fredag 27. mai 2011

Hurra!

Ein 20-årsdag og ein 60-årsdag i familien må jo feirast med muffins. Brune og gule, pynta med melis og sjokoladeglasur, nonstop, kakestrø og sjokoladehjarter. Rett nok ikkje på same muffinsen, det hadde vorte litt mykje. ;-)

Då er det berre til å håpa på at bakverket fell i smak hjå den eldste jubilanten. Den yngste får heller venta til sommarferien dersom ho ynskjer seg muffins.

IMGP9023 (2)

Det er ikkje ofte eg får til så fine muffinsar. Akkurat passe mykje deig oppi kvar form, akkurat passe mykje steikt, ingen vulkankrater og heilt fantastisk smak! (Sjølvskryt er bra når det er fortent. ;-))

Eg har definitivt funne mi favorittoppskrift. Dette er tredje gongen eg brukar ho og alle tre gongane har eg fått til muffins som både ser ut som og smakar som muffins. Jippi! Denne skal skrivast inn i kokeboka mi.

---

Håpar du får ei nydeleg helg!
Her ser det ut som om sola er på veg tilbake, så eg skal ut og innvia solstolen min som eg typisk nok kjøpte dagen før regnet kom.

torsdag 26. mai 2011

Ja, det er Mummi

Sidan sist har det vorte litt fleire koppar.

IMGP8993 (2)

No har eg alle dei “vanlege” koppane som har vore i sal sidan eg starta samlinga mi, så no ventar eg berre på at sesongkoppane kjem ut.

søndag 22. mai 2011

Tørketid i regnet

Strikkelysta har tydelegvis teke ferie, for no er eit par omgongar på ein kjøkenklut alt eg orkar om dagen.

Så som pausefisk får de eit par garnnøster in spe.

IMGP8943

IMGP8945

Håpar du får ein god søndagskveld og ei flott veke!

onsdag 18. mai 2011

Blomster, blomster, favnen full av blomster

Det spirer og gror i hagen og i den anledning har eg lufta makroobjektivet mitt.


IMGP8923 (2)IMGP8922 (2)IMGP8921 (2)IMGP8918 (2)IMGP8909 (2)IMGP8740 (2)

mandag 16. mai 2011

Oppussing pågår

Rommet mitt heime hjå opphavet er ikkje akkurat innreidd med stil. Litt diverse trefarga møblar og ei skranglete, knallblå hylle frå barndommen er ikkje heilt meg. Difor har eg bestemt meg for at rommet skal verta nytt. Måling, grunning og kostar vart innkjøpt og eg sette optimistisk i gong.

Første møbel ut var kommoden som bestefar har laga. Ein skikkeleg solid og flott kommode, men svarte krusedullar teikna av ein ung kunstnar var ikkje akkurat fint, så denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP8877 (2)

Sjøgløtt frå Jotun Sens. Fiiin blålysturkisgrøn farge.

IMGP8884 (2)

Ei målt skuff og ei skuff med to lag kvit sperregrunn.

IMGP8886 (2)

Og slik vart resultatet. Meget bra! Fargen er akkurat slik eg har sett for meg og eg er særdeles lukkeleg.

IMGP8901 (2)

IMGP8902 (2)

No ventar berre resten av møblementet på at eg skal få sommarferie og god tid til å svinga målarkosten.

God 17. i morgon!