Eg treng litt hjelp av deg, kjære lesar.
Eg har strikka ein dress som skal vera julegåve. Saman med dressen skal jenta få hue, vottar og sokkar (ikkje ferdige). Dressen er mellomgrå og det andre er raudt - ein skikkelig fin, varm, djup raudfarge.
Så, kva slags knappar skal eg velja til dressen?
Alternativ 1:
Kvite knappar med raude kattar. Kattane har ulikt mønster på magen.
Alternativ 2:
Raude plastknappar med kvite kattar. Eg har berre tre stykkjer, så dette alternativet er avhengig av at eg finn tre til på butikken.
Alternativ 3:
Svarte kattar med raud sløyfe rundt halsen.
Alternativ 4:
Både raude og kvite knappar med ulikt mønster.
Kva tykkjer du er finast?