Snille mamma lagar framleis pakkekalendar til meg, så i desember er det litt lettare å stå opp før fuglane fis.
Kalendaren som mamma har sydd for hand heng på ein spikar i gangen og pakkane ligg i ein fin pose på golvet under.
I tillegg må eg sjå NRK sin barne-tv-kalendar dei dagane eg er heime før seks, sjølv om eg tykkjer at dei kunne ha sendt Teodor eller Jul i Skomakergata.
Den siste kalendaren som eg må ha med meg er Strikkeoppskrift sin. Fine premiar, enkle spørsmål og sist, men ikkje minst, du kan faktisk svara på tidlegare luker.
Det er jammen kjekt med advent, spesielt når eg endå ikkje er for stor for kalendarar. ;-)
3 kommentarer:
Så fin kalender du har! Heldig er du! Kos deg med denne i mørketiden. Hva får du til gaver?
Kjære deg. Ein vert ALDRI for stor eller vaksen for julekalendar.Eg kjenner ein mann som er nesten åtti år som har julekalendar!
Det var ein utruleg flott julekalender. Eg har aldri sett ein slik før, men den var jammen ein av dei aller finaste eg har sett ( er ganske lei flesteparten av dei ein kan kjøpe mønster til ).
Du er heldig som har ei så snill mor, ho skal du ta godt vare på :)
Legg inn en kommentar