Viser innlegg med etiketten Skattejakt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skattejakt. Vis alle innlegg

søndag 4. oktober 2009

Fretexfunn

Denne skatten av ein stol fann eg på Fretex på Voss. Då eg kom inn døra skreik han “KJØP MEG!”. Og som sagt, så gjort. Latterlege 125 kroner og herlegheiten var min. Utan å verken prøvesitja eller måla om han faktisk gjekk inni bilen min først.
Eg fekk han heldigvis inni bagasjerommet etter litt trykking og godsnakking. Sikta ut bakruta på resten av heimatturen treng me derimot ikkje prata høgt om. Det same med at han rett og slett er vond å sitja i.

Men kva gjer vel det når han er så herleg i seg sjølv? Ein finfin pyntestol. Det treng alle.

IMGP6552IMGP6556IMGP6568

mandag 22. juni 2009

Bokbybesøk

Søndagsturen gjekk til Bokbyen i Fjærland. Målet var plantevandring med innlagt kjøkenøkt. Pesto, småkaker og te av “ugras” vart resultatet, men eg veit ikkje om det vert faste rettar i heimen.

Eg er mest nøgd med at eg fann to hefter med herrevestar. Bestefaren min sine syng på siste verset, så eg har store planar om ny garderobe til han. Då passar desse oppskriftene fint. 10 kroner for stykkjet, plukka frå retrokorga. Den eine er for Fritidsgarn og den andre for Peer Gynt.

IMGP5253

I tillegg fann eg billige interiørblad og tre bøker.
Ian McEwan – Sementhagen, Gerd Nyquist – Avdøde ønsket ikke blomster og Patrick Süskind – Historien om herr Sommer.

IMGP5241

Historien om herr Sommer inneheld nydelege illustrasjonar. Det er nesten så eg vil spikra heile boka opp på veggen heime.

Illustrasjon

Dessutan fann eg blomster i Fjærland også:

IMGP5164

IMGP5193

Alt i alt ein veldig fin tur. Eit besøk i bokbyen anbefalast verkeleg! 200 000 brukte bøker, så du finn garantert noko for deg.

lørdag 20. juni 2009

Ny investering

Mjau

Ny vekst i hagen

20 nye knappar er på plass i samlinga. 10 med søte kattepusar og 10 med knallstilige soppar – igjen frå favorittknappepusharen.

Dessutan har ho masse herleg stoff også. Denne biten hadde eg eigentleg tenkt å laga knappar av sjølve, men det er så herleg fint at eg har ikkje lyst til å klyppa i det. Eg trur det får liggja ei stund til eg finn noko eg kan sy av det. Kanskje eit putetrekk eller to?

Bilkø

Lageret veks og veks og veks, men ein treng jo litt utval når ein har så mange prosjekt på planleggjaren. Tida til å gjennomføre alle pratar me ikkje om ;-)

mandag 15. juni 2009

(G)ullskattar

Etter at strikkekarrieren min vart nettbasert har eg fått augene opp for litt anna garn enn berre raggegarn frå Sparkjøp. No ramlar det inn tråd frå alle krokar og krikar i verda, det eine nøstet meir fantastisk enn det andre.

IMGP5125

New Zealandsk lammeull er ein av favorittane. Garnet er billig, har mange flotte fargar og er fantastisk godt å strikka med. Betre kan det ikkje bli.

Og så har eg oppdaga eit nytt sokkegarn; Zauberball frå Schoppelwolle. Mildt sagt nydelege fargar. Nøstene MÅ sjåast i verkelegheita. Fargane og overgangane mellom dei kan ikkje beskrivast på nett, verken med bilete eller ord. Dette skal så avgjort verta berre miiine sokkar!

IMGP5129

IMGP5127

IMGP5130

Det finst mykje herleg norsk garn også. Mmmjuk og herleg alpakka kan ein ikkje gå forbi, og i hvert fall ikkje når garnet er på sal.

Lukke KAN kjøpast for pengar.

torsdag 11. juni 2009

Nytt på nytt

Lønning og bytur =svidd bankkort. Denne gongen vart det kjøkenet som fekk fornya seg.

IMGP4995

Kvitskålkollasj

IMGP4989

Ein blå kopp og tre ulike skåler – alt frå Indiska. Veldig fin butikk som har altfor mykje fint.

fredag 5. juni 2009

Påfyll

I dag fekk eg pakke med 22 fantastiske stoffknappar, kjøpt hjå den nye knappefavorittbutikken. Eg har ikkje superlativ nok til å beskriva knappane, så eg let bileta tala for seg sjølv.

IMGP4970

IMGP4971

IMGP4974

søndag 24. mai 2009

Skattejakt

To fantastisk flotte dukar som skal få plass på stovebordet heime i Bergen eller bli sydde om til putetrekk – litt usikker, men fine er dei i hvert fall!

IMGP4795

IMGP4796

To nydelege boksar også. Desse skal få hedersplassen på kjøkenbenken.

IMGP4792

Boksar

søndag 29. mars 2009

Har ein klave, får ein ku

Nydelege knappar som saman med ein aukande samling berre ventar på at jakkar og gensarar og andre knappetrengande plagg skal strikka seg ferdig sjølv.

IMGP3731-q