Litt seinare enn lova, men skulen sluker dessverre tida mi. Uansett, random.org hjalp meg og den heldige vart nummer 3, Guro! Send meg adressa di, så kjem det ein mjuk pakke i postkassa.
Tusen takk for alle kommentarane! Eg set stor pris på kvar einaste éin.
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
onsdag 14. januar 2015
fredag 2. januar 2015
Hipp, hipp hurra!
I går hadde bloggen bursdag - heile seks år er det sidan eg skreiv det første innlegget. Det må sjølvsagt feirast med gåver, bollar og brus! Og gåva tenkte eg du skulle få, sidan eg veit kva som er inni. Alt du må gjera er å leggja att ein kommentar under dette innlegget innan neste fredag (9. januar), så er du med i trekninga.
Og gåva er sjølvsagt mjuk. ;-)
![]() |
Biletet er henta her. |
Etiketter:
Konkurranse
søndag 25. oktober 2009
Og vinnarane er …
… Mimouna, Guro, Innfall og Iden!
Sidan garnlageret mitt har okkupert så mykje av klesskapet mitt at eg ikkje får plass til verken sokkar eller vinterens ullklede, trakk eg like godt fire vinnarar, så krympar lageret forhåpentlegvis så mykje at eg kan få skvist inn litt av det som eigentleg skal vera i skapet.
Send meg adressene dykkar, så skal eg gå i garnlageret og finna passande premiar.
Etiketter:
Konkurranse
søndag 18. oktober 2009
Konkurranse!
Teljaren min har passert over 1000 besøkande, og det må sjølvsagt feirast med ein liten konkurranse!
Skriv ein kommentar under dette innlegget innan neste søndag, altså den 25. oktober klokka 18.00, så trekkjer eg ein (eller kanskje to?) vinnar(ar) som får ein pakke i posten.
Fyr laus med kommentarar!
Etiketter:
Konkurranse
Abonner på:
Innlegg (Atom)