Viser innlegg med etiketten UFO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UFO. Vis alle innlegg

tirsdag 3. juli 2012

Jippijei!

E g  e r  f e r d i g  m e d  t e p p e t  !

Under ser de henholdsvis den spede start, som eg blogga om i februar 2009, og neste mellomrunde, som eg blogga om i oktober 2009. Dette er altså ein skikkeleg årgangs-UFO – faktisk trur eg det er det eldste prosjektet eg har hatt liggande.

IMGP3553IMGP6581

Under den årlege sommaryddinga av rommet mitt fann eg att kassen med teppet oppi, og eg bestemte meg for at no hadde det verkeleg lege lenge nok til modning. Planen var fleire omgangar, men ikkje hadde eg att garn og ikkje hadde eg lyst til å hekla meir heller, så då sa eg meg fornøgd. Mamma vart kommandert til trådfesting og no er det altså FERDIG!

IMGP0776 (2)

Størrelsen vart ikkje heilt som planlagd, men eg trur det passar perfekt som treng-litt-varme-på-føtene-medan-ein-sit-i-godstolen-teppe. Dei vitale måla er 115 x 115 cm (ublokka) og det gjekk med 730 gram garn (etter trådfesting). Garnet er ein lett blanding av Safir, Rubin og Østlandsgarn. 

IMGP0760 (2)IMGP0761 (2)

Tre år seinare enn planlagd kan endeleg besta få seg teppe til bursdagen.

IMGP0769 (2)

lørdag 21. januar 2012

Lys i mørket

Før jul hadde Kirkens Bymisjon sin årlege juleaksjon, Lys i mørket, der dei samla inn strikkaplagg til dei som treng det.

IMGP0465 (2)IMGP0461 (3)IMGP0466 (2)IMGP0464 (2)IMGP0463 (2)

Huer er lett og kjapp strikk og noko dei hadde bruk for, så det passa perfekt med min plan om å slanka lageret. Eg fekk strikka fem stykkjer før eg vart lei huestrikk, men som alltid, så var det trådfestinga som tok tid. Det er så lett å tenkja at i morgon, då skal eg gjera det. Men så vert det jo aldri noko av i morgon, for då har eg funne noko anna eg strikka på.

Resultatet er at huene framleis ikkje er levert (men alle trådane er festa no). Forhåpentlegvis treng dei huer til neste vinter også, og kanskje eg til og med får strikka endå fleire før ein ny vinter kjem.

Dei tre øverste + den blågrøne er strikka i restegarn, dobbel babyull og Smart, medan den mønstrete er strikka i Freestyle etter Arne & Carlos si oppskrift. No er eg tom for Smart, Freestyle og kvit babyull. Det er garn som aldri skal inn i lageret att, så det er eit godt steg på vegen mot kunhøgstnødvendigegarnsortarlageret, som er målet langt der framme. I tilegg fekk eg ferdig tre prosjekt frå lista mi. JUHU!

God helg til deg!

torsdag 12. januar 2012

Nytt år, nytt pågangsmot

Er det nokon som hugsar nyttårsforsettet frå i fjor? Definitivt ikkje eg! Som strutsen stikk eg hovudet i sanden (strikkekorgene) og fortset i same tralten som før - fem nye prosjekt på pinnane for kvart fullførte.

Men no skal det faktisk verta omvendt! Sjå berre her:

1. Eg skal slanka garnlageret. Altså ikkje handla garn med mindre det er høgst nødvendig, for eksempel om eg manglar garn for å få ferdig eit prosjekt, eller om eg får inn eit strikkeønskje som eg ikkje har passande garn til.

2. Eg skal gjera ferdig flest mogleg UFO-ar. Eit mål om null UFO-ar er ikkje oppnåeleg dette året, så eg må vera litt realistisk og ta det steg for steg.

For å lettare nå mål nummer to har eg sett meg opp ei liste over UFO-ane som er enklast å få ferdig.

