fredag 27. mai 2011

Hurra!

Ein 20-årsdag og ein 60-årsdag i familien må jo feirast med muffins. Brune og gule, pynta med melis og sjokoladeglasur, nonstop, kakestrø og sjokoladehjarter. Rett nok ikkje på same muffinsen, det hadde vorte litt mykje. ;-)

Då er det berre til å håpa på at bakverket fell i smak hjå den eldste jubilanten. Den yngste får heller venta til sommarferien dersom ho ynskjer seg muffins.

IMGP9023 (2)

Det er ikkje ofte eg får til så fine muffinsar. Akkurat passe mykje deig oppi kvar form, akkurat passe mykje steikt, ingen vulkankrater og heilt fantastisk smak! (Sjølvskryt er bra når det er fortent. ;-))

Eg har definitivt funne mi favorittoppskrift. Dette er tredje gongen eg brukar ho og alle tre gongane har eg fått til muffins som både ser ut som og smakar som muffins. Jippi! Denne skal skrivast inn i kokeboka mi.

---

Håpar du får ei nydeleg helg!
Her ser det ut som om sola er på veg tilbake, så eg skal ut og innvia solstolen min som eg typisk nok kjøpte dagen før regnet kom.

torsdag 26. mai 2011

Ja, det er Mummi

Sidan sist har det vorte litt fleire koppar.

IMGP8993 (2)

No har eg alle dei “vanlege” koppane som har vore i sal sidan eg starta samlinga mi, så no ventar eg berre på at sesongkoppane kjem ut.

søndag 22. mai 2011

Tørketid i regnet

Strikkelysta har tydelegvis teke ferie, for no er eit par omgongar på ein kjøkenklut alt eg orkar om dagen.

Så som pausefisk får de eit par garnnøster in spe.

IMGP8943

IMGP8945

Håpar du får ein god søndagskveld og ei flott veke!

onsdag 18. mai 2011

Blomster, blomster, favnen full av blomster

Det spirer og gror i hagen og i den anledning har eg lufta makroobjektivet mitt.


IMGP8923 (2)IMGP8922 (2)IMGP8921 (2)IMGP8918 (2)IMGP8909 (2)IMGP8740 (2)

mandag 16. mai 2011

Oppussing pågår

Rommet mitt heime hjå opphavet er ikkje akkurat innreidd med stil. Litt diverse trefarga møblar og ei skranglete, knallblå hylle frå barndommen er ikkje heilt meg. Difor har eg bestemt meg for at rommet skal verta nytt. Måling, grunning og kostar vart innkjøpt og eg sette optimistisk i gong.

Første møbel ut var kommoden som bestefar har laga. Ein skikkeleg solid og flott kommode, men svarte krusedullar teikna av ein ung kunstnar var ikkje akkurat fint, så denne fekk seg eit målingsstrøk.

IMGP8877 (2)

Sjøgløtt frå Jotun Sens. Fiiin blålysturkisgrøn farge.

IMGP8884 (2)

Ei målt skuff og ei skuff med to lag kvit sperregrunn.

IMGP8886 (2)

Og slik vart resultatet. Meget bra! Fargen er akkurat slik eg har sett for meg og eg er særdeles lukkeleg.

IMGP8901 (2)

IMGP8902 (2)

No ventar berre resten av møblementet på at eg skal få sommarferie og god tid til å svinga målarkosten.

God 17. i morgon!

onsdag 27. april 2011

Onsdagslukke

Sommarblomster i krukka og på bordet ute.

IMGP8851 (2)

IMGP8847 (2)

Nye putetrekk med fint mønster.

IMGP8850 (2)

Selskap av katten som kosar seg i sola.

IMGP8856 (2)

Klesvask som kan turka ute.

IMGP8859 (2)

Kald iste, vannmelon og druer saman med nytt, spennande pensum.

IMGP8861 (2)

Håpar du som er innom har ein like fantastisk onsdag!

mandag 25. april 2011

Fargerikt

Endå eit prosjekt som vart ferdig i påskeveka. Det var greit med litt tanketom strikking til all påskekrimmen som eg fekk med meg dei dagane eg levde mitt liv som ei sofapute.

