Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg

fredag 22. juli 2011

Oppussing pågår, del 2

No var det endeleg kista sin tur. Eg er mektig lei av furufarga møblar, så også denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP9724 (2)

Denne gongen brukte eg fargen Siv frå Jotun Sens. Ein litt ubestemmeleg grøngrå farge som skiftar veldig etter lyset og kva fargar som er på møblane attmed. Men fin er den så absolutt.

IMGP9729 (2)

Sidan treverket var behanda vaska eg først med grønsåpevatn, så pussa eg ned med fint sandpapir. Etterpå grunna eg to strøk med vanleg sperregrunn før eg målte to strøk med vanleg måling. 

Kista har fått plass ved sidan av Fretexfunnet mitt. Eg berre elskar den stolen! Skikkeleg gladstol. Han skal også få seg litt pleie, men det vert ikkje før litt seinare.

IMGP9737 (2)

No har eg målt det eg skal måla og eg har kjøpt og skrudd opp ny bokhylle, så no står det att berre eit par småting før eg er ferdig med prosjekt oppussing av barndomsrommet.

Del 1

mandag 16. mai 2011

Oppussing pågår

Rommet mitt heime hjå opphavet er ikkje akkurat innreidd med stil. Litt diverse trefarga møblar og ei skranglete, knallblå hylle frå barndommen er ikkje heilt meg. Difor har eg bestemt meg for at rommet skal verta nytt. Måling, grunning og kostar vart innkjøpt og eg sette optimistisk i gong.

Første møbel ut var kommoden som bestefar har laga. Ein skikkeleg solid og flott kommode, men svarte krusedullar teikna av ein ung kunstnar var ikkje akkurat fint, så denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP8877 (2)

Sjøgløtt frå Jotun Sens. Fiiin blålysturkisgrøn farge.

IMGP8884 (2)

Ei målt skuff og ei skuff med to lag kvit sperregrunn.

IMGP8886 (2)

Og slik vart resultatet. Meget bra! Fargen er akkurat slik eg har sett for meg og eg er særdeles lukkeleg.

IMGP8901 (2)

IMGP8902 (2)

No ventar berre resten av møblementet på at eg skal få sommarferie og god tid til å svinga målarkosten.

God 17. i morgon!