarte krusedullar teikna av ein ung kunstnar var ikkje akkurat fint, så denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP8877 (2)

Sjøgløtt frå Jotun Sens. Fiiin blålysturkisgrøn farge.

IMGP8884 (2)

Ei målt skuff og ei skuff med to lag kvit sperregrunn.

IMGP8886 (2)

Og slik vart resultatet. Meget bra! Fargen er akkurat slik eg har sett for meg og eg er særdeles lukkeleg.

IMGP8901 (2)

IMGP8902 (2)

No ventar berre resten av møblementet på at eg skal få sommarferie og god tid til å svinga målarkosten.

God 17. i morgon!

søndag 20. februar 2011

Skruhelg

Nevenyttige pappa på besøk må sjølvsagt nyttast på best mogleg måte, så no har eg fått reparert det som skulle reparerast og skrudd det som skulle skruast.

Bileta talar vel for seg sjølv.

IMGP8428

IMGP8430

257 (!) pluggar, skruer og dingsar seinare:

IMGP8437

Ute er det snø, blå himmel og sol. Typisk at søndagen då må brukast på jobb. Men før jobbinga har eg rukke å nøsta litt garn som skal verta til ein liten ulldress.

IMGP8433

Til jul skal nøstemaskin definitivt stå øverst på ynskjelista.

Håpar du har ein flott søndag!

lørdag 28. august 2010

Med hale kort og med nese stor, det beste troll som fins på jord

Medan venninne mine samlar på Hardangerbestikk og Rosendahl, samlar eg på Mummikoppar.

IMGP8033

Samlinga tel no 24 koppar, men eg manglar framleis fire stykkjer og det kjem stadig nye, så det stoppar nok ikkje her.

søndag 4. oktober 2009

Fretexfunn

Denne skatten av ein stol fann eg på Fretex på Voss. Då eg kom inn døra skreik han “KJØP MEG!”. Og som sagt, så gjort. Latterlege 125 kroner og herlegheiten var min. Utan å verken prøvesitja eller måla om han faktisk gjekk inni bilen min først.
Eg fekk han heldigvis inni bagasjerommet etter litt trykking og godsnakking. Sikta ut bakruta på resten av heimatturen treng me derimot ikkje prata høgt om. Det same med at han rett og slett er vond å sitja i.

Men kva gjer vel det når han er så herleg i seg sjølv? Ein finfin pyntestol. Det treng alle.

IMGP6552IMGP6556IMGP6568