IMGP8839 (2)

Eit heilt enkelt baktusskjerf (eller er det karius når det er rillestrikk?) i Mirasol Hacho. Garnet vart kjøpt for eit par år sidan, men eg har ikkje heilt visst kva eg skulle bruka det til, så det har lege godt gøymt under senga. Garn med så korte fargeskift er ikkje så lett å laga noko fint av, men her tykte eg fargane kom til sin rett utan at det vart altfor slitsomt å sjå på.

Eg brukte tre hesper (150 gram) på pinne nummer fire. Skjerfet vart utruleg mjukt og godt – skulle nesten tru at det er bomullsgarn, så mjukt er det.

IMGP8846 (2)

Må berre ta med eit bilete av ei av krukkene til mamma. Det er herleg med vårblomster!

IMGP8836 (2)

Med ynskje om ein SUPER siste påskeferiedag!

søndag 24. april 2011

Ferdigstrikka

Det er jammen lenge sidan eg har vist fram noko som er heilt ferdigstrikka her på bloggen, men no i påsken har eg faktisk fått ferdig litt diverse. Først ut er to par med sokkar.

IMGP8820 (2)

IMGP8823 (2)

Eit fargerikt par til mamma.

Faktaboks for spesielt interesserte:
Garn: Schoppel Wolle Zauberball, fargen Fuchsia
Pinne: 3 mm. Sidan eg ikkje orka å strikka med sytråd på tannpirkarar, la eg tråden dobbel. Det vart heilt perfekt – mjuke og gode sokkar.
Str: 40
Oppskrift: heilt standard sokk, 48 masker. Til vanleg strikkar eg ribbestrikka brot, men denne gongen vart det glattstrikk av rein latskap.

Det neste paret er bittesmå sokkar til ei lita jente.

IMGP8828 (2)

Faktaboks for spesielt interesserte:
Garn: Smart – satsar på at jenta veks ut or sokkane før ho slit hol på dei.
Pinne: 3 mm.
Str: 1-2 år.
Oppskrift: frå Strikk til nøstebarn.

No skal eg tilbake til symaskina og sy meg endå eit putetrekk.

Håpar du får ein super søndagskveld!

lørdag 23. april 2011

Sjå, ho syr

Påskeferie med prolaps = tid til å gjera ting eg elles ikkje har tid til.

Difor har det denne veka vorte mykje strikking og unormalt mykje ferdigstrikka. Men, tru det eller ei, ein kan faktisk verta litt lei av å berre strikka også. Så etter å ha baka fem brett med bollar, sett veldig mykje på tv og lagt i saman haugar og dungar med klede fann eg ut at eg skulle sy.

IMGP8793 (2)

IMGP8800 (2)

IMGP8795 (2)

IMGP8808 (2)

Etter mykje strev og litt feilsying fekk eg til to putetrekk. Litt skeive og litt for store, men elles heilt perfekte.

Stoffet er frå stofflageret mitt, alt saman kjøpt på Stoff og stil. Bakstykkja er eit gammalt laken frå mamma sitt lager.

Syinga ga meirsmak, så no vert det storproduksjon av putetrekk.

onsdag 13. april 2011

Blargh

På ein dag der halsen kjennes ut som pigggtråd, eit einaste bittelite komma har øydelagt
H E I L E den fine påskeferien som eg har venta på og lengta så intenst etter og den elendige ryggen min er det einaste som hindrar meg frå å jamna heile huset med jorda, er det jammen godt at butikken har jordbær og skål med Sniff på.

IMGP8693

No skal eg grava meg ned i sofaputene og furta i eit par timar før eg tek meg saman, restartar harddisken og rettar fokuset mot laaang sommarferie om 9 veker.

IMGP8695

For å vera litt positiv også, så er det jammen noko som liknar på vår i Bergen for tida. Blå himmel mellom alle skyene, litt sol og blomster i hagen.

Håpar du også har noko å gleda deg over i dag!