torsdag 28. februar 2013

På pinnane

Januar var ein veldig produktiv månad, men i februar har eg ikkje fått strikka så veldig mykje. Men litt har det no vorte, sjølv om ingenting er ferdig.

IMGP1165 (2)

Sokkar til gåvekassa. Kassa er tom no etter jul og med bursdagshøgsesong i familien det neste halve året, må eg fylla på. Garnet er Regia 6-tråds. Eit veldig godt garn å strikka med, men eg gløymer stadig vekk at eg eigentleg tykkjer klovnespygarn er grusomt stygt. Derfor held eg på med eit evig slankeprosjekt av spraglegarnlageret mitt.

IMGP1168 (2)

Rillestrikka tovavottar. Besta fekk eit par med lilla til jul og andre juledag ringde onkel og lurte på om eg kunne strikka eit par til han også. Han hadde prøvd besta sine og det var dei beste vottane han hadde hatt på seg i sitt liv. Slikt varmar eit strikkehjarte, så sjølvsagt la eg opp til vottar. Han sa at det ikkje hasta med å få dei ferdig, men no er jo vottesesongen snart over, så eg bør få pinnane i gir.

IMGP1171 (2)

Mariusgensar til vetlesøster. Ho har ønskt seg marius i fleire år, så eg fann ut at no måtte ho få ein. Garn og lovnad om ferdig gensar vart julegåva hennar i fjor. Strikkinga gjekk radig fram til eg skulle til på mønsteret. Då måtte eg mota meg opp i eit par veker. Då eg var klar og begynte, gjekk mønsteret unna også, men så mista eg ned ti masker og saman med dei forsvann piffen heilt. No trur eg søster tykkjer at ting tek tid her, så planen er å få gensaren ferdig til påske.

IMGP1175 (2)

Rillestrikka lappar til tepper. På bloggen til Bea såg eg at ho strikka lappar til Ull&Omtanke. Eg tykte dette såg ut som eit knakande flott prosjekt og heiv meg med. Så enkle og små lappar er jo strikka på 10 minutt, så dette er noko alle kan klara. Eg har funne fram posen med restegarn og strikkar ein lapp no og då. Planen er å strikka lappar fram til påske og så senda haugen avgårde då.

Dette var dei prosjekta som er på pinnane akkurat no. Haugen med UFOar som ligg i skapet og skrik er eit anna kapittel.

mandag 25. februar 2013

Meir smått

Eg fekk to nøster med det mjukaste garnet til bursdagen min. Garnet var tiltenkt premturstrikk, så eg kasta meg rundt og la opp same helga. Saman med to nøster frå lageret og eitt frå garnbutikken vart det til to små tepper.

IMGP1140 (2)

Oppskrifta er den same som sist – tre masker, auk kvar omgang til A3-størrelse, fell kvar omgang til tre masker. Denne gongen hekla eg ein bølgekant rundt med kontrastfarge, noko eg er veldig fornøgd med! Teppa vart med eitt litt finare og stødigare. Det gjekk med to nøster Drops merino extra fine til kvart teppe + eitt nøste av kontrastfargen totalt.

søndag 24. februar 2013

Ting tek tid

For nokre veker sidan vart eg ferdig med ein skikkeleg seig UFO. Prosjektet starta eg på i mars 2010, så det hadde snart hatt tre-årsdag, gitt. Planen den gongen var at mamma skulle få det i forseinka bursdagsgåve, men slik gjekk det altså ikkje. Heldigvis trur eg at ho hadde gløymt heile sjalet.

IMGP1120 (3)

Men no er det endeleg ferdig!

IMGP1122 (2) 

Garnet eg har brukt er Symre frå Telespinn. Det er eit totrådsgarn med 20 % lammeull og 80 % mohair frå geit. Garnet er mjukt og godt, men det var litt glatt å strikka med på metallpinnar. Eg trur nok det hadde vore betre med trepinnar. Oppstrikka vart det uansett fantastisk mjukt og varmt, så det var så absolutt verdt litt masker på rømmen innimellom. Dessutan er det veldig kjekt med ekte, norsk garn frå dyr som garantert har det bra. Eg har to hesper med Mari frå same produsent som berre ventar på Det Perfekte Prosjektet.

IMGP1118 (2)

Sidan eg ikkje visste kor langt eg kom med 200 gram, så valde eg å strikka eit heilt enkelt rillestrikka sjal som det ikkje hadde vore krise å rekkja opp att dersom det vart for lite. Mønsteret eg har brukt er opprekkssjal frå Strikk til nøstebarn. Ei grei oppskrift som alle kan få til.

Januar var den store UFOfullføringsmånaden, så det kjem nok fleire ferdige prosjekt i næraste framtid!