Eg tykkjer eg strikkar og strikkar og strikkar døgnet rundt, men ingenting vert ferdig. Difor vert det eit dette-er-på-pinnane-no-innlegg, for å få litt nytt her.
Det er berre eitt par i sokkegåvekassa mi, så det må eg gjera noko med. Det er jo snart jul. Lilla sokkar i Perfect og grå- og kvitstripete i Hifa fjord sokkegarn 2. Sistnemnde er eit heilt fantastisk sokkegarn, min absolutte favoritt saman med Mor Aase raggegarn. 80 % ull og 20 % nylon gjer sokkane slitesterke, og sidan garnet ikkje er superwashbehandla, tovar sokkane seg lett i bruk og vask og vert dermed varmare enn sokkar i dei typiske sokkagarna, som for eksempel Perfect.
Babyteppe, strikka frå hjørne til hjørne. Legg opp tre maskar og auk ein maske i starten av kvar pinne til du er lei/halvveges tom for garn/teppet er halvparten av stort nok, strikk to maskar saman i starten av kvar pinne til du sit att med tre, fell av og teppet er ferdig. Eg er litt over halvveges og planen er ein påstrikka blondekant rundt til slutt. Strikka i DSA hverdags, eit garn eg definitivt skal strikka meir med.
Regnboge-/stripejakke i New Zealand lammeull. Mønsteret er Kragejakke i dobbelt 2-trådsgarn frå Strikk til nøstebarn. Eg er ferdig med bolen og held på med å mota meg opp til ermestrikk. Eg får alltid sånne merker i overgangane mellom kvar strømpepinne når eg strikkar ermer og det er både stygt og irriterande for eit petimeter. Eg har prøvd 30 cm rundpinne, men det vert for smått og knotete. Kanskje du har nokre gode tips til korleis eg kan unngå det?
10 kommentarer:
Fin blogg du har, du ligger på leselista mi, men jeg er veldig dårlig til å kommentere..
Ville bare tipse deg om magic loop til ermestrikk, det er genialt! Jeg plagdes og med stygge overganger, særlig med halvtynt garn, men med magic loop er dette problemet borte :)
SÅ mye fint på pinnene dine, likte både sokkene, teppet og kragejakka. Kjenner at det snart er på tide med noe regnbuegarn...
Så moro å se kragejakka! Jeg er godt igang med en heldress i samme farger, masse lagergarn går med i regnbuemønster og grå bunnfarge. Kragejakke var en god ide, skal notere meg bak øret.
Magic loop er fint til ermer og slike ting! Den glipen som lett kommer med strømpepinner kommer ikke hos meg med magic loop, siden tråden strammes rundt vaieren (som stort sett er tynnere enn pinnen) i det man bytter pinne. Dermed blir den ytterste maska og mellomromet stramt nok til at det ikke vises :)
Masse fint du strikkar for tida. Du kan og strikkej på to rundpinnar, det gjer ei veninde av meg.
Kragejakken blir utrolig kul:-)
Og sokker kan men strengt tatt ikke få nok av...
Hei! Fin blogg :) Du kan også unngå gliper ved ganske enkelt å strikke ei maske til, kvar gong du har strikka ferdig ein pinne, før du byter over til neste pinne. Det har eg gjort i tredveførti år no, og det funkar bra! Lykke til med alle prosjekta dine!
I diskusjonen om mellomrom mellom pinnene pleier jeg få det med magic loop, men ikke med strømpepinner. Strømpepinner strikker jeg alltid de to første maskene på neste pinne før jeg bytter, da flytter mellomrommene seg og blir mindre tydelige.
En god vask, så strekkes i fasong eller lett damping gjør også underverk for denne type mellomrom, hvertfall som jeg har erfart.
So utruleg fine dei kvite og gråe sokkane var ! Eg og du og Astrid må snaart møtast igjen og strikke meir på sokkane ! Eg må berre gjere ferdig eit par UFO-først ;)
Flotte farger, gleder meg til å se ferdig resultat! Har ikke noe annet tips enn å passe på strikkefastheten akurat i skjøtene mellom pinnene ;)
Legg inn en kommentar