onsdag 12. mars 2014

Påfyll

Sokkar er liksom min ting. Då strikkinga vart ein hobby for omtrent seks år sidan, var det sokkar eg starta med. I løpet av åra har det vorte så mange par at eg mista teljinga ein gong i løpet av hausten 2011 (i følge Ravelry), men eg vil tru det er over 200 par. Eg har cirka 10 sjølv, resten har familie og venner fått.

IMGP1329 (2)

Eg lærte meg heilt enkle ribbestrikka sokkar med mamma sin litt spesielle hæl, men i løpet av åra har eg utvida horisonten. Etter litt rot med veldig avanserte mønstersokkar har eg funne ut at det enkle er ofte det beste når det kjem til familien min. Dei brukar sokkane året rundt, både rett på foten som innesokkar og ute i gummistøvlane. Slitasjen er stor, så eg strikkar og strikkar og strikkar. Bursdagar og jul betyr alltid innhogg i kassa med ferdige sokkar, så no var det på tide å fylla på att.

IMGP1320 (2)

Seks par fekk eg ferdig før eg fekk lyst til å strikka noko anna.

Gult par = Perfect.
Rosa par = Regia silk, 6-tråds.
Kvitt par = Sterk.
Turkis par = Sterk.
Grått par = Sterk.
Gråblåmelert par = dobbel tråd Fabel.

Eg held på med garnslanking, så eg prøver hardt å bruka av sokkegarnlageret mitt. Etter alle desse sokkane har det minka, men eg har nok til minst tre par endå + restegarn til sikkert like mange.

søndag 12. januar 2014

På pinnane

I år har eg bestemt meg for å ikkje ha så mange prosjekt på pinnane samtidig. Difor har eg gjort ferdig ein del UFOar, eg har funne ein liten haug eg skal rekkja opp og eg har vore veldig flink til å strikka ferdig det eg har lagt opp til sidan juleferien.

Hovudprosjektet mitt akkurat no er huer til SAS sitt julefly. Det kan du lesa meir om her.

I tilegg til det over har eg også bestemt meg for å slanka garnlageret i år. Først ut er alpakkalageret. Dei siste åra har eg mista litt sansen for rein alpakka. Eg likar mykje betre ull/alpakkablandingar, så då fann eg ut at alpakkahaugen er fin å starta med. Eg har to-tre nøster i mange ulike fargar, altså passar lageret best til småplagg. For å få litt fart på slankinga brukar eg to trådar saman. På desse fire huene har eg brukt ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA tynn alpakka. Resultatet vert tjukke og varme huer, perfekt i eit veldig kaldt vinterland.

IMGP1296 (2)

Eg har også eit par med sokkar på pinnane. Planen er som sagt å berre ha eitt prosjekt gåande, men på veg til eit besøk før helga kom eg på at eg ikkje hadde pakka med meg huestrikketøyet. Då måtte eg innom strikkebutikken og kjøpa garn og pinnar. Sokkar er det alltid bruk for i familien, så då vart det eit fornuftig val trass i både garnslanking og eittprosjektplanen.

IMGP1298 (2)

Sokkane reknar eg med å få ferdig i kveld. Eg har att eitt nøste DSA tynn alpakka, to nøster Hverdags og fem nøster Sandnes alpakka, så det vert fleire huer før haugen er tom.

fredag 3. januar 2014

Strikking på Instagram #2

Som skreve tidlegare har Instragram teke over for bloggen, men no vil eg prøva å få bloggen opp og gå igjen, så då kan eg jo dela det eg har strikka under bloggepausen.

babystrikkteppeglede

1. Babyhuer og sokkar frå All you knit is love og Strikk til nøstebarn. Bittesmå prosjekt, strikka i Shetland soft og nz lammeull.
2. Hunden fekk seg nøstebarnsteppe i restar av nz lammeull. Så glad vart han for det.

