søndag 27. september 2015
Påfyll
søndag 28. desember 2014
Nytt favorittgarn
Og for eit garn! Mjukt som smør, glatt og fyldig. Som merinoull flest vert maskane veldig definerte, men dette virkar mykje stødigare og fastare enn Drops sitt. Det er rett og slett ein draum å strikka med.
Fargane er også eit kapittel for seg sjølv. Utvalet er ikkje det største, men dei som er, er heilt perfekte etter min smak. Forhåpentlegvis kjem det fleire etter kvart.
Det einaste negative er at prisen er litt stiv for ei studentlommebok. Eg tok litt av hjå den lokale langaren, men alle nøstene er til planlagde prosjekt, så då er det greit. To blå nøster har allereie vorte til ei hue. Dei grøne, rosa og brune skal også verta til huer, medan dei kvite er tenkt til ei jakke.
Sånn elles er det ein perfekt strikkejuleferie. Mykje snø og mange minusgrader gjer det perfekt å sitta i sofaen om kvelden med spøt og julekaker.
mandag 1. april 2013
Strikking på Instagram
Instagram har visst teke meir og meir over for bloggen. Det er så lettvint å ta eit bilete med mobilen og smella det ut på Instagram med det same. Så for dei som ikkje har konto der, tenkte eg å visa fram dei siste strikkebileta mine her også.
1. Eg held framleis på med mariusen til vetlesøster. Som skreve før var planen å få han ferdig til påske. Påskeafta etter stengetid gjekk eg sjølvsagt tomt for blått garn, eit par mønsterborder frå den raude halsen. No ligg han på vent fram til garnbutikken opnar att.
2. Eg har funne fram alle klovnespyrestane mine. Dei skal verta til fargerike sokkar til gåvekassa.
3. For bursdagspengane mine kjøpte eg meg nøstemaskin. Det er definitivt eit av dei beste kjøpa eg har gjort! Makan til effektivt hjelpemiddel har eg aldri sett før.
4. Camomilleinspirert sjal til mamma, her under blokking. Sjalet er ferdigblokka, levert og brukt, men det var den blogginga, då.
søndag 15. juli 2012
Garnvurdering: sokkegarn, del 1
Langt innlegg
Sidan eg har strikka veldig mange sokkar og då naturleg nok kjøpt mykje sokkegarn, tenkte eg at det kunne vera greit med ei vurdering av dei ulike garntypane eg har brukt. Kanskje det kan vera nyttig for andre enn meg også?
Dette er på ingen måte eit fasitsvar på kva slags sokkegarn som er best for alle, det er berre mine erfaringar og meiningar med/om kva som fungerer og ikkje fungerer – alt utifrå meg som strikkerske og familien som brukarar av sokkane.
Eg har ikkje prøvd alt av det som fins av sokkegarn, men eg trur eg har vore gjennom ganske mykje av det som ein får kjøpt på heilt vanlege garnbutikkar. Sidan det er så mange garntypar, så har eg valt å dela opp innlegga, slik at det ikkje vert ei heil avhandling dette her.
Eg vil leggja vekt på korleis garnet er å strikka med, pris, fargeutval og aller viktigast, korleis garnet held seg og oppfører seg i bruk og vask.
Sterk frå Du store alpakka
Fiber: 40 % ull, 40 % alpakka, 20 % nylon.
Pris: 41 kroner for 50 gram. Eg bruker to nøster til damesokkar og litt meir enn to til herresokkar. Eit av dei dyrare garna eg strikkar med, men grei pris sidan det er alpakka.
Fargeutval: Godt fargeutval. Garnet kjem i både einsfarga og melerte fargar. Her kan du sjå fargekart. Eg saknar gult.
Strikkeopplevelse: Garnet er veldig godt å strikka med. Det er mjukt som smør og glir godt på pinnane. Sokkane vert tette og gode og herleg “hårete” på grunn av alpakkaen. Eg opplever likevel ikkje at garnet røyter, slik som mange andre alpakkagarn eg har strikka med.
I bruk: Somme tykkjer at dette garnet sig etter ei tids bruk, men det har ikkje eg opplevd. Eg strikkar alltid med pinne 2.5 eller 3, sjølv om oppgitt pinnestorleik er 3.5 mm. Elles loar det litt, men det gjer ingenting for meg/oss. Garnet er slitesterkt, ingen av para har antydning til hol, sjølv om dei er godt brukte. Sokkane er varme.
