Det siste året har eg funne ut at kjøkenklutar er perfekt ventestrikk. Tanketom og enkel strikk der det ikkje gjer noko om ein må gå midt i ein pinne. Det passar fint medan eg ventar på at middagen skal koka ferdig, medan eg ventar på at klokka vert nok til at eg må springa til bana, medan eg ventar på at den berømte sokk nummer to skal verta ferdig og så vidare.

Eg har tydelegvis venta mykje den siste tida, for haugen med klutar har vakse ut over alle støvleskaft, eventuelt ut over all skapplass.
For å få litt variasjon har eg hekla eit par klutar også. Det gir tjukkare og stødigare klutar, men dreg samstundes meir garn.
Eg har brukt to typar bomullsgarn, Paris frå Garnstudio og Petunia frå PT. Paris er tjukkare og gir mindre, men fastare klutar, medan Petunia er tynnare og gir større klutar. Paris er betrakteleg mykje billigare enn Petunia, men så er det jo det med størrelsen også. Eg tykkjer begge garntypane er gode å strikka/hekla med og har ingen favoritt. Det einaste må vera at Paris har eit heilt enormt fargeutval.
I forhold til bruk og vask over tid har eg endå ingen erfaring, sidan klutane er tenkt som gåver litt fram i tid.

Den raude kluten på biletet over er strikka i Petunia. Som ein ser er han mykje større enn dei andre. Den grøne er hekla i Petunia og er mykje mindre enn den raude, men samtidig er han fastare. Den gule kluten er strikka i Paris og det same er den grå, men han er vaska ein gong på 60 grader. Det er ikkje så godt å sjå på biletet, men etter vask vart kluten stødigare og kjennes mykje meir “klutete” ut.
Eg anbefalar klutstrikk/hekling på det varmaste! Det går kjapt, ein får brukt opp heile nøstet, ein får noko nyttig, heimastrikka klutar er mykje billigare enn dei ein kjøper på dyre designbutikkar, bomull er godt å strikka med (iallfall dei to typane eg har brukt) som ein forandring frå ull og alpakka og sist, men ikkje minst; ein kan få klutar i akkurat den fargen ein vil. Supert dersom ein er oppteken av matching på kjøkenet.