Medan eg ventar på at strikke- og bloggelysta skal komma tilbake, har eg strikka litt sokkar. Det er enkel strikking som ikkje krev så mykje konsentrasjon eller innsats - altså det perfekte innimellomspøt. Gåvekassa treng alltid påfyll av sokkar også.
Frå februar og ut april vart desse para strikka. 11 par, men fem er allereie gitt vekk i bursdagsgåver.
Garna eg har brukt er Viking alpaca sport (grusomt!), Perfect (fekk tømt lageret for den sorten), Sterk, Regia 6-tråds (fantastisk godt!), Hot socks cuba og Järbo mellanraggi.
Den siste tida har eg strikka ferdig to nye par + tre enkle sokkar som manglar make. Planen for sommaren er at eg skal verta ferdig med julegåvesokkane. Etter ein rask oppteljing i gåvekassa har eg snart 12 ferdige par, så eg er på god veg.
7 kommentarer:
Imponerende at du orker å strikke så mange par på rappen!
Godt å ha på lur og gull verdt å få!
God helg! :-)
Godt med litt pausestrikk også, og sokker er jo en velkommen gave.
Wow! Der var det mange fine sokkepar! Grei strikk innimellom det, som du sier.
Fortsatt god helg!
Så mange flotte sokker i fine farger! Kjekt å få brukt opp litt restegarn :)
Flotte sokkar. Har du tid til å strikka mellom all turgåinga di då;)? Eg kjem meg ikkje til noko for tida. Lite turgåing og lite strikking. Lite av alt. og mest av alt nesten ikkje ferie att ein gong.
Så flotte og fargerike!! Sokker til å bli glad av! Ja virkelig imponerende at du har strikket så mange par på rad!!
Det var en seriøs haug med sokker! Herlige farver også :)
God helg!
Legg inn en kommentar