I vask: Det står på lappen på garnet at det kan vaskast i maskin på 30 grader, så her har alle para vorte vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel. Likevel er alle sokkane skikkeleg tova og kompakte. Sokkane er vaska i to ulike vaskemaskiner og det same har skjedd, så eg trur ikkje det er maskinene sin feil heller. Det er jo godt med tova sokkar, men kjedeleg når dei vert for små.
Mellanraggi frå Järbo
Fiber: 75 % ull, 25 % nylon.
Pris: 69-79 kroner for 100 gram der eg har handla. På dei para eg har strikka har eg brukt mindre enn eitt nøste. Garnet er verkeleg verdt pengane.
Fargeutval: Godt. Finst i sjølvstripande i alle slags fargar og einsfarga grått, kvitt og svart. Kunne godt ha vore litt større utval av einsfarga, men fargerike sokkar som livar opp i sokkeskuffa er jo kjekt også.
Strikkeopplevelse: Garnet er godt å strikka med. Mjukt og glir lett på pinnane. Eg strikkar med pinne nummer 3, som er oppgitt pinnestorleik. Sokkane vert tette og akkurat passe tjukke.
I bruk: Sokkane held seg UTRULEG godt. Dei nuppar eller loar ikkje og er slitesterke. Ingen antydningar til slitasje. Sjølv om dei er brukt i over to år ser dei nesten nye ut.
I vask: Garnet oppfører seg eksemplarisk i vask. Sokkane held fasongen vask etter vask. Ingen toving eller krymping. Tåler maskinvask. Vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel.
Perfect frå Sandnes
Fiber: 85 % ull, 15 % nylon.
Pris: 27 kroner for 50 gram. Eg treng to nøster til damesokkar, litt mindre enn tre til herresokkar.
Fargeutval: Det har vore dårleg i lang tid, noko som har ført til at eg har strikka x antal par i same farge. Den siste tida har Sandnes komme med nye fargar, men tre av dei finst frå før (blå, rosa og kvit, berre i andre nyansar).
Strikkeopplevelse: Før tykte eg garnet var godt å strikka med, men i det siste tykkjer eg at garnet har endra seg. Perfect var den absolutte sokkegarnfavoritten før, men no fell det lenger og lenger ned på lista. Garnet er tjukkare enn f.eks. Sterk og PT5. Anbefalt pinnestorleik er 3.5-4 mm, men eg strikkar med 3 mm. Tykkjer det vert slaskete på større pinnar og så er det godt med litt tjukkare og tette sokkar. Dessutan vert dei meir slitesterke når dei er strikka på tynnare pinnar.
I bruk: Eg tykkjer det varierer veldig frå par til par korleis dei held seg. Eit par gonger har eg opplevd at sokkane vert fort holete og veldig nuppete. Kanskje det har vore dårlege nøster, for som regel held sokkane i Perfect seg godt. Dei mistar fasongen litt, men ikkje så mykje at det ikkje går an å bruka sokkane.
I vask: Toler maskinvask. Vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel. Etter mange vask har sokkane tova seg litt.
Dette paret var ikkje lenge i bruk før det vart både holete og nuppete.
Zauberball frå Schoppel Wolle
Fiber: 75 % ull, 25 % nylon.
Pris: 80 DKK for 100 gram frå www.123knit.com
Fargeutval: 123knit har eit greit fargeutval. Alle nøstene er fleirfarga med ganske lange fargeskift.
Strikkeopplevelse: Garnet er tyyynt, så eg strikka med dobbel tråd på pinne nummer 3. Det var ikkje så veldig godt å strikka med, det kjentes nesten syntetisk ut på pinnane. Garnet var også laust spunne, så det delte seg lett. Ikkje eit garn eg skal kjøpa meir av, for eg tykkjer garnet må vera godt å strikka av.
I bruk: Sokkane har berre vore i bruk eit halvt års tid, men dei har holdt seg ganske godt. Eg strikka berre ei kort vrangbord og glattstrikk resten, så sokkane er litt slaskete, men det er min feil. Hadde nok vore betre i ribbestrikk, men det trur eg gjeld for alt sokkegarn.
I vask: Garnet har oppført seg bra i vask. Det nuppar litt, men ikkje så mykje at det dett av dottar.
