torsdag 27. oktober 2011

Travel torsdag

I dag har eg vore effektiviteten sjølv. Frå Fantoft til Askøy, Lagunen og Fyllingsdalen. Frå handlesenter til treningssenter. Både helgehandelen og –vasken er unnagjort. Eg har rydda, bretta klede, skifta på senga, teke oppvasken (!), støvsugd og vaska både her og der. Og sist, men ikkje minst, eg har kjøpt garn! Seks nøster med herleg gul alpakka som skal verta til hals til meg. Og seks nøster med Lima som skal verta til ei bursdagsgåve, ei julegåve og eit vottepar til berre meg. Skomakaren sine ungar og alt det der.

IMGP0284 (2)

Det vert lang tid mellom innlegga her no, men sidan eg stort sett strikkar på julegåver for tida, har eg ikkje så mykje ferdigstrikka eg kan visa fram.

Håpar du også har ein super torsdag!

11 kommentarer:

Unknown sa...

Flinkis! Travel dag og mykje farting! Kor kjøper du mesteparten av garnene dine? :)

Magiske pinnar sa...

Elise: takker. Det kjem heilt an på kva slags garntype eg skal ha. Ikkje alle butikkane som sel det same. Men stort sett handlar eg "vanleg" garn på Strikkebui heima. Noke spesielt du tenkte på?

Linda sa...

Heisann for ein travel dag. Kjekt å sjå at du brukar strikkebui. Ikkje mange som har dette utvalget. No er det så mykje garn der at ein kjem snart ikkje inn i butikken :)

Mette sa...

Ah, deilig med effektive dagar. Nydeleg gulfarge. Ha ein god strikkekveld.

Unknown sa...

Eg tenkte om du kjøpte garn her i Bergen, kor kjøper du da? :)

Magiske pinnar sa...

Elise: då kjøper eg hjå Nilssen på Bryggen (dei har det meste), Husfliden viss eg skal ha deira garntype og To damer på Askøy viss eg skal ha Dropsgarn (garnstudio.com).

Modellstrikk i Vaskerelven har Drops også, men eg tykkjer dei har ELENDIG service, så eg gidd ikkje legga att pengane mine der når eg kan få god hjelp hjå ho som driv butikken på Askøy.

På internett handlar eg hjå www.123knit.com og www.malsenogmor.no

Unknown sa...

Heisann! Så på stashet ditt på Ravelry at du har 2 nøster naturhvit Bambino Ull....er du interessert i å selge/bytte?? Mangler garn til å ferdiggjøre prinseteppet :-)
Hilsen Vigdis aka vis2vas

Unknown sa...

Takk for tipsa ;) Dei er notert (i harddisken, så jedna e spør fleire gange..) :) E ha kjøpt garna mine til no på Modellstrikk, men e litt småenig med deg der.. Liten butikk, mykje folk... Einaste ulempen med Askøy e jo at e ikkje ha lappen :p

Magiske pinnar sa...

Elise: Det er berre til å spørja. Hehe, men mannen din har jo lappen! :-D

mimouna sa...

Fine farger på garnet ditt. Og så får vel alle nysgjerrige vente litt med å se hemmelighetene du strikker. Bra at du lager litt til deg selv også. :)

God helg.

Anonym sa...

Nyyyydelig, gult garn! *fjernkose på*