fredag 18. desember 2015

Tantestrikk

Siste barneplagg av pinnane er to overdelar til vetle fadderjenta mi.

 

Osloanorakken er strikka på bestilling, medan rodeogensaren er strikka etter ein surferunde på Instagram, der eg fall pladask for den stilige gensaren. 


Oppskrifta på anorakken er Pickles si, som du finn her. Eg brukte Drops Nepal og det gjekk med fire nøster gråbeige-isj og tre nøster rosa i størrelse 1-2 år. Anorakken er fiffig konstruert, med forlenga rygg, raglanfelling med knappestolpe og stor og god hette. Snille mamma sydde i knappar og heimalaga-merke i nakken, så no manglar det berre eit milobad før anorakken er klar til å pakkast inn. 


Rodeogensaren er Paelas-jentene sitt verk og oppskrifta finn du her. Til denne brukte eg favorittgarnet mitt, Drops Air. Det gjekk med to nøster i størrelse 1-2 år, altså ei fjørlett og luftig lita sky. Gensaren er strikka frå toppen og ned med aukingar framme og bak, noko som gir ein fin a-fasong. Saman med frynsene og felta der du slepp ned kast, vert dette ein litt annleis, men veldig stilig gensar.


Eit lite hjarte nedst på gensaren pyntar diskre opp. Skya må også få seg eit milobad, slik at frynsene kan pressast lett på plass. 

No manglar eg berre å strikka ferdig eit sokkepar, så er alle julegåvene i boks (eller rettare sagt i papir ;-)). 

onsdag 16. desember 2015

Sokkestrikk

Sokkar passar perfekt som innimellomstrikk i travle tider, sidan det er eit spøt eg enkelt kan legga frå meg og ta opp att, uansett kor langt eg har komme. Sjølv om det nokre gonger går sakte framover, vert ein omgang her og ein omgang der alltid til to ferdige sokkar.



Dette paret er strikka i løpet av november og desember. Travle månadar, men då er det godt å ha eit strikketøy å halda fast i mellom slaga.



Eit heilt enkelt, ribbestrikka par med langt bråt. Garnet er Robust og eg har brukt pinne nummer tre og 48 masker, som vanleg. Sokkane skal rett i gåvepapiret og så hamnar dei under eit juletre om åtte dagar. Forhåpentlegvis kan dei varma to føter i mange kalde vintrar framover.

lørdag 12. desember 2015

Meir gåvestrikk

Vetle Noah fylte eitt år i oktober, så då sendte eg avgårde ein mjuk pakke.


Ein snøløvgensar, ein islænder, ein frostgensar, ei 70-talsjakke, ei faunahue og to shortsar. Tenker at dette kan passa godt til ein aktiv barnehagegut. 


Eg er spesielt fornøgd med frostgensaren. Så mjuk og lett som ei fjør! Drops air er det nye favorittgarnet mitt og eg har allereie store planar for alt eg skal strikka i garnet. 

Elles har eg endeleg juleferie, så forhåpentlegvis vert det mykje strikking og litt meir blogging.