Januar var ein veldig produktiv månad, men i februar har eg ikkje fått strikka så veldig mykje. Men litt har det no vorte, sjølv om ingenting er ferdig.
Sokkar til gåvekassa. Kassa er tom no etter jul og med bursdagshøgsesong i familien det neste halve året, må eg fylla på. Garnet er Regia 6-tråds. Eit veldig godt garn å strikka med, men eg gløymer stadig vekk at eg eigentleg tykkjer klovnespygarn er grusomt stygt. Derfor held eg på med eit evig slankeprosjekt av spraglegarnlageret mitt.
Rillestrikka tovavottar. Besta fekk eit par med lilla til jul og andre juledag ringde onkel og lurte på om eg kunne strikka eit par til han også. Han hadde prøvd besta sine og det var dei beste vottane han hadde hatt på seg i sitt liv. Slikt varmar eit strikkehjarte, så sjølvsagt la eg opp til vottar. Han sa at det ikkje hasta med å få dei ferdig, men no er jo vottesesongen snart over, så eg bør få pinnane i gir.
Mariusgensar til vetlesøster. Ho har ønskt seg marius i fleire år, så eg fann ut at no måtte ho få ein. Garn og lovnad om ferdig gensar vart julegåva hennar i fjor. Strikkinga gjekk radig fram til eg skulle til på mønsteret. Då måtte eg mota meg opp i eit par veker. Då eg var klar og begynte, gjekk mønsteret unna også, men så mista eg ned ti masker og saman med dei forsvann piffen heilt. No trur eg søster tykkjer at ting tek tid her, så planen er å få gensaren ferdig til påske.
Rillestrikka lappar til tepper. På bloggen til Bea såg eg at ho strikka lappar til Ull&Omtanke. Eg tykte dette såg ut som eit knakande flott prosjekt og heiv meg med. Så enkle og små lappar er jo strikka på 10 minutt, så dette er noko alle kan klara. Eg har funne fram posen med restegarn og strikkar ein lapp no og då. Planen er å strikka lappar fram til påske og så senda haugen avgårde då.
Dette var dei prosjekta som er på pinnane akkurat no. Haugen med UFOar som ligg i skapet og skrik er eit anna kapittel.