Lageret flyt over av garn, så eg prøver å få brukt opp litt restar og einslege nøster innimellom. Resultatet vert ikkje alltid like lekkert, men plagga varmar uansett. I haust trengte eg eit enkelt spøt til lesepausane. Etter inspirasjon frå
Annepålandet fall valet på
ambitus.
Mønsteret var veldig enkelt - rett, vrang og nokre aukingar her og der. Eg grov fram restegarn som passa til pinne 4 og strikka til eg var lei.
Søster meiner at dei liknar på juletretepper, men det er altså halsar. All ribbestrikken gjer at dei passar til dei fleste og legg seg fint rundt skuldrane uansett om ein er smal eller brei. I kalde vintermånadar (som me ikkje har så mange av) er det godt med litt varme utover skuldrane og brystet også. Dei er ikkje akkurat finhalsar til bybruk, men passar vel betre under vinterjakka når ein er på tur med hunden, for eksempel. Sjølve halsen kan ein anten ha enkel og høg opp til munnen, eller nedbretta.
.jpg)
Den brune og beige er strikka i enkel tråd Schachenmayr nomotta extra merino (brun) og Lima (beige). Limaresten rakk akkurat ikkje til dei siste omgangane, så då måtte eg spe på med litt Shetland soft, lagt dobbel. Fargen var heldigvis ganske lik merinoen, så det visar ikkje så godt at det er to typar brunt garn. Den blå er strikka i ein tråd Drops alpakka og ein tråd DSA babysilk. Den blå, svarte, kvite og grå er strikka i ein tråd Drops alpakka heile vegen + babysilk, DSA fin, Sandnes alpakka og babyull. Altså tre skikkelege restegarnsplagg.
Heile 600 gram, av dei mange små restar forsvann ut av lageret. Det er fantastisk å få rydda opp litt. Forhåpentlegvis vert det litt av det også i løpet av 2015.