tirsdag 22. juni 2010

Håpefulle huer, del 3

Eg strikkar framleis på krefthuer. No er innsamlinga til St. Olavs avslutta, men det er starta ein påfyllingsrunde til Stavanger Universitetssjukehus. Du kan lesa meir om det her.

Her kjem første halvpart av huene eg har laga så langt:

IMGP7887

Den grøne og den rosa er The Natural, strikka i Drops Karisma. Den blå er Lace Leaf Hat, også strikka i Karisma. Veldig fine og enkle mønster, engelske oppskrifter er som alltid godt forklart. Den rosa hua strikka eg rett etter den grøne, men utan oppskrifta framfor meg, så det vart litt på gefühlen. Det resulterte i omvendte fletter, men pytt, pytt. Litt variasjon er jo kjekt.

IMGP7889

To heilt enkle stripehuer, strikka etter Judith si fantastiske oppskrift på huer frå toppen og ned. Garnet er Schachenmayr nomotta extra merino, så desse er mjuke og gode.

IMGP7890

Endå to opp-ned-huer. Den mørkaste er strikka i Sterk og den lysaste i Falk. Huene har ikkje vrangbord nederst, så eg hekla ein kant med fastmasker rundt, slikt at kanten ikkje rullar langt oppover øyra.

IMGP7892

Så er det litt lett blanding. Den kvite er Odessa, strikka i Tuva. Ei garantert kløfri sommarhue. Den mintgrøne (oppe til høgre) er Truffle, strikka i Sandnes alpakka.
Dei to nederse er Slouched Tuva Hat, strikka i Drops merino extra fine og Robin's Egg Blue Hat, strikka i Schachenmayr nomotta extra merino big.

IMGP7904

Så er det ein liten bråte med huer som eg har hekla. Ein periode i vår var eg skikkeleg lei av strikkepinnane mine, så då fann eg fram heklenåla og masseproduserte huer. Alle er hekla i Schachenmayr nomotta extra merino big, så dei er ganske tjukke. Fine vinterhuer.

Eg har endå nokre huer som er ferdige, men dei tek eg i eit anna innlegg, for det kan jo verta for mange flate og kjedelege bilete av huer. Sånn går det når eg ikkje har huemodell tilgjengeleg.

onsdag 16. juni 2010

Prosjekt frigjering av strikkepinnar

Inne på Hobbyboden har Judith sett i gang ein uformell motivasjonskonkurranse for frigjering av strikkepinnar. Dette høyres verkeleg ut som noko eg må vera med på.

IMGP7862

IMGP7860

Eg visste at eg hadde ein del prosjekt på gong, men ikkje at det var så mange! Med 30 mm på kameraet fekk eg ikkje plass til alle på eitt bilete eingong.

På det øverste biletet er det kun sokkar. På det nederste er det ei babybukse, ein babyvest, to sjal, ei hue og ei babyjakke. I tillegg har eg tre bestemorsrutetepper som ikkje er ferdige. Vel. Det er nok å hengja fingrane i.

Målet for prosjektet er at alle pinnane skal vera ledige til 10. juli. Optimist? Eg? Hæ?

Tanken er faktisk så oppskakande at eg trur eg må roa nervene med å leggja opp til ei ny krefthue.

onsdag 9. juni 2010

Kveldskos

Heimalaga skulebolle med masse vaniljekrem (under eit like stort lag med melis og kokos), russesokkstrikk i to av favorittfargane og House på tven.

IMGP7850

Kvelden kan ikkje verta betre.

søndag 6. juni 2010

Award

Eg har fått ein kjempefin award hjå Komadyret. Tusen hjarteleg takk!

Saman med awarden skal ein skriva sju interessante fakta om seg sjølv. Vel. Her kjem dei, interessante eller ei:

1. Eg må alltid ha lydnivået på radioen i bilen på partal når eg køyrer, elles vert eg heilt sett ut.

2. Viss eg trur at arbeidsdagen vert stressande eller tung, står eg opp fem minuttar før tiden, slik at eg rekk eit par omgangar på strikketøyet mitt før eg reiser. Då går alt så mykje betre i løpet av dagen.

3. Eg ELSKAR sjokolade.

4. Eg ser ikkje noko som er lenger vekke enn ein halv meter utan brillene mine.

5. Eg fekk ei geit til konfirmasjonen min. Ho har no fått så mange born og borneborn og sikkert oldeborn også at eg har ikkje kontroll på flokken.

6. Eg har søkt på sjukepleiarskulen, sjølv om eg svimar av kvar gong eg ser ei sprøye.

7. Eg er dårleg på å finna interessante fakta om meg sjølv.

Awarden skal sendast vidare til sju andre bloggarar, men eg klarar ikkje velgja ut sju stykkjer blant den lange og fine bloggelista mi, så eg gir den like godt vekk til alle som er innom og les her! Det er vel fortent.