Viser innlegg med etiketten Romper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Romper. Vis alle innlegg

tirsdag 7. juli 2015

Siste skrik

Kortbukser og drakter av alle slag er på strikkemoten no (iallfall er det veldig populært på Instagram), så då måtte eg jo få nokre av sorten på mine pinnar også.


Den stripete shortsen er strikka etter ei oppskrift frå "Den store guttestrikkeboka". Sjølv om tittelen seier at boka inneheld oppskrifter til gutar, tykkjer eg oppskriftene passar like godt til jenter også. Sidan eg ikkje ville ha ein så posete shorts som i oppskrifta, droppa eg aukingane etter vrangborda i livet. Vidare har eg lest at hola til beina vert trange dersom ein feller som i oppskrifta, så eg felte færre masker før eg strikka vrangbord.

Garnet eg har brukt er Lille lerke frå Dalegarn. Dette er eit av mine favorittgarn, sidan det er så mjukt og godt å strikka med. Blandinga av ull og bomull er også veldig praktisk. Akkurat kor mykje som gjekk med av kvar farge (kvit og lyserosa) veit eg ikkje, men shortsen veg 80 gram til saman.


Den rosa romperen er strikka etter oppskrifta "hullmønstret romper" frå Tiddelibom. Det har dukka opp mange flinke norske designarar dei siste åra og denne dama har veldig mange fine oppskrifter. Hittil har eg berre strikka flettet romper og hullmønstret romper, men begge oppskriftene er godt og enkelt forklart og veldig greie å strikka. 

Garnet eg har brukt til denne er Drops cotton merino. Også eit av favorittgarna mine og litt meir studentlommebokvenleg, spesielt når det er kjøpt på Drops sitt maisal. Det gjekk med 114 gram på pinne nummer 3 og 3,5. Eg strikka den største størrelsen, 1 år, men eg trur nok drakta vart litt større. 


I-cordsnor, perlestrikka selar og fine treknappar er små detaljar som gir plagga det vetle ekstra, tykkjer eg. 

lørdag 5. juli 2014

Småstrikk

På Instagram boblar det over med babystrikkinspirasjon, så dei siste vekene har gått med til å laga noko av det som står på den alltid veksande strikkelista.


Først av pinnane var den brune jakka, som heiter snoningstrøje. Dette er ei oppskrift som står i boka Strikkede babydrømme av Vibe Ulrik Søndergaard, men eg brukte gratisoppskrifta som ligg her. Denne er noko av det finaste eg har strikka, trur eg. Ho ser så avansert ut, men er overraskande enkel å strikka. Oppskrifta er godt forklart og enkel å følgja. Du strikkar forstykkje, bakstykkje og ermer for seg før du set dei saman på ein pinne og feller rundt. Til slutt syr du saman ermene og den eine sida og plukkar opp til knappestolpar langs kantane. Det mest pirkete var å blokka jakka før samansying. Eg hadde plukka opp litt for få maskar til stolpar, så desse måtte blokkast også. 

Eg grov i lageret og fann eit skikkeleg årgangsgarn til jakka, nemleg Schachenmayr nomotta extra merino, kjøpt på sal då Knappehuset i Bergen la ned. Garnet er 100 % merino og passar perfekt til flettestrikk. Det gjekk med rett under to nøster, ganske nøyaktig 95 gram, i størrelse 0-3 månadar. Etter blokking vart jakka lett og mjuk og eg vil tru ho passar perfekt til ein kjølig haustdag. 


Den lysebrune romperen er strikka etter oppskrift frå Den store guttestrikkeboka av Charlott Pettersen. Det skal eigentleg vera eit mønster på buksa, men eg droppa det og strikka vanleg glattstrikk. I oppskrifta skal bakstykkjet og framstykkjet strikkast kvar for seg, men eg strikka rundt etter aukingane til skritt, for å sleppa meir samansying. 

Drakta er strikka i Sandnes mini alpakka. Eit mjukt garn med utruleg mange fine fargar, men litt for hårete og slaskte etter min smak. Eg likar best alpakka blanda med ull, som i for eksempel Mitu, Hverdags eller Nepal. Eg må uansett få brukt opp det eg har på lager, så man tager vad man haver. Det gjekk med 80 gram i den minste størrelsen. 


Den blå ballongbuksa er frå All you knit is love av Susie Haumann. Denne var populær for ei god stund sidan, men eg heng visst litt etter. Denne er også i kategorien ser avansert ut, men er enkel å strikka. Det verste her er alle vrangmaskane, men til og med dei går ganske greit når det du strikkar er så lite og søtt. Oppskrifta sa at selane skulle strikkast for seg sjølv og så syast fast på bakstykkjet, men eg valde å plukka opp masker - igjen for å sleppa all denne syinga. Eg ser ikkje vitsen med å gjera det meir omstendeleg enn nødvendig. 


Garnet er New Zealand lammeull, også dette noko gammalt frå lageret. Det gjekk berre med 48 gram i den minste størrelsen, så det var ikkje akkurat eit stort innhogg i skuffa. Garnet er tynt, så buksa vart lett som ei fjør, men samtidig varm og god. 


To knappehol med eit par centimeter mellom gjer at buksa forhåpentlegvis kan verta brukt lenge.


Då har eg fått korta ned strikkelista med tre plagg og gåvekassa har fått eit lite påfyll. Eg held på med ei jakke til for å ha ei til kvar bukse, men eg kjenner at no er eg snart klar for litt sokkestrikk igjen.