onsdag 13. april 2011

Blargh

På ein dag der halsen kjennes ut som pigggtråd, eit einaste bittelite komma har øydelagt
H E I L E den fine påskeferien som eg har venta på og lengta så intenst etter og den elendige ryggen min er det einaste som hindrar meg frå å jamna heile huset med jorda, er det jammen godt at butikken har jordbær og skål med Sniff på.

IMGP8693

No skal eg grava meg ned i sofaputene og furta i eit par timar før eg tek meg saman, restartar harddisken og rettar fokuset mot laaang sommarferie om 9 veker.

IMGP8695

For å vera litt positiv også, så er det jammen noko som liknar på vår i Bergen for tida. Blå himmel mellom alle skyene, litt sol og blomster i hagen.

Håpar du også har noko å gleda deg over i dag!

3 kommentarer:

Vibekes lille ullne sa...

Så kjedelig med ferien din! Det er lov å være skuffet når planer går så i vasken! Her skal resten av familien til New York mens jeg må være hjemme. Ikke så moro det heller.

Fint å grønt var det blitt hos deg hvertfall! :)

Anonym sa...

Høyrest ut som du har hatt ein av desse dagane då det hadde vore like lurt å ikkje stå opp i det heile tatt. Men du får trøsta deg med fin skål og fin hage.Kanskje lukka snur i morgon.

Monstermønster sa...

Auda!

Håper dagene blir bedre!