mandag 25. april 2011

Fargerikt

Endå eit prosjekt som vart ferdig i påskeveka. Det var greit med litt tanketom strikking til all påskekrimmen som eg fekk med meg dei dagane eg levde mitt liv som ei sofapute.

IMGP8839 (2)

Eit heilt enkelt baktusskjerf (eller er det karius når det er rillestrikk?) i Mirasol Hacho. Garnet vart kjøpt for eit par år sidan, men eg har ikkje heilt visst kva eg skulle bruka det til, så det har lege godt gøymt under senga. Garn med så korte fargeskift er ikkje så lett å laga noko fint av, men her tykte eg fargane kom til sin rett utan at det vart altfor slitsomt å sjå på.

Eg brukte tre hesper (150 gram) på pinne nummer fire. Skjerfet vart utruleg mjukt og godt – skulle nesten tru at det er bomullsgarn, så mjukt er det.

IMGP8846 (2)

Må berre ta med eit bilete av ei av krukkene til mamma. Det er herleg med vårblomster!

IMGP8836 (2)

Med ynskje om ein SUPER siste påskeferiedag!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott skjerf eller kanskje det heiter sjal når det er den fasongen? Fine blomster og, veit du kva den raude heiter? Kunne tenkt meg ein slik fargeklatt på trappa.

Linda sa...

Friskt og fargerikt sjal. Eg strikkar med wollmeise for tida og lurer nesten på om det er bomull det og. Fine blomstrar mor di har.