fredag 25. mars 2011

Endeleg helg

Etter ei slitsam veke er det jammen godt å vita at det er fri i to heile dagar. Og endå betre er det når dei to dagane skal tilbringast hjå besta. Eg gler meg til to late dagar med fisking, tur med hunden og kanskje ein yndlingsmiddag eller to.

På strikkefronten har eg fått dilla på å strikka kjøkenklutar. Babyjakkar som var den store dilla for to helgar sidan, er no gørrkjedeleg og heile fire (!) bolar ligg i strikkekorga og ventar på ermer. Men der ligg dei godt, for no er det klutstrikk som gjeld. Sidan bomullsgarnlageret mitt var ikkje-eksisterande for eit par dagar sidan bar det ut på handling. Og i kjent stil klarte eg ikkje å begrensa meg, så då vart det med heim nøster i omtrent alle fargane som var på garnbutikken.

IMGP8556

Det er jo kjekt med litt variasjon i fargane når det berre går i ein rett, ein vrang. Dessutan er klutane tenkt som gåver, då er det jo viktig å ha fargar som kan tilfredsstilla ein kvar smak. Planen er at eg berre skal ha med klutstrikkinga mi på tur, så då vert det forhåpentlegvis litt færre nøster og litt fleire klutar når helga er ferdig.

Sidan eg har vore uvanleg effektiv med ryddinga og vaskinga i dag vart overskotstida brukt til litt baking til helga. Til bursdagen fekk eg likt forkle som kjøkenhjelparen min, så no er det verkeleg stil over bakinga her.

Bakst

20 rundstykkjer og ei krydderkake (som eg sjølvsagt gløymte å ta bilete av) er resultatet av eit par timar som husmor. Rundstykkje- og bollebaking har aldri vore mi sterkaste side – deigen er jo umogleg å dela i nøyaktig like store delar. For eit petimeter er ikkje det lett å leva med, så eg fann ut at det beste var å vega heile deigen, dividera på antal ønskte rundstykkjer og måla opp i passelege bitar. Moglegens litt skada av medikamentrekning heile veka. Resultatet er LIKE STORE og heilt perfekte rundstykkjer! Denne strategien skal definitivt brukast neste gong også.

No skal eg smørja meg eit rundstykkje, plassera meg i sofakroken og berre nyta resten av fredagskvelden.

Håpar du også har ein flott fredagskveld. Nyt helga!

3 kommentarer:

Anonym sa...

mummimamma ser ut som ho er fornøgd med baksten

Lille hjerterom sa...

Haha, eg digga størrelse-strategien din ;) Rundstykkene såg veldig gode ut :)

Kos deg på tur med hunden, strikking og mykje meir i helga:)

Anja sa...

Hvordan strikker du kjøkkenklutene? Er det patentstrikk?