lørdag 1. januar 2011

Med blanke ark og strikkepinnar til

Nytt år, ny start, nye prosjekt på pinnane. UFOane frå i fjor er jo så 2010, så dei vert liggjande på botnen av strikkekorga.

Men fjorårets julegåver må likevel bloggast. Det vart 10 par med sokkar mindre enn i 2009, men tre sjal, tre halsar, tre huer, eit par med vottar, eit sitjeunderlag og eit herreskjerf veg vel opp.

IMGP8265

IMGP8289

Planane frå oppsummeringsinnlegget i 2009 har vel ikkje vorte heilt oppfylte, men kanskje eg må innsjå at sokkar er spesialiteten her i garden.

Uansett håpar eg at 2011 vert eit kreativt og produktivt år, både for meg og for alle de lesarar som er innom. Det er utruleg kjekt at de stikk innom og legg att spor.

Godt nytt år!

4 kommentarer:

salige lavendel sa...

Ser ut som du er spesialist på votter også, disse var herlige!! Og så artig med påsydd merkelapp =)

Lille hjerterom sa...

Du e so fantastisk flink!!
Og vottane skal bli flittig brukt i 2011 :D

Anonym sa...

Det var jammen litt av ein stabel med julegåver du hadde.Imponerande! Flink er du!

Guro sa...

Imponerende julegaveproduksjon!
Jeg håper 2011 blir et godt og kreativt år for deg, og gleder meg til å følge deg videre i bloggen. :)