1. Hjerteteppe – har faktisk strikka det ferdig den siste veka. Manglar trådfesting, vasking og blokking.
2. Lettstrikka hue – manglar samansying, snorer og trådfesting.
3. Stripete hue – manglar trådfesting.
4. Space invader-hue – manglar trådfesting.
5. Hekla gryteklutar – manglar trådfesting og damping.
6. Sjal – skal rekkast opp.
7. Brun selebukse – manglar litt samansying, trådfesting og knappar.
8. Kvite pulsvarmarar – manglar 1,5.
9. Kvit omslagsjakke – manglar ermer, snorer og trådfesting.
10. Beigebrun selebukse – manglar sele, samansying, trådfesting og knappar.
11. Blå sokkar – manglar omtrent 1.
12. Stripete sokkar – manglar omtrent 1.
13. Lilla sokkar – manglar omtrent 1.
14. Rosa sokkar – manglar omtrent 1.
15. Grå hue – manglar trådfesting.

IMGP0429 (2)

Som de ser av lista er det ikkje så mykje som skal til før kvart prosjekt vert ferdig. Planen er at raske resultat skal gi meg lyst til å fullføre resten også.

Eit anna mål burde vera at eg skal blogga litt oftare, men det er jammen ikkje lett når lysta ikkje er her. Forhåpentlegvis stig ho i takt med antal ferdige prosjekt. I mellomtida les eg fine strikkebloggar og hentar inspirasjon til kva eg skal leggja opp til når eg har fullført fem UFO-ar.

mandag 20. juni 2011

Prosjekt UFO-reduksjon, #1

Første prosjektet på lista er ferdig, nemleg den blå- og kvitstripete omslagsjakka frå Strikk til nøstebarn.

IMGP9175 (2)

Dette er ein skikkeleg UFO. Eg la opp den 26. juli i fjor, altså snart eitt år sidan. Planen var at naboguten skulle få denne til jul same året. Han er fødd i midten av juni, så eg la opp til størrelse 6 månadar og satsa på at det ville passa fint til vinteren. Men jakka vart altså ikkje ferdig før i dag. No har guten runda året og han har flytta herfrå, så då vart det visst ikkje jakke på han likevel.

IMGP9171 (2)

Eg (les: mamma) hekla ein kant rundt heile jakka for å skjula fargeskifta. Snorer både inni og utanpå til å knyta saman med.

IMGP9170 (2)

Jakka er strikka i Dale babyull på pinne nummer tre. Eg strikka ermene fram og tilbake og sydde saman etterpå for å sleppa alle vrangmaskene. Latskapen lenge leve. Elles har eg gjort akkurat som i oppskrifta.

IMGP9145 (2)

Med ynskje om ein fin måndagskveld! Eg skal til på neste prosjekt på lista mi.

torsdag 9. juni 2011

Ikkje arbeidslaus

Etter å ha rydda i strikkekorgene mine (ja, eg har fleire), har eg bestemt meg for at i sommar SKAL eg få ferdig minst ein UFO i veka.


Sidan eg har uhorveleg mange påbegynte prosjekt, fann eg ut at eg måtte sortera litt og laga ei liste med dei prosjekta det er mest sannsynleg at eg kjem til å fullføra i næraste framtid. Ei liste med alle dei 30-40 UFOane eg faktisk har, ville teke knekken på fullføringslysta før eg hadde fått skreve ferdig lista. Difor desse 15 utvalde:


1. Blå- og kvitstripete omslagsjakke frå Strikk til nøstebarn
2. Grå nøstebarnsdress
3. Hjertebabyteppe
4. Babyjakke strikka i eitt stykkje, alpakka
5. Rosa sokkar i Sterk
6. Grå flettesokkar i Perfect
7. Gule sokkar i Perfect og Sisu
8. Blå sokkar i Perfect
9. Blåspraglete sokkar i Tresko
10. Lillamelerte sokkar i Sterk
11. Havskumsokkar i Sterk
12. Sjøgrøn alpakkahue
13. Beige baby i rib
14. Lettstrikka babyhue
15. Rundfellingsjakke frå Strikk til Nøstebarn - manglar ermer, knappar og trådfest


Litt diverse å velgja mellom. Nokre prosjekt manglar alvorleg mykje (slik som dressen som berre har to føter til no), nokre manglar berre trådfesting (hallo mamma!), nokre er store (teppe – kva tenkte eg på?!) og nokre små (puh), men det er greit med litt variasjon, så eg kan ferdigstilla etter strikkehumør og –lyst.