Det var det for denne gong. Eg veit ikkje heilt når neste garnvurderingsinnlegg kjem, sidan ein del av sokkane må verta brukt litt meir først.
mandag 12. mars 2012
Sokkestim
Sokkestrikkelysta var tilbake for ei stund sidan, så no har eg endeleg noko ferdigstrikka eg kan blogga om.
Først fekk eg gjort ferdig tre par med UFO-ar, så rakk eg to nye par før lysta forsvann like fort som ho kom.
Det aller beste er at eg fekk brukt opp noko av det sjølvstripande sokkegarnet mitt - faktisk tre store nøster. Eg tykkjer sokkar av slikt garn vert ufordrageleg stygge, men likevel renn det inn nøste på nøste. Det kan kanskje ha noko med at eg får hjartebank kvar gong eg ser eit slikt nøste i butikken. Dess fleire fargar på nøstet, dess betre. Men så gløymer eg at det vert hesleg oppstrikka. Ja, ja.
Alle sokkane er strikka på pinne nummer 3, 48 masker. Tre av para i blåbærvaffelmønster, dei andre to i glattstrikk.
I tillegg fekk eg det for meg at eg skulle rydda i sokkegarnet mitt, for å lettare finna fram i mengdene.
No ligg alt i plastkassar, sortert etter tjukkelse, merka med tynt/mellomtynt/mellomtjukt/tjukt/restar og pinnestørrelse for dei ulike gruppene utanpå kassen. Planen er at innholdet i fire av seks kassar skal slankast vekk. Eg må jo ha litt sokkegarn på lager, så mykje sokkar som eg strikkar, men det fins jo grenser for alt.
torsdag 27. oktober 2011
Travel torsdag
I dag har eg vore effektiviteten sjølv. Frå Fantoft til Askøy, Lagunen og Fyllingsdalen. Frå handlesenter til treningssenter. Både helgehandelen og –vasken er unnagjort. Eg har rydda, bretta klede, skifta på senga, teke oppvasken (!), støvsugd og vaska både her og der. Og sist, men ikkje minst, eg har kjøpt garn! Seks nøster med herleg gul alpakka som skal verta til hals til meg. Og seks nøster med Lima som skal verta til ei bursdagsgåve, ei julegåve og eit vottepar til berre meg. Skomakaren sine ungar og alt det der.
Det vert lang tid mellom innlegga her no, men sidan eg stort sett strikkar på julegåver for tida, har eg ikkje så mykje ferdigstrikka eg kan visa fram.
Håpar du også har ein super torsdag!
fredag 7. oktober 2011
Sokkar in spe
Socktober er godt i gang, så eg har rydda litt i sokkegarnskuffa. Eg trur det vert sokkar under treet i år også, ja. Ikkje treng eg handla meir for å ha nok til alle dei planlagde para heller.
Og dette er berre sokkegarnet som ligg hjå opphavet, brorparten befinn seg nemleg i ein tv-benk i by’n.
onsdag 29. juni 2011
Frisk bris
Som sagt i går, så har eg vore på butikken og kjøpt litt garn som skal verta til eit fargerikt bølgjeteppe.
Sidan eg aldri har hekla bølgjer før, så måtte det prøvast. Resultatet vart tre prøvelappar. Øverst har eg brukt heklekrok nummer 5, i midten krok nummer 4,5 og nederst krok nummer 4. Etter litt fundering har eg bestemt meg for at eg skal hekla teppet med krok nummer 4,5. Trur det vert best – ikkje for laust og ikkje for fast.
Faktaboks for spesielt interesserte:
Oppskrift: Neat ripple pattern. SUPER oppskrift! Godt og enkelt forklart med bilete for kvart steg
Garn: Sandnes duett, 55 % bomull og 45 % ull
Heklekrok: 4.5, Harmomy wood
Størrelsen på teppet har eg ikkje heilt planlagt. Sidan eg aldri har hekla eit bølgjeteppe før, anar eg ikkje kor mykje garn som går med. Duett er eit garn som er på veg ut, så det er heller ikkje så lett å få tak i meir seinare. Eg trur eg går for 130-140 cm breidde, så får eg hekla det så langt som eg har garn til.
Med ynskje om ein strålande dag i regnet!
onsdag 6. april 2011
På flyttefot
Garn i plastposar og plastkassar stabla i høgda er ikkje spesielt koseleg på soverommet, så i dag har eg rydda plass til alt gullet mitt i boden.