skappelsokkebestilling

3. Skappelgensar, den spede start. Leenge etter alle andre fann eg ut at ein skappelgensar hadde vore godt å ha. Eg strikkar min mykje smalare enn originalen. Ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA faerytale. Skikkeleg luksusgensar.
4. Venninna til mamma bestilte sokkar. To par damesokkar. Det eine vart strikka i lilla PT5, det andre i beige Sterk. Standard vaffelsokkar, som eg har strikka sikkert 50 par av.

garnhuer

5. Skuffa med nz lammeull. Fantastisk garn i fantastiske fargar. Skikkeleg gladskuff.
6. Ei stund var eg hekta på å strikka huer med vri. Dette er dei tre første. Til saman vart det ni stykkjer. strikka i dobbel nz lammeull på pinne 4.

minimariusmorgonstrikk

7. Minimarius. Eg har så lyst på ein til meg sjølv i akkurat desse fargane, men det var den tida, då.
8. Litt sokkestrikking på altanen ein tidleg sommarmorgon før eg skulle på jobb. Morgonsol, varmt og grønt og frodig i jungelen til mamma.

guljakkesokkeplanlegging

9. Pickles hadde sal på det nye garnet sitt, pure wool, så eg bestilte nokre nøster til ein jakke. Igjen så er det den tida.
10. Eit forsøk på å laga eige sokkemønster der eg skulle bruka opp restar. Det gjekk ikkje så bra, så mamma fekk alle restenøstene til heimlaussokkane sine.

Det var litt av det eg har dreve med sidan sist.

torsdag 2. januar 2014

Feriestrikk

Juleferiestrikketøyet i år var ei bukse og ein jakke. Tidlegare i haust kjøpte eg meg dei populære oppskriftsheftene til Lene Holme Samsøe og Susie Haumann. Eg har ikkje hatt tid til å strikka noko særleg frå dei (berre ei hue og eit par med sokkar), men no hadde eg to heile veker med mykje strikketid, så då vart det to av favorittane som kom på pinnane.


Buksa er frå Babystrik på pinde 3. Eg brukte Hverdags, eit av mine absolutte yndlingsgarn. Relativt billig, nydelege fargar og ein perfekt blanding av ull og alpakka. Som heftet seier er alle oppskriftene strikka med pinne 3, men sidan eg strikkar litt laust brukte eg 2,5 på heile buksa. Eg brukte masketalet til størrelse 3 mnd, men lengda til 6 mnd. Eg strikka også vrangborda oppe litt lengre, slik at buksa forhåpentlegvis kan vara ei stund. Det gjekk med akkurat to nøster.


Eg fann eit fint stempel og merkelappar på Søstrene Grene. På baksida har eg skreve kva plagget er strikka i og vaskeanvisning. Det er jo grei informasjon å få med eit plagg.


Jakka er Grys jakke frå All you knit is love. Denne er supersøt! Ei skikkeleg god og tjukk jakke som eg vil tru er perfekt som ytterste lag på kalde vinterdagar.


Jakka er strikka att og fram, frå erme til erme og sydd saman i sidene og under ermene etterpå. Eg er vanlegvis ikkje så glad i plagg som må syast saman, men det gjekk overraskande greit. Sidesaumen vart faktisk ganske fin, tykkjer eg. Denne gongen var eg utruleg nok flink til å festa trådane og sy saman med ein gong eg hadde felt av.


Hetta vert strikka til slutt. Ein plukkar opp maskar langs halskanten og strikkar att og fram medan ein aukar ut på sidene og midten. Så fordeler ein maskane på to pinnar og strikkar saman og feller med ein tredje pinne. Ein ny og artig teknikk.


I nakken sydde eg på ein av lappane mine, frå Minanamnband. Ein fin liten detalj.


Jakka er strikka i Mitu, endå eit favorittgarn. Eg er visst veldig glad i ull/alpakkablandingsgarn. Dette er litt tjukkare enn Hverdags. Eg brukte pinne 3,5 mm og det gjekk med nesten 5 nøster i størrelse 0-9 månadar.

