Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

torsdag 15. desember 2011

Hugs småfuglane!

Vinteren er lang og vanlegvis kald, så det er jammen ikkje lett å vera liten fugl i desse dagar. Difor er det lurt å henga ut mat til dei små fjørballane.

Eg har laga fuglemat sjølv, men kjøpt er supert også. Det fine med den heimelaga er at han inneheld mykje feitt, noko som gir meir energi gjennom dei kalde månadane.

Det er mykje du kan bruka, pass berre på at det ikkje inneheld salt eller sukker. Eg har brukt kokos, korn (havre, bygg, kveite og rug), puffa havre, fuglepeanøtter, solsikkefrø og hasselnøtter. Tomme yoghurtbeger (vaska) er supert til å laga maten oppi. Gjenbruk og matklumpen er lett å få ut når han har stivna. Fest ein tråd i botn av begeret og fyll oppi med frø/korn/nøtter. Smelt feitt (f.eks delfiafeitt eller matfeitt) og tøm over. Pass på at all maten vert dekt med feitt. Så set du begera kaldt til det stivnar.

IMGP0407 (2)

Då vert det sjåande slik ut. Det er berre til å dra klumpen forsiktig ut etter tråden og henga opp ute. Fuglane her elskar det!

IMGP0410 (2)

I tilegg har eg hengt ut solsikkefrø, meisebollar, nett med fuglepeanøtter, fuglepellets og kokosnøtt med fyll.

IMGP0412 (2)

Det kostar ikkje mykje for ein sekk med solsikkefrø eller eit spann med meisebollar, så det er berre til å springa på butikken og kjøpa. Du får mange takknemlege fuglar på besøk.

Hugs på at dersom du har begynt å mata fuglane, må du halda fram heile vinteren.

onsdag 10. august 2011

Sommaren på flaske

Eit stort spann med rips.

IMGP9772 (2)

Og endå litt meir rips frå frysaren.

IMGP9776 (2)

Bittelitt blåbær, berre fordi det var det einaste me fann den dagen og blåbær er for fint til å kastast.

IMGP9774 (2)

Solbær. Kunne godt ha vore meir, men fuglane har ete opp resten.

IMGP9777 (2)

Og eit heilt spann med frosne villbringebær frå i fjor. Rett bak gata vår er det det villbringebærparadiset. Heldigvis for oss er det ingen av naboane som bryr seg.

IMGP9779 (2)

Ha alt saman oppi ei stooor panne saman med litt vatn i botn. Kok lenge og endå litt lenger, sil og kok opp att med så mykje sukker som du tykkjer er nok.

IMGP9780 (2)

Vips, så har du sommaren på flaske, klar til å nytast ein kald og grå vinterdag.

IMGP9783 (2)

fredag 27. mai 2011

Hurra!

Ein 20-årsdag og ein 60-årsdag i familien må jo feirast med muffins. Brune og gule, pynta med melis og sjokoladeglasur, nonstop, kakestrø og sjokoladehjarter. Rett nok ikkje på same muffinsen, det hadde vorte litt mykje. ;-)

Då er det berre til å håpa på at bakverket fell i smak hjå den eldste jubilanten. Den yngste får heller venta til sommarferien dersom ho ynskjer seg muffins.

IMGP9023 (2)

Det er ikkje ofte eg får til så fine muffinsar. Akkurat passe mykje deig oppi kvar form, akkurat passe mykje steikt, ingen vulkankrater og heilt fantastisk smak! (Sjølvskryt er bra når det er fortent. ;-))

Eg har definitivt funne mi favorittoppskrift. Dette er tredje gongen eg brukar ho og alle tre gongane har eg fått til muffins som både ser ut som og smakar som muffins. Jippi! Denne skal skrivast inn i kokeboka mi.

---

Håpar du får ei nydeleg helg!
Her ser det ut som om sola er på veg tilbake, så eg skal ut og innvia solstolen min som eg typisk nok kjøpte dagen før regnet kom.

fredag 25. mars 2011

Endeleg helg

Etter ei slitsam veke er det jammen godt å vita at det er fri i to heile dagar. Og endå betre er det når dei to dagane skal tilbringast hjå besta. Eg gler meg til to late dagar med fisking, tur med hunden og kanskje ein yndlingsmiddag eller to.

På strikkefronten har eg fått dilla på å strikka kjøkenklutar. Babyjakkar som var den store dilla for to helgar sidan, er no gørrkjedeleg og heile fire (!) bolar ligg i strikkekorga og ventar på ermer. Men der ligg dei godt, for no er det klutstrikk som gjeld. Sidan bomullsgarnlageret mitt var ikkje-eksisterande for eit par dagar sidan bar det ut på handling. Og i kjent stil klarte eg ikkje å begrensa meg, så då vart det med heim nøster i omtrent alle fargane som var på garnbutikken.

IMGP8556

Det er jo kjekt med litt variasjon i fargane når det berre går i ein rett, ein vrang. Dessutan er klutane tenkt som gåver, då er det jo viktig å ha fargar som kan tilfredsstilla ein kvar smak. Planen er at eg berre skal ha med klutstrikkinga mi på tur, så då vert det forhåpentlegvis litt færre nøster og litt fleire klutar når helga er ferdig.

Sidan eg har vore uvanleg effektiv med ryddinga og vaskinga i dag vart overskotstida brukt til litt baking til helga. Til bursdagen fekk eg likt forkle som kjøkenhjelparen min, så no er det verkeleg stil over bakinga her.

Bakst

20 rundstykkjer og ei krydderkake (som eg sjølvsagt gløymte å ta bilete av) er resultatet av eit par timar som husmor. Rundstykkje- og bollebaking har aldri vore mi sterkaste side – deigen er jo umogleg å dela i nøyaktig like store delar. For eit petimeter er ikkje det lett å leva med, så eg fann ut at det beste var å vega heile deigen, dividera på antal ønskte rundstykkjer og måla opp i passelege bitar. Moglegens litt skada av medikamentrekning heile veka. Resultatet er LIKE STORE og heilt perfekte rundstykkjer! Denne strategien skal definitivt brukast neste gong også.

No skal eg smørja meg eit rundstykkje, plassera meg i sofakroken og berre nyta resten av fredagskvelden.

Håpar du også har ein flott fredagskveld. Nyt helga!

tirsdag 28. juli 2009

Mmmm …

IMGP5933

IMGP5945

… søte, gode villbringebær rett frå buska smakar perfekt.

søndag 5. juli 2009

Smaken av sommar

IMGP5305

Ingenting smakar så godt som solmodne jordbær rett frå hagen, og med mjølk og sukker på er det tidenes beste dessert.

IMGP5310

IMGP5314

onsdag 4. mars 2009

Mmmsmoothie

No er det vår i Bergen – sol, fuglekvitter og snøklokker i blomsterbedet. Smoothie høyrer våren og sommaren til, så då var det fram med blendaren og frosne bær frå frysaren.

Akkurat passe mange djupfrosne bringebær, ei halv banan, eit beger med Yoplait jordbær/appelsin og ein bitteliten skvett med appelsinjus miksast i blendaren og vips, supergod smoothie!

Mmmmsmoothie