Makroobjektivet er favorittdingsen min. Eg kunne ha brukt heile dagen i hagen med nasen i graset og peikefingeren på utløysaren.
søndag 31. mai 2009
søndag 24. mai 2009
Skattejakt
To fantastisk flotte dukar som skal få plass på stovebordet heime i Bergen eller bli sydde om til putetrekk – litt usikker, men fine er dei i hvert fall!
To nydelege boksar også. Desse skal få hedersplassen på kjøkenbenken.
lørdag 23. mai 2009
Opp og fram
I det siste har eg gått over frå sokkar til større klesplagg. Pebble fann eg på Ravelry. Fantastisk enkel oppskrift (på engelsk!) og resultatet vart særs vellukka. Denne er strikka i Schachenmayr nomotta Extra Merino Big på pinne nummer 4. Heilt ubeskriveleg herleg garn.
Nøstebarn si strømpebukse (utan fot). Strikka i NZ lammeuld frå favorittnettbutikken på pinne 3, om eg ikkje hugsar heilt feil. Holrad til strikk øverst, 1 rett og 1 vrang på heile buksa, bortsett frå vrangborda nederst, som er 2 rett, 2 vrang.
Dessutan har eg ein til Pebble og ein Little sisters dress som ventar på trådfesting og knappar. Så fort det er gjort vert resultatet bloggifisert!
torsdag 21. mai 2009
Søtaste søte
I dag har me vore på tur til onkelen min sine lambilamb og den herlegaste hunden i heile verda!
Dessutan fann eg blomstrar der oppe også. Etter at eg starta gartnarkarrieren min har visst plantene teke over for strikkinga.
søndag 17. mai 2009
tirsdag 12. mai 2009
Ein til og endå ein til
To nye gensarar er ferdige. Oppskrifta er framleis denne. Den grå og blå er strikka i NZ lammeuld og den oransje og raude i Schachenmayr nomotta extra merino big.
søndag 10. mai 2009
Hageliv
Det spirer og gror i hagen for tida.
I krukkehagen er det også liv, og snart kjem det forhåpentlegvis krydderplanter i gamle mais- og fiskebolleboksar.