Viser innlegg med etiketten Julegåve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julegåve. Vis alle innlegg

fredag 18. desember 2015

Tantestrikk

Siste barneplagg av pinnane er to overdelar til vetle fadderjenta mi.

 

Osloanorakken er strikka på bestilling, medan rodeogensaren er strikka etter ein surferunde på Instagram, der eg fall pladask for den stilige gensaren. 


Oppskrifta på anorakken er Pickles si, som du finn her. Eg brukte Drops Nepal og det gjekk med fire nøster gråbeige-isj og tre nøster rosa i størrelse 1-2 år. Anorakken er fiffig konstruert, med forlenga rygg, raglanfelling med knappestolpe og stor og god hette. Snille mamma sydde i knappar og heimalaga-merke i nakken, så no manglar det berre eit milobad før anorakken er klar til å pakkast inn. 


Rodeogensaren er Paelas-jentene sitt verk og oppskrifta finn du her. Til denne brukte eg favorittgarnet mitt, Drops Air. Det gjekk med to nøster i størrelse 1-2 år, altså ei fjørlett og luftig lita sky. Gensaren er strikka frå toppen og ned med aukingar framme og bak, noko som gir ein fin a-fasong. Saman med frynsene og felta der du slepp ned kast, vert dette ein litt annleis, men veldig stilig gensar.


Eit lite hjarte nedst på gensaren pyntar diskre opp. Skya må også få seg eit milobad, slik at frynsene kan pressast lett på plass. 

No manglar eg berre å strikka ferdig eit sokkepar, så er alle julegåvene i boks (eller rettare sagt i papir ;-)). 

onsdag 16. desember 2015

Sokkestrikk

Sokkar passar perfekt som innimellomstrikk i travle tider, sidan det er eit spøt eg enkelt kan legga frå meg og ta opp att, uansett kor langt eg har komme. Sjølv om det nokre gonger går sakte framover, vert ein omgang her og ein omgang der alltid til to ferdige sokkar.



Dette paret er strikka i løpet av november og desember. Travle månadar, men då er det godt å ha eit strikketøy å halda fast i mellom slaga.



Eit heilt enkelt, ribbestrikka par med langt bråt. Garnet er Robust og eg har brukt pinne nummer tre og 48 masker, som vanleg. Sokkane skal rett i gåvepapiret og så hamnar dei under eit juletre om åtte dagar. Forhåpentlegvis kan dei varma to føter i mange kalde vintrar framover.

lørdag 27. desember 2014

Gjensyn

Det har vore ein travel haust med lite tid til blogging, men strikka gjer eg uansett kor travelt det er, om det så berre vert ein pinne i veka. Sist ferdig er ein liten kjole til vetle fadderjenta mi. 


Planen var at ho skulle få han til jul, men det gjekk ikkje. Eg vart ferdig med strikking og trådfesting første juledag, mamma sydde i knappar i går og i dag har han fått seg eit milobad.


Oppskrifta eg har brukt er Smillas kjole frå heftet All you knit is love av Susie Haumann. Eg har alltid likt dansk strikkedesign og oppskriftene i dette heftet er ikkje noko unntak. Frå før har eg strikka Grys jakke, hue med øreklapper, vanter/sokker og ballonbukser. Oppskriftene er enkle og godt forklart og resultatet vert alltid bra. Denne kjolen passa perfekt til tv-strikk, då mønsteret var lett å hugsa.


Kjolen er strikka i Merci, eit ull- og bomullsgarn frå 123knit. Fargen heiter jordbæriskrem og er skikkeleg fin. Det gjekk med litt over 50 gram i størrelse 6-12 månadar. Eg strikkar litt laust, så eg brukte pinne 3, ikkje 3,5. Eg strikka faktisk prøvelapp før eg begynte (!), for å få ein kjole som stemmer med måla i oppskrifta. I nakken er det splittopning med to knappar.


Kjole er kanskje ikkje det mest praktiske plagget til ein liten unge, men det er jo så søtt at det får gå. Eg vil tru fasongen på plagget gjer at det veks med jenta og kan brukast som tunika når ho vert større. 

onsdag 1. januar 2014

Nytt år, nye moglegheiter

Det har ikkje vorte mykje blogging det siste halvåret. Eg har strikka jamnt og trutt, men fotograferingstid og bloggelyst har ikkje vore på plass. No håpar eg at det er på veg til å snu. Mesteparten av det som eg har strikka ferdig sidan juli vart pakka inn og gitt vekk før eg fekk teke bilete av det, men noko har eg fått dokumentert.

Først ut er undertrøya mamma fekk. Her vist på ei smal vetlesøster, så trøya er ikkje fullt så skrukkete på mamma.


Ho fekk ein singlet til jul for nokre år sidan og no ønskte ho seg ein ny. Denne gongen fann eg ut at eg skulle strikka med ermer, så vert det litt varme på armane og.

Eg tok utgangspunkt i to oppskrifter frå Strikk til nøstebarn. Undertrøya med ermer skulle strikkast i dobbelt garn på tjukke pinnar og undertrøya med enkelt garn hadde isydde ermer. Sidan eg ville ha ei trøye i enkelt garn på tynne pinnar med raglanfelling, blanda eg dei to oppskriftene. Resultatet vart heilt greit. Trøya er litt trang under armane, men det går forhåpentlegvis an å strekka ut etter vask.


Garnet eg har brukt er Shetland soft. Litt ubehageleg lukt, men fantastisk godt å strikka med og resultatet vert utruleg lett, luftig og varmt. Det gjekk med berre 100 gram, så det er eit veldig drygt garn. Pinnestørrelsen har eg sjølvsagt gløymt, men eg vil tru at eg brukte 3,5 mm.


To rett, to vrang i ei lita æva og vips, så har du ei fantastisk varm og god undertrøye. Perfekt som innerste lag på kalde dagar.