lørdag 14. februar 2015

Restegarnsstrikk #2

Eg held fram med lagerslankinga mi, sjølv om det ikkje går så fort nedover. Det første eg vil verta kvitt er alt restegarnet. Eg grov derfor fram diverste restar og enkle nøster av Finull og PT2.


Eit kjapt og enkelt prosjekt er dei rillestrikka vottane frå Strikk til nøstebarn. Med dobbelt garn og relativt tjukke pinnar går det fort å strikka ein liten vott. Det vart fire par før eg var lei av vottestrikking. Desse har eg tenkt å senda til juleflyinnsamlinga, som du kan lesa meir om her.


Finull og PT2 er litt tjukkare enn Nøstebarn sitt totrådsgarn, som er brukt i oppskrifta, så vottane vart nok litt større enn 3-5 år. Men, men. Tjukke, varme vottar i rein ull er godt å ha uansett kor gammal ein er.


Då er det berre ein nesten full plastkasse med restegarn att. Sukk.

6 kommentarer:

mimouna sa...

De vottene kommer nok godt med uansett størrelse. :)

Smiler litt av restegarnkassen din. Den er så liten og søt. I alle fall etter min målestokk, hihi. Men restegarn er jo gøy da!

Monstermønster sa...

Kjekt å bruke finull og pt2 til votter, det er godt vottegarn!

Martine sa...

Så flink du er å bruke restegarn! Finull og pt2 er mine favorittgarn, så jeg skulle nesten ønske jeg hadde mer rester av det ;)

Ull verdt sa...

Supre votter å sende med juleflyet! Barnevotter er jo så nær det ultimat perfekte restgarns-prosjektet man kan komme :)

Ina sa...

Superfine restevotter. Jeg digger slike prosjekter der en jeg får brukt av lageret, bare synd det går så lite garn på votteparet... ;-)

LisaM sa...

Kanskje det er dette jeg skal bruke noe av restene mine til... Supersøte votter:)