Etter å ha jobba som heimehjelp i over eitt år til saman har eg lært meg litt om vasking og vaskemiddel. Og stort sett har konklusjonen vore at mykje av det som fins på markedet ikkje fungerar betre enn vanleg vaskemiddel. Så her i huset har det gått i zalo, salmiakk, heilt vanleg ajax original og litt klorin dei gongene eg har vaska kvite t-skjorter saman med svarte dongeribukser.
Men etter at eg var på besøk hjå ei venninne som vaska steikeomnen sin har eg funne unntaket frå regelen, nemleg Jif ovn/ugn og grill. Makan til fantastisk vaskemiddel har eg ikkje prøvd på lenge.
Biletet av klutane før og etter talar vel for seg sjølv.
Før- og etterbilete av komfyren var vanskeleg å få til, for alt vart berre svart uansett.
No gler eg meg til å laga middag i heilt rein steikeomn og Jif ovn/ugn og grill er skreve på handlelista for framtida.
Med ynskje om ein super måndag - med eller utan steikeomnvask
4 kommentarer:
Takk for tipset!
Du må gjerne komme hit og vaske også. :)
Enig med Guro.Berre kom du.Ellers er det jo greit å få vita om ting som er prøvd, og fungerer.
hehe, godt eg kan bidra med litt ny "husmor inspirasjon" ;)
Du gløymte kanskje ikkje din igjen i ovnen i fleire tima, slik som visse andre gjere? :p
Å, nå ble jeg minnet på hva jeg må gjøre når jeg kommer hjem til Bergen etter påske. Det begynner å bli en stund siden sist gang komfyren ble rengjort!
Legg inn en kommentar