søndag 20. februar 2011

Skruhelg

Nevenyttige pappa på besøk må sjølvsagt nyttast på best mogleg måte, så no har eg fått reparert det som skulle reparerast og skrudd det som skulle skruast.

Bileta talar vel for seg sjølv.

IMGP8428

IMGP8430

257 (!) pluggar, skruer og dingsar seinare:

IMGP8437

Ute er det snø, blå himmel og sol. Typisk at søndagen då må brukast på jobb. Men før jobbinga har eg rukke å nøsta litt garn som skal verta til ein liten ulldress.

IMGP8433

Til jul skal nøstemaskin definitivt stå øverst på ynskjelista.

Håpar du har ein flott søndag!

1 kommentar:

Anonym sa...

Så snill og flink pappa du har! Godt å få hjelp med eit så stort prosjekt.Stor god skuff med masse plass til garn....