IMGP9036 (2)


IMGP9037 (2)


Som den periodeoptimisten eg er, så heiar eg stort på meg sjølv! :-D

mandag 14. februar 2011

Effektivt

IMGP8422 (2)


*Poff*


IMGP8425


Seks ufoar vart med eit trylleslag redusert til nøster (og typisk nok ei skikkeleg floke som tolmodige pappa skal få ta seg av i helga). Eigentleg er det ganske kjekt å sjå at det vert betre plass til nye og meir interessante prosjekt i strikkekorga.


---


Det vert lite ferdigstrikka for tida, så det er stille her på bloggen. Det skuldast travle dagar og store langtidsprosjekt som gensar til meg sjølv og babyteppe på pinnane. Men det strikkast bak kulissane, så det kjem nok noko.


Med ynskje om ein god måndagskveld til deg som er innom og les!

søndag 9. januar 2011

Den hele og fulle sannhet

I romjula tenkte eg at januar måtte vera ein fin månad for rydding i strikkekorga. Nytt år, ny månad og nytt system i sakene. I går vart tenkte tankar til handling, men skal eg vera heilt ærleg, så er ikkje den ryddetanken det smartaste eg har tenkt på, for saman med ryddinga forsvann strikkelysta.

IMGP8335

Eg fann nemleg 31uferdige prosjekt! T r e t t i e i n. Berre tanken på alt eg må strikka ferdig fekk lufta til å gå ut av ballongen. I tillegg til all strikkejobben er det nokre prosjekt som må rekkjast opp att litt på før eg kan fortsetja og endå fleire har eg gløymt kva størrelse eg strikkar i. I tillegg til alle trådane eg må festa.

Sjokket var så overveldande at eg stappa alt saman ned ei korg og gøymte ho bak tv-benken. Eg trur at eg må roa nervene med eit heilt nytt strikketøy i sofakroken, saman med tanken om at til neste år skal nyttårsforsettet vera å verta monogam på strikkefronten.

søndag 22. august 2010

Nedgangstider

Bloggen har vorte kraftig forsømt i heile sommar og det vert visst ikkje betre utover hausten. Studiestart og første eksamen i anatomi, fysiologi og mikrobiologi om berre seks veker fører til at det vert mykje mindre tid til strikking enn då eg jobba og hadde ettermiddagane ledige til anna enn lesing.

Men litt pauser må eg ha, og sidan eg er veldig god til å leggja opp, strikka litt og så finna nye prosjekt som freistar meir enn dei eg allereie har på pinnane, vert det mykje halvferdig og lite heilferdig.

Sidan sist UFO-oppteljing (der målet ikkje vart fullført, kun to ting vart ferdigstilte i perioden), har eg lagt opp til desse nye prosjekta:

IMGP8018

To par med sokkar, ei bukse, to omslagsjakkar, eit sjal og ein kjole.

I tillegg har eg ein fin liten bunke med plagg som faktisk er ferdigstrikka, men manglar trådfesting.

Er det nokon som veit kvar eg kan senda søknad om fleire timar i døgnet, tru?

onsdag 16. juni 2010

Prosjekt frigjering av strikkepinnar

Inne på Hobbyboden har Judith sett i gang ein uformell motivasjonskonkurranse for frigjering av strikkepinnar. Dette høyres verkeleg ut som noko eg må vera med på.

IMGP7862

IMGP7860

Eg visste at eg hadde ein del prosjekt på gong, men ikkje at det var så mange! Med 30 mm på kameraet fekk eg ikkje plass til alle på eitt bilete eingong.

På det øverste biletet er det kun sokkar. På det nederste er det ei babybukse, ein babyvest, to sjal, ei hue og ei babyjakke. I tillegg har eg tre bestemorsrutetepper som ikkje er ferdige. Vel. Det er nok å hengja fingrane i.

Målet for prosjektet er at alle pinnane skal vera ledige til 10. juli. Optimist? Eg? Hæ?

Tanken er faktisk så oppskakande at eg trur eg må roa nervene med å leggja opp til ei ny krefthue.