søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

Kalendaren viser første søndag i advent, men sidan det ikkje er snø ute er ikkje følelsen av advent heilt på plass endå. Uansett må pynten fram.

IMGP8224

Stovebordet har fått lilla duk på seg og adventsstaken har fått plass på kjøkenbordet.

IMGP8235

Ein liten duk under dei lilla lysa på tv-benken gjorde også susen.

IMGP8230

Stjerna heng i stoveglaset, men ho vert ikkje tent før det vert mørkt i ettermiddag. I desse kalde tider må ein vel ha respekt for Terje Riis-Johansen sine bekymringar, så her sparast det straum for harde livet. Ikkje %&#!@ om kjøleskapet mitt skal verta offer for kontrollert utkobling seinare i vinter.

Elles er det full fart på julegåvestrikkinga. Eg har ein fin stabel som er ferdigstrikka, men ikkje bloggifiserbar før etter 24. desember.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så koseleg med lys og tulipanar. God adventssøndag til deg.

Anonym sa...

Redd før at "iskaffien" din ska bli heit om kjøleskapet ditt fyke? ;)

mimouna sa...

Fikk jo nesten vårfornemmelser av tulipanene dine jo! Koselig med lys og blomster nå i mørketiden.