No er det sokkar som står på lista. Gåvekassa er nesten tom etter jula, så ho treng påfyll før bursdagssesongen i familien startar. I tillegg har eg planar om minst eitt par til Badegakk sitt heimlaussokkeprosjekt.

onsdag 1. januar 2014

Nytt år, nye moglegheiter

Det har ikkje vorte mykje blogging det siste halvåret. Eg har strikka jamnt og trutt, men fotograferingstid og bloggelyst har ikkje vore på plass. No håpar eg at det er på veg til å snu. Mesteparten av det som eg har strikka ferdig sidan juli vart pakka inn og gitt vekk før eg fekk teke bilete av det, men noko har eg fått dokumentert.

Først ut er undertrøya mamma fekk. Her vist på ei smal vetlesøster, så trøya er ikkje fullt så skrukkete på mamma.


Ho fekk ein singlet til jul for nokre år sidan og no ønskte ho seg ein ny. Denne gongen fann eg ut at eg skulle strikka med ermer, så vert det litt varme på armane og.

Eg tok utgangspunkt i to oppskrifter frå Strikk til nøstebarn. Undertrøya med ermer skulle strikkast i dobbelt garn på tjukke pinnar og undertrøya med enkelt garn hadde isydde ermer. Sidan eg ville ha ei trøye i enkelt garn på tynne pinnar med raglanfelling, blanda eg dei to oppskriftene. Resultatet vart heilt greit. Trøya er litt trang under armane, men det går forhåpentlegvis an å strekka ut etter vask.


Garnet eg har brukt er Shetland soft. Litt ubehageleg lukt, men fantastisk godt å strikka med og resultatet vert utruleg lett, luftig og varmt. Det gjekk med berre 100 gram, så det er eit veldig drygt garn. Pinnestørrelsen har eg sjølvsagt gløymt, men eg vil tru at eg brukte 3,5 mm.


To rett, to vrang i ei lita æva og vips, så har du ei fantastisk varm og god undertrøye. Perfekt som innerste lag på kalde dagar.

fredag 5. juli 2013

Pausestrikk

Medan eg ventar på at strikke- og bloggelysta skal komma tilbake, har eg strikka litt sokkar. Det er enkel strikking som ikkje krev så mykje konsentrasjon eller innsats - altså det perfekte innimellomspøt. Gåvekassa treng alltid påfyll av sokkar også.

IMGP1230 (2)

Frå februar og ut april vart desse para strikka. 11 par, men fem er allereie gitt vekk i bursdagsgåver.

IMGP1241 (2)

Garna eg har brukt er Viking alpaca sport (grusomt!), Perfect (fekk tømt lageret for den sorten), Sterk, Regia 6-tråds (fantastisk godt!), Hot socks cuba og Järbo mellanraggi.

Den siste tida har eg strikka ferdig to nye par + tre enkle sokkar som manglar make. Planen for sommaren er at eg skal verta ferdig med julegåvesokkane. Etter ein rask oppteljing i gåvekassa har eg snart 12 ferdige par, så eg er på god veg.

onsdag 26. juni 2013

Pausefisk: mikrolån

Bloggen har teke laaang sommarferie, men eg må berre kjapt innom for å skriva om den fantastiske nettsida eg kom over i dag – Kiva. Her kan du låna ut 25 dollar til folk som av ulike grunnar treng pengar, for eksempel til å driva landbruk, starta ei bedrift eller ta utdanning. Akkurat no deler Kiva ut gratis prøvelån (finansiert av ein sponsor), så du treng ikkje betala noko sjølv for å prøva opplegget.

Mitt gratislån gjekk til ein senegalsk bonde med det sjarmerande namnet Hyacinthe. Han har ein stor plantasje der han dyrkar mango, appelsiner og cashewnøtter. No treng han eit lån, så han kan starta med vannmelonar også.

Viss du klikkar deg inn på sida via min link, http://www.kiva.org/invitedby/ninni5652, så får eg eit gratislån også. Og det er jo fint, for då er det endå ein person som kan få hjelp.

tirsdag 9. april 2013

Miks og triks

I år hadde eg store planar om å strikka eit skikkeleg fint blondesjal i bursdagsgåve til mamma. Eg fann oppskrift på eit som ikkje såg så altfor vanskeleg ut, men likevel var det litt meir elegant ein eit vanleg rillesjal, som ho har fått før.

