lørdag 21. februar 2015

På pinnane

Litt nytt frå pinnane mine:


Det oransje er eit skjerf, strikka i Tulliball. Eg gjekk tom for garn nokre omganger før felling, så eg må ta meg ein tur på butikken og sjå om eg finn noko som liknar i både farge og kvalitet. 

Det gule er starten på ein sokk, men eg lurer på om eg skal rekka opp og bruka garnet til noko anna. Eg er liksom ikkje heilt i sokkestrikkehumør for tida. 

Det rosa og kvite er ein hals til juleflyinnsamlinga. Lagerslankinga går veldig bra og restane vert strikka opp bit for bit. Det er fint å sjå at garnet eg helst vil gi vekk kan verta til noko varmt og nyttig til nokon som ikkje har så mykje. Planen er fire halsar og fire huer til dei fire vottapara frå førre innlegg. 

Kommande veke er det studieveke/vinterferie, så forhåpentlegvis vert det mykje ferdigstrikka og mange plagg å blogga om.

lørdag 14. februar 2015

Restegarnsstrikk #2

Eg held fram med lagerslankinga mi, sjølv om det ikkje går så fort nedover. Det første eg vil verta kvitt er alt restegarnet. Eg grov derfor fram diverste restar og enkle nøster av Finull og PT2.


Eit kjapt og enkelt prosjekt er dei rillestrikka vottane frå Strikk til nøstebarn. Med dobbelt garn og relativt tjukke pinnar går det fort å strikka ein liten vott. Det vart fire par før eg var lei av vottestrikking. Desse har eg tenkt å senda til juleflyinnsamlinga, som du kan lesa meir om her.


Finull og PT2 er litt tjukkare enn Nøstebarn sitt totrådsgarn, som er brukt i oppskrifta, så vottane vart nok litt større enn 3-5 år. Men, men. Tjukke, varme vottar i rein ull er godt å ha uansett kor gammal ein er.


Då er det berre ein nesten full plastkasse med restegarn att. Sukk.

lørdag 7. februar 2015

Brunbjørn

Endå litt meir småstrikk er ferdig. Eller, det har vore ferdig ei god stund, men alt det andre tek visst veldig lang tid.


Ein vest, ei hue og ei bukse, alt i nyansar av brunt med like treknappar. Vesten er frå Strikk til nøstebarn, strikka i Drops sitt alpakkagarn. Buksa er onkel Malsens kosebukse, strikka i Shetland soft. Hua er pilotlue frå Klompelompe, strikka i Sandnes merinoull.

Alle tre oppskriftene er nye favorittar. Så enkle å strikka og så gode og praktiske i bruk (vil eg tru, då).