Viser innlegg med etiketten Instagram. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Instagram. Vis alle innlegg

søndag 12. juli 2015

Strikking på Instagram #4

Her kjem ei ladning med strikkebileter frå Instagram.

To plagg som treng knappar. Det er alltid lika vanskeleg å velgja knappar, sjølv om utvalet i heimen er stort.














Eg har aldri vore ei rosajente, men eg har visst litt rosa garn likevel.
















Brunt og beige er eg derimot veldig glad i. Det, saman med grått, passar til alt.
















Mammaen til vetle fadderjenta mi bestilte ei hua (den rosa med kvitt mønster), men éi vart visst til tre før eg rakk å tenka meg om.















Starten på ein hjertecardigan. Denne vart ti nummer for stor (merkeleg oppskrift), så eg rakk opp att alt og noterer meg færre maskar under ermene til neste gong.














Eg gjekk på ein garnsmell under dropssalet i mai, men eg var fornuftig og kjøpte kun garn eg veit at eg lett får brukt. Fleire av nøstene er allereie oppstrikka.













søndag 18. januar 2015

Strikking på Instagram #3

Sidan eg ikkje har blogga i haust, kan eg leggja ut strikkebileta frå Instagram.

Ei brun bukse til ein liten kar. Onkel Malsens kosebukse, strikka i Shetland Soft.

















Ein perlestrikka tubehals til meg sjølv. Til denne grov eg djupt i garnskuffa og fann to nøster med Rowan felted tweed som eg kjøpte då Knappehuset hadde opphøyrssal. Skikkeleg årgangsgarn, altså.














Bella til fadderjenta mi. Strikka i Shetland soft. Absolutt ikkje siste gongen eg strikkar denne. Eg tykkjer bladmønsteret er så fint!
















Gjekk på ein garnsmell etter den første eksamen i desember. Sånn kan det gå når allereie billig Dropsgarn er på sal.
















Julegåvevottar. Mønsteret er Pearl chain mittens, funne på Ravelry. Også desse er strikka i Shetland soft. Eg har visst strikka mykje med dette garnet i haust.















Litt småstrikk til ein søt liten gut. Lettstrikka hue og smetteskjerf frå Strikk til nøstebarn, strikka i babyull.
















Viktig å pakka nok garn til tre veker juleferie. At kun to av nøstene vart brukt er ikkje så viktig. ;-)

















Denne er ikkje strikka i haust, men eg er så stolt at den fortener litt plass likevel. Marius til vetlesøster, strikka i Falk (som visstnok klør). Den neste får verta i babyull, trur eg.






fredag 3. januar 2014

Strikking på Instagram #2

Som skreve tidlegare har Instragram teke over for bloggen, men no vil eg prøva å få bloggen opp og gå igjen, så då kan eg jo dela det eg har strikka under bloggepausen.

babystrikkteppeglede

1. Babyhuer og sokkar frå All you knit is love og Strikk til nøstebarn. Bittesmå prosjekt, strikka i Shetland soft og nz lammeull.
2. Hunden fekk seg nøstebarnsteppe i restar av nz lammeull. Så glad vart han for det.

skappelsokkebestilling

3. Skappelgensar, den spede start. Leenge etter alle andre fann eg ut at ein skappelgensar hadde vore godt å ha. Eg strikkar min mykje smalare enn originalen. Ein tråd Sandnes alpakka og ein tråd DSA faerytale. Skikkeleg luksusgensar.
4. Venninna til mamma bestilte sokkar. To par damesokkar. Det eine vart strikka i lilla PT5, det andre i beige Sterk. Standard vaffelsokkar, som eg har strikka sikkert 50 par av.

garnhuer

5. Skuffa med nz lammeull. Fantastisk garn i fantastiske fargar. Skikkeleg gladskuff.
6. Ei stund var eg hekta på å strikka huer med vri. Dette er dei tre første. Til saman vart det ni stykkjer. strikka i dobbel nz lammeull på pinne 4.

minimariusmorgonstrikk

7. Minimarius. Eg har så lyst på ein til meg sjølv i akkurat desse fargane, men det var den tida, då.
8. Litt sokkestrikking på altanen ein tidleg sommarmorgon før eg skulle på jobb. Morgonsol, varmt og grønt og frodig i jungelen til mamma.

guljakkesokkeplanlegging

9. Pickles hadde sal på det nye garnet sitt, pure wool, så eg bestilte nokre nøster til ein jakke. Igjen så er det den tida.
10. Eit forsøk på å laga eige sokkemønster der eg skulle bruka opp restar. Det gjekk ikkje så bra, så mamma fekk alle restenøstene til heimlaussokkane sine.

Det var litt av det eg har dreve med sidan sist.

mandag 1. april 2013

Strikking på Instagram

Instagram har visst teke meir og meir over for bloggen. Det er så lettvint å ta eit bilete med mobilen og smella det ut på Instagram med det same. Så for dei som ikkje har konto der, tenkte eg å visa fram dei siste strikkebileta mine her også.

nRjZN8BDOoUq8gwSGDgY6r8293CFCZDKeW5jrrOowzMoffuvVB7z01wDgiQnOHNv6FGmhYLGwr7yHwHbvTdnJcYR0e5bfAgnPVcQ5ndGyOnI-0HgrY78kOaTI-TgcRJJsHsqb4ZE2uWJB-wD1sjg4_nuTo4AMOitWhXWjryuz6Y0

1. Eg held framleis på med mariusen til vetlesøster. Som skreve før var planen å få han ferdig til påske. Påskeafta etter stengetid gjekk eg sjølvsagt tomt for blått garn, eit par mønsterborder frå den raude halsen. No ligg han på vent fram til garnbutikken opnar att.

2. Eg har funne fram alle klovnespyrestane mine. Dei skal verta til fargerike sokkar til gåvekassa.

3. For bursdagspengane mine kjøpte eg meg nøstemaskin. Det er definitivt eit av dei beste kjøpa eg har gjort! Makan til effektivt hjelpemiddel har eg aldri sett før.

4. Camomilleinspirert sjal til mamma, her under blokking. Sjalet er ferdigblokka, levert og brukt, men det var den blogginga, då.