Det har vore lite strikkerelatert blogging i det siste, men pinnane får køyrt seg likevel. Akkurat no er eg inne i ein sokkestrikkeperiode. Mykje av grunnen til det er at eg har meldt meg inn i to grupper på Ravelry – SolidSocks og Sock Knitters Anonymous. I SolidSocks skal ein strikka sokkar i éin bestemt farge for kvar månad. September var raud. I SKA er det ulike utfordringar og designarar kvar måned, så kan ein velja det ein vil. I september valde eg designar, sidan eg ikkje hadde garn som passa til utfordringa (chartreuse). Det fine med SKA er at ein berre treng å leggja opp til sokken i løpet av månaden, ein har heilt til den siste dagen i neste månad til å strikka ferdig. Perfekt, sidan eg ofte strikkar på litt fleire enn ein ting om gongen.
I tillegg har eg meldt meg på DUSS inne på Uformelt. Det starta i januar, men eg fekk ikkje somla meg til å melda meg på før ni månadar seinare, så eg har altså åtte par som eg må ta att. Travelt, sa du?
Først ut er Hermine sine kvardagssokkar, mine septembersokkar i SolidSocks. Enkelt og greit mønster, men likevel vert det fine sokkar. Eg har brukt PT5 og pinne nummer 2,5. Det gjekk med litt meir enn to nøster til størrelse brei fot 40. Vanlegvis har eg brukt pinne nummer 3 når eg strikkar med PT5, men jammen vart det ikkje endå betre med 2,5. Då får det heller vera at det går med litt meir garn enn det gjorde før.

DUSS-sokkane for september var Carolina, eit supert mønster som passar perfekt til fleirfarga garn. Dei rosa nøstene mine med vellagra Fabel skreik etter å bli brukt. Litt mindre enn to nøster til størrelse 40, pinne nummer 2,5. Trur dette er mitt nye favorittmønster til spraglete garn – stilig, men samstundes veldig enkelt å hugsa. Perfekt til tv-strikk.

Eg har også meldt meg på Norsk sokkedille. Det er ein sokkestrikkekonkurranse med norske mønster designa av superflinke strikkedamer. Første sokk ut er laga av Bittami. Eg storkosar meg med mønsteret og nistrikkar for å bli ferdig fortast mogleg.

Sokkane i SKA treng heldigvis ikkje å vera ferdige før 31. oktober, så dei får kvila litt medan eg gjer meg ferdig med konkurransesokkane.

I morgon er det oktober, så då skal eg strikka lilla sokkar, DUSS-sokkar for oktober og helst eit par månadar til, sidan eg heng litt etter, SKA-sokkar for september og oktober og forhåpentlegvis fleire konkurransesokkar. Vel, vel. Me snakkast etter jul, folkens.
God helg, med eller utan strikketøyet!