lørdag 21. februar 2015
På pinnane
onsdag 7. januar 2015
På pinnane
Raud hue (ufoen). Pappa bestilte ei hue som skulle vera lik Ola Braanas si. Hverdags på pinne nummer 3, strikka etter bilete funne på Google.
Brune vottar. Dette er eit av mønstera i vottealongen på Uformelt. Planen er at desse skal i gåvekassa. Dobbel tråd finull på pinne nummer 5,5, mønsteret er Martine flettevotter.
Desse tre prosjekta burde vera enkle og kjappe å få ferdige.
søndag 12. januar 2014
På pinnane
I år har eg bestemt meg for å ikkje ha så mange prosjekt på pinnane samtidig. Difor har eg gjort ferdig ein del UFOar, eg har funne ein liten haug eg skal rekkja opp og eg har vore veldig flink til å strikka ferdig det eg har lagt opp til sidan juleferien.
Hovudprosjektet mitt akkurat no er huer til SAS sitt julefly. Det kan du lesa meir om her.
I tilegg til det over har eg også bestemt meg for å slanka garnlageret i år. Først ut er alpakkalageret. Dei siste åra har eg mista litt sansen for rein alpakka. Eg likar mykje betre ull/alpakkablandingar, så då fann eg ut at alpakkahaugen er fin å starta med. Eg har to-tre nøster i mange ulike fargar, altså passar lageret best til småplagg. For å få litt fart på slankinga brukar eg to trådar saman. På desse fire huene har eg brukt ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA tynn alpakka. Resultatet vert tjukke og varme huer, perfekt i eit veldig kaldt vinterland.
Eg har også eit par med sokkar på pinnane. Planen er som sagt å berre ha eitt prosjekt gåande, men på veg til eit besøk før helga kom eg på at eg ikkje hadde pakka med meg huestrikketøyet. Då måtte eg innom strikkebutikken og kjøpa garn og pinnar. Sokkar er det alltid bruk for i familien, så då vart det eit fornuftig val trass i både garnslanking og eittprosjektplanen.
Sokkane reknar eg med å få ferdig i kveld. Eg har att eitt nøste DSA tynn alpakka, to nøster Hverdags og fem nøster Sandnes alpakka, så det vert fleire huer før haugen er tom.
mandag 1. april 2013
Strikking på Instagram
Instagram har visst teke meir og meir over for bloggen. Det er så lettvint å ta eit bilete med mobilen og smella det ut på Instagram med det same. Så for dei som ikkje har konto der, tenkte eg å visa fram dei siste strikkebileta mine her også.
1. Eg held framleis på med mariusen til vetlesøster. Som skreve før var planen å få han ferdig til påske. Påskeafta etter stengetid gjekk eg sjølvsagt tomt for blått garn, eit par mønsterborder frå den raude halsen. No ligg han på vent fram til garnbutikken opnar att.
2. Eg har funne fram alle klovnespyrestane mine. Dei skal verta til fargerike sokkar til gåvekassa.
3. For bursdagspengane mine kjøpte eg meg nøstemaskin. Det er definitivt eit av dei beste kjøpa eg har gjort! Makan til effektivt hjelpemiddel har eg aldri sett før.
4. Camomilleinspirert sjal til mamma, her under blokking. Sjalet er ferdigblokka, levert og brukt, men det var den blogginga, då.
torsdag 28. februar 2013
På pinnane
Januar var ein veldig produktiv månad, men i februar har eg ikkje fått strikka så veldig mykje. Men litt har det no vorte, sjølv om ingenting er ferdig.
Sokkar til gåvekassa. Kassa er tom no etter jul og med bursdagshøgsesong i familien det neste halve året, må eg fylla på. Garnet er Regia 6-tråds. Eit veldig godt garn å strikka med, men eg gløymer stadig vekk at eg eigentleg tykkjer klovnespygarn er grusomt stygt. Derfor held eg på med eit evig slankeprosjekt av spraglegarnlageret mitt.
Rillestrikka tovavottar. Besta fekk eit par med lilla til jul og andre juledag ringde onkel og lurte på om eg kunne strikka eit par til han også. Han hadde prøvd besta sine og det var dei beste vottane han hadde hatt på seg i sitt liv. Slikt varmar eit strikkehjarte, så sjølvsagt la eg opp til vottar. Han sa at det ikkje hasta med å få dei ferdig, men no er jo vottesesongen snart over, så eg bør få pinnane i gir.
Mariusgensar til vetlesøster. Ho har ønskt seg marius i fleire år, så eg fann ut at no måtte ho få ein. Garn og lovnad om ferdig gensar vart julegåva hennar i fjor. Strikkinga gjekk radig fram til eg skulle til på mønsteret. Då måtte eg mota meg opp i eit par veker. Då eg var klar og begynte, gjekk mønsteret unna også, men så mista eg ned ti masker og saman med dei forsvann piffen heilt. No trur eg søster tykkjer at ting tek tid her, så planen er å få gensaren ferdig til påske.
Rillestrikka lappar til tepper. På bloggen til Bea såg eg at ho strikka lappar til Ull&Omtanke. Eg tykte dette såg ut som eit knakande flott prosjekt og heiv meg med. Så enkle og små lappar er jo strikka på 10 minutt, så dette er noko alle kan klara. Eg har funne fram posen med restegarn og strikkar ein lapp no og då. Planen er å strikka lappar fram til påske og så senda haugen avgårde då.