IMGP1208 (2)

Hovuddelen med 1 rett, 1 rett, 1 rett gjekk radig unna. På tredje omgang av holstrikkmønsteret oppdaga eg at eg hadde laga eit kast for mykje på første omgang, så mønsteret gjekk ikkje opp. Med fleire hundre masker på pinnane forsvann all piffen. Eg hatar å rekkja opp, så eg bestemte meg for å gjera det beste ut av situasjonen. Redninga vart ein enkel blondekant, av typen som er på det populære Camomillesjalet.

IMGP1200 (2)

Endemaskane på kanten og på sjalet strikka eg saman, så eg slapp både avfelling og samansying. Eg hugsar ikkje heilt kvar eg fann oppskrifta, men eg trur eg googla strikket blondekant eller noko liknande.

IMGP1198 (2)

Sjalet vart stort, så det varmar godt nedover ryggen. Etter blokking vart det ubeskriveleg lett og luftig, nesten som ei stor fjør. Garnet er Shetland soft, i fargen rips. Eg tykkjer ikkje fargen er så veldig ripsete av seg, meir vinraud/plommeraud/stikkelsbærraud. På bileta vart fargen altfor rosalilla, men raudt+kamera har eg dårleg erfaring med.

IMGP1205 (2)

Bustehunden stilte opp som modell, men det var litt meir motvillig denne gongen.

mandag 1. april 2013

Strikking på Instagram

Instagram har visst teke meir og meir over for bloggen. Det er så lettvint å ta eit bilete med mobilen og smella det ut på Instagram med det same. Så for dei som ikkje har konto der, tenkte eg å visa fram dei siste strikkebileta mine her også.

nRjZN8BDOoUq8gwSGDgY6r8293CFCZDKeW5jrrOowzMoffuvVB7z01wDgiQnOHNv6FGmhYLGwr7yHwHbvTdnJcYR0e5bfAgnPVcQ5ndGyOnI-0HgrY78kOaTI-TgcRJJsHsqb4ZE2uWJB-wD1sjg4_nuTo4AMOitWhXWjryuz6Y0

1. Eg held framleis på med mariusen til vetlesøster. Som skreve før var planen å få han ferdig til påske. Påskeafta etter stengetid gjekk eg sjølvsagt tomt for blått garn, eit par mønsterborder frå den raude halsen. No ligg han på vent fram til garnbutikken opnar att.

2. Eg har funne fram alle klovnespyrestane mine. Dei skal verta til fargerike sokkar til gåvekassa.

3. For bursdagspengane mine kjøpte eg meg nøstemaskin. Det er definitivt eit av dei beste kjøpa eg har gjort! Makan til effektivt hjelpemiddel har eg aldri sett før.

4. Camomilleinspirert sjal til mamma, her under blokking. Sjalet er ferdigblokka, levert og brukt, men det var den blogginga, då.

tirsdag 5. mars 2013

1 million striper

Endå ein UFO er ferdig! Denne gongen er det ein stripehals som eg starta på i august i fjor. Eg blogga om starten her. Som så mange gonger før gjekk eg lei omtrent halvveges og la strikketøyet vekk.

IMGP1183 (2)

Men i januar hadde eg altså opprydding i UFO-korgene og då fekk eg han endeleg ferdig. Snille mamma festa trådar og sydde saman, så no manglar han berre eit milobad. Til helga, kanskje.

IMGP1195 (2)

Oppskrifta eg har brukt er A million stripes loop (Ravelry). Garnet er ein blanding av New Zealand lammeull frå 123knit og Shetland soft frå Malsen og mor. Eg plukka fram ulike blå- og gråtonar, sidan det var det eg hadde mest av. Eg veit ikkje kor mykje det gjekk med av kvar farge, men store garnsluket var det ikkje. Enkel tråd på pinne nummer 3. Resultatet er lett, luftig og veldig varmt.

IMGP1187 (2)IMGP1194 (2)

Onkel sin søte hund stilte villig opp som modell.