Fjorårets kalde vinter, behov for ullklede til barnehagestart og sterk lyst til å strikka noko anna enn sokkar har resultert i ei ullbukse. Saman med polkagrisgensaren vert nok nabojenta varm og god - og det er bra, for minusgrader har det vore nok av så langt denne ullsesongen.
Det er mange månadar sidan buksa var ferdigstrikka, men det var ikkje før då mamma kom på besøk rett før jul at dei siste trådane vart festa. I tillegg har det teke eit par veker før eg fekk somla meg til å ta bilete og på toppen av dei heile, eit par dagar etter det att før buksa fekk strikk i livet.
Men NO er buksa heilt fiks ferdig og klar til å leverast til nabojenta. Med mykje omtanke i kvar einaste maske varmar ho forhåpentlegvis godt.
Min innebygde angst for at plagga eg strikkar skal verta for små og manglande erfaring med klede i miniatyrstørrelse = ei bukse som er like lang som mottakaren sjølv. Heldigvis kan føtene brettast opp og ribbestrikk er jo veldig elastisk, så buksa kan brukast fleire vintrar.

Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn, garnet er Rubin frå lageret (klapp på skuldra) og størrelsen er 2-4 år. Undervegs i strikkinga var det mykje svetting og banning over alle dei rette og vrange maskene og eg lova meg sjølv at eg ALDRI skulle strikka ribbestrikk att (unnteke eit par sokkeskaft i ny og ne). Vel. No er alt gløymt og eg har lagt opp til nok eit prosjekt med fleire kilometer ribbestrikk.
Gensar til vetlebroren er på pinnane, men tradisjonen tru vert han nok ikkje ferdig før sommaren er her og vel så det.