Endeleg litt orden, og ikkje minst så er det ubeskriveleg herleg å få tilbake eit soverom med kun kommode og seng.
søndag 13. februar 2011
Praktisk pynt
Mitt siste storinnkjøp står på toppen av bokhylla og pyntar så fint opp.
Pynteting med bruksverdi er jammen supert. Og når all tråden er 8,4 kilometer lang og veg 1,5 kilo, så tek det ei stund før pynten er brukt opp også. Perfekt, med andre ord.
mandag 26. juli 2010
Mandagsgodteri
Ein “liten” snartur innom garnbutikken resulterte i ein pose full av snop.
Og eg som liksom skulle slanka lageret for å få meg med alt garnet mitt til Bergen om to veker. Vel, vel.
Elles har det vore nokre stille veker her på bloggen. Sommar, mykje jobbing og litt andre prosjekt har teke tida og energien. Men strikking har eg fått tid til, så det kjem snart (alt er relativt) nye og ferdige prosjekt på bloggen.
onsdag 9. september 2009
Ny favoritt!
Shetland soft frå Malsen og Mor. 100 % ull, mjukaste av det mjuke og nydelege fargar!
Butikken har dessutan fine prisar, billig porto og kjapp levering. Anbefalast på det varmaste.
tirsdag 25. august 2009
Nesten Noro
I lang tid har eg drøymt om sokkegarnet Noro. Sokkane som er strikka med det garnet vert så fantastisk fine - berre sjå her, for eksempel. Men den lokale garnbutikken min har det ikkje i sortimentet sitt, det er ganske dyrt (iallfall der eg har funne det på nettet) og eg har høyrt ein del negativt om det, så det har ikkje vorte til at eg har gått til anskaffelse av eit slikt nøste.
Uansett har stripene dukka fram på netthinna kvar gong eg har vore innom ein garnbutikk, og ein dag i sommarferien såg eg faktisk Norogarn. Trudde eg. Det viste seg at det var Järbo Fantasi eg hadde sett, men det likna veldig. Litt skuffa, men sidan det garnet ikkje var så dyrt tok eg med meg nokre nøster og betalte. Og for ein opptur! Garnet har nydelege og lange fargeskift, akkurat som Noro og sokkane blir i mine auge akkurat like fine som dei “ekte”.
Dessutan er hovudfargane i dette nøstet begge dei to favorittfargane mine – lilla og grøn.
No treng eg ikkje drøyma om Noro meir, eg har funne ein finfin erstatning.
mandag 15. juni 2009
(G)ullskattar
Etter at strikkekarrieren min vart nettbasert har eg fått augene opp for litt anna garn enn berre raggegarn frå Sparkjøp. No ramlar det inn tråd frå alle krokar og krikar i verda, det eine nøstet meir fantastisk enn det andre.
New Zealandsk lammeull er ein av favorittane. Garnet er billig, har mange flotte fargar og er fantastisk godt å strikka med. Betre kan det ikkje bli.
Og så har eg oppdaga eit nytt sokkegarn; Zauberball frå Schoppelwolle. Mildt sagt nydelege fargar. Nøstene MÅ sjåast i verkelegheita. Fargane og overgangane mellom dei kan ikkje beskrivast på nett, verken med bilete eller ord. Dette skal så avgjort verta berre miiine sokkar!
Det finst mykje herleg norsk garn også. Mmmjuk og herleg alpakka kan ein ikkje gå forbi, og i hvert fall ikkje når garnet er på sal.
Lukke KAN kjøpast for pengar.
onsdag 14. januar 2009
Pinnemat i postkassen
Garnet er New Zealand Lammeuld, bestilt frå http://www.123knit.com/. Fantastisk nettside og fantastisk garn! Dette skal bli til klesplagg frå boka "Strikk til nøstebarn", som kom i hus i går. Fargane på bilda vart ikkje så bra, men det er altså brunt, oransje og lilla.
Elles går det sakte framover med bestemorsteppet. Trur det er godt at det endå er mange månadar til jul, for det dukkar stadig opp nye prosjekt på pinnane. No er det bestemt at eg skal gjera ferdig minst to sokkeUFOar før eg startar på noko nytt.
.jpg)
.jpg)
.jpg)
