Endå ein UFO er ferdig! Denne gongen er det ein stripehals som eg starta på i august i fjor. Eg blogga om starten her. Som så mange gonger før gjekk eg lei omtrent halvveges og la strikketøyet vekk.
Men i januar hadde eg altså opprydding i UFO-korgene og då fekk eg han endeleg ferdig. Snille mamma festa trådar og sydde saman, så no manglar han berre eit milobad. Til helga, kanskje.
Oppskrifta eg har brukt er A million stripes loop (Ravelry). Garnet er ein blanding av New Zealand lammeull frå 123knit og Shetland soft frå Malsen og mor. Eg plukka fram ulike blå- og gråtonar, sidan det var det eg hadde mest av. Eg veit ikkje kor mykje det gjekk med av kvar farge, men store garnsluket var det ikkje. Enkel tråd på pinne nummer 3. Resultatet er lett, luftig og veldig varmt.
Onkel sin søte hund stilte villig opp som modell.