Dette var dei prosjekta som er på pinnane akkurat no. Haugen med UFOar som ligg i skapet og skrik er eit anna kapittel.
søndag 26. august 2012
Egostrikk
Som eg skreiv i forrige innlegg, så har eg fått sansen for å strikka plagg til meg sjølv.
Akkurat no held eg på med A million stripes loop i diverse restegarn. I vår strikka eg meg ein gul alpakkahals, men han vart altfor stor og tjukk, så han vert nok liggjande ubrukt i skuffa. Denne derimot kjem til å verta mykje brukt. Tynn og lett som ei fjør, men likevel varm og god.
Eg strikkar i diverse restar av totrådsgarn; Shetland soft (blå, turkis og mørkegrå), Holst (kvit) og New Zealand lammeull (lysegrå og petrol). Litt usikker på om eg skal ha med to fargar til (ein endå kvitare og ein annan blåfarge) – det må eg ta opp til vurdering når eg er ferdig med neste stripeblokk.
I tillegg har eg starta på ein gensar, Big Alfred’s. Gensaren er eigentleg til menn, men eg fall pladask og det bryr meg midt bak at det er ein herregensar. Eg trur han vert vel så fin til damer også.
Garnet er DSA Hverdags, eit av mine nye favorittgarn. Det er så mjukt, så mjukt og akkurat passe tjukt. Relativt rimeleg er det også. Dobbel tråd på pinne nummer 5 går radig.
Dessutan er lista over kva eg har lyst til å strikka l a n g (i hvert fall i forhold til mitt strikketempo, evne til å gjera ferdig ting og tilgjengeleg strikketid).
Målet er i alle fall at desse to prosjekta skal verta ferdig før ullsesongen er over, så vil tida visa kor mykje meir eg rekk å strikka til meg sjølv.
Håpar du nyt siste del av helga!
fredag 29. juni 2012
Hei igjen
To månadar sidan sist. Strikkelysta har vore borte vekk. Eg har vorte kvalm berre eg har tenkt på strikkepinnar, garnnøster og strikkeforum. I staden for har eg brukt tida mi til skulebøker og lesing. Men no er det sommarferie og eg kjenner at strikketøyet freistar att.
Planen, målet og håpet er at blogginga skal ta seg opp i løpet av sommarferien. Då er det berre til å vera trufast mot dei strikketøya eg alt har begynt på, så det vert noko ferdig å visa fram.
søndag 22. april 2012
På pinnane #2
Eg tykkjer eg strikkar og strikkar og strikkar døgnet rundt, men ingenting vert ferdig. Difor vert det eit dette-er-på-pinnane-no-innlegg, for å få litt nytt her.
Det er berre eitt par i sokkegåvekassa mi, så det må eg gjera noko med. Det er jo snart jul. Lilla sokkar i Perfect og grå- og kvitstripete i Hifa fjord sokkegarn 2. Sistnemnde er eit heilt fantastisk sokkegarn, min absolutte favoritt saman med Mor Aase raggegarn. 80 % ull og 20 % nylon gjer sokkane slitesterke, og sidan garnet ikkje er superwashbehandla, tovar sokkane seg lett i bruk og vask og vert dermed varmare enn sokkar i dei typiske sokkagarna, som for eksempel Perfect.
Babyteppe, strikka frå hjørne til hjørne. Legg opp tre maskar og auk ein maske i starten av kvar pinne til du er lei/halvveges tom for garn/teppet er halvparten av stort nok, strikk to maskar saman i starten av kvar pinne til du sit att med tre, fell av og teppet er ferdig. Eg er litt over halvveges og planen er ein påstrikka blondekant rundt til slutt. Strikka i DSA hverdags, eit garn eg definitivt skal strikka meir med.
Regnboge-/stripejakke i New Zealand lammeull. Mønsteret er Kragejakke i dobbelt 2-trådsgarn frå Strikk til nøstebarn. Eg er ferdig med bolen og held på med å mota meg opp til ermestrikk. Eg får alltid sånne merker i overgangane mellom kvar strømpepinne når eg strikkar ermer og det er både stygt og irriterande for eit petimeter. Eg har prøvd 30 cm rundpinne, men det vert for smått og knotete. Kanskje du har nokre gode tips til korleis eg kan unngå det?
onsdag 8. februar 2012
På pinnane
Det vert visst langt mellom innlegga her på bloggen, av fleire grunnar. Av strikkemessige grunnar held eg på med minst ti ulike prosjekt samtidig. Når eit prosjekt kun får nokre få omgangar i veka, tek det litt tid før det vert ferdig.
I tillegg strikkar eg mykje med tannpirkarar for tida. Altså 2 og 2,5 mm pinnar. Det seier seg sjølv at det tek lang tid.
Akkurat no held eg på med tre vottepar på tynne pinnar, to på 2 mm og eitt på 2,5 mm. Dei grøne er mitt første vellukka mønsterstrikkprosjekt (jippi!), og dei gule og kvite er resultatet av denne nye kunnskapen. Dei blå er søndagsvottar med flette- og havskummønster, lagt opp til berre fordi dei var så fine.
Elles har eg fått dilla på sokkar på 2,5 mm pinnar. Det vert tynne og gode sokkar som passar i litt andre sko enn gummistøvlar også, men det tek tid.
Utanom dette held eg også på med eit babyteppe (det hele kongerige), eit sjal til ein 80-årsdag, eit skjerf som skulle vore julegåve i fjor og vottar på tjukke pinnar (4 mm).
Det fine er jo at når eg først vert ferdig med alt, så har eg jammen mykje eg kan leggja i gåvekassa, for det er kun dei gule og kvite selbuvottane som er til meg sjølv av alt dette.