I år har eg delteke i OL. Og det i den seigaste øvelsen av dei alle, nemleg 5-mila. Eg kan melda om fantastisk godt føre, godt feste i oppoverbakkane og god gli nedover.
Og det er sjølvsagt strikke-OL eg snakkar om. ;-)
Uformelt.net arrangerte Vancouver 2010-along samstundes med vinter-OL, så eg meldte meg på slalom (noko med fletter, valfritt prosjekt), kunstløp par (noko i par), utfor (hals) og 5-mil (seige UFO-ar).
Eg ga meg i kast med 5-mila først (alltid godt å vera ferdig med dei tyngste oppoverbakkane). Marie-gensaren har lege på vent sidan oktober i fjor. Det var kun armane og vrangbord nede som mangla, men angst for å gå tom for garn før gensaren var ferdig, gjorde prosjektet til ein UFO. Det er dumt å strikka vidare for å sjå om garnet faktisk tek slutt, difor gøymer me han nederst i korga og latar som ingenting. Vel, vel.

UFO-øvelsen ga meg ein god anledning til å fullføra gensaren. Då eg først sette i gang, gjekk det faktisk rasande fort. Sjokolade som doping er å anbefala. Ikkje vart det tomt for garn heller!
150 gram silkemjuk gensar er resultatet, ein god gullmedalje. Mønsteret er Marie av Britta Wilfert. Garnet er DSA babysilk på pinne nummer 3. Varmt, godt og mjuuuukt.
Elles er eg ferdig med både kunstløp og utfor, men litt fartsskada etter ein heftig utforomgang må slalomen venta til helga.