Langt innlegg
Sidan eg har strikka veldig mange sokkar og då naturleg nok kjøpt mykje sokkegarn, tenkte eg at det kunne vera greit med ei vurdering av dei ulike garntypane eg har brukt. Kanskje det kan vera nyttig for andre enn meg også?
Dette er på ingen måte eit fasitsvar på kva slags sokkegarn som er best for alle, det er berre mine erfaringar og meiningar med/om kva som fungerer og ikkje fungerer – alt utifrå meg som strikkerske og familien som brukarar av sokkane.
Eg har ikkje prøvd alt av det som fins av sokkegarn, men eg trur eg har vore gjennom ganske mykje av det som ein får kjøpt på heilt vanlege garnbutikkar. Sidan det er så mange garntypar, så har eg valt å dela opp innlegga, slik at det ikkje vert ei heil avhandling dette her.
Eg vil leggja vekt på korleis garnet er å strikka med, pris, fargeutval og aller viktigast, korleis garnet held seg og oppfører seg i bruk og vask.
Sterk frå Du store alpakka
Fiber: 40 % ull, 40 % alpakka, 20 % nylon.
Pris: 41 kroner for 50 gram. Eg bruker to nøster til damesokkar og litt meir enn to til herresokkar. Eit av dei dyrare garna eg strikkar med, men grei pris sidan det er alpakka.
Fargeutval: Godt fargeutval. Garnet kjem i både einsfarga og melerte fargar. Her kan du sjå fargekart. Eg saknar gult.
Strikkeopplevelse: Garnet er veldig godt å strikka med. Det er mjukt som smør og glir godt på pinnane. Sokkane vert tette og gode og herleg “hårete” på grunn av alpakkaen. Eg opplever likevel ikkje at garnet røyter, slik som mange andre alpakkagarn eg har strikka med.
I bruk: Somme tykkjer at dette garnet sig etter ei tids bruk, men det har ikkje eg opplevd. Eg strikkar alltid med pinne 2.5 eller 3, sjølv om oppgitt pinnestorleik er 3.5 mm. Elles loar det litt, men det gjer ingenting for meg/oss. Garnet er slitesterkt, ingen av para har antydning til hol, sjølv om dei er godt brukte. Sokkane er varme.
I vask: Det står på lappen på garnet at det kan vaskast i maskin på 30 grader, så her har alle para vorte vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel. Likevel er alle sokkane skikkeleg tova og kompakte. Sokkane er vaska i to ulike vaskemaskiner og det same har skjedd, så eg trur ikkje det er maskinene sin feil heller. Det er jo godt med tova sokkar, men kjedeleg når dei vert for små.
Før: 
Etter: 
Mellanraggi frå Järbo
Fiber: 75 % ull, 25 % nylon.
Pris: 69-79 kroner for 100 gram der eg har handla. På dei para eg har strikka har eg brukt mindre enn eitt nøste. Garnet er verkeleg verdt pengane.
Fargeutval: Godt. Finst i sjølvstripande i alle slags fargar og einsfarga grått, kvitt og svart. Kunne godt ha vore litt større utval av einsfarga, men fargerike sokkar som livar opp i sokkeskuffa er jo kjekt også.
Strikkeopplevelse: Garnet er godt å strikka med. Mjukt og glir lett på pinnane. Eg strikkar med pinne nummer 3, som er oppgitt pinnestorleik. Sokkane vert tette og akkurat passe tjukke.
I bruk: Sokkane held seg UTRULEG godt. Dei nuppar eller loar ikkje og er slitesterke. Ingen antydningar til slitasje. Sjølv om dei er brukt i over to år ser dei nesten nye ut.
I vask: Garnet oppfører seg eksemplarisk i vask. Sokkane held fasongen vask etter vask. Ingen toving eller krymping. Tåler maskinvask. Vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel.
Før:
Etter: 
Perfect frå Sandnes
Fiber: 85 % ull, 15 % nylon.
Pris: 27 kroner for 50 gram. Eg treng to nøster til damesokkar, litt mindre enn tre til herresokkar.
Fargeutval: Det har vore dårleg i lang tid, noko som har ført til at eg har strikka x antal par i same farge. Den siste tida har Sandnes komme med nye fargar, men tre av dei finst frå før (blå, rosa og kvit, berre i andre nyansar).
Strikkeopplevelse: Før tykte eg garnet var godt å strikka med, men i det siste tykkjer eg at garnet har endra seg. Perfect var den absolutte sokkegarnfavoritten før, men no fell det lenger og lenger ned på lista. Garnet er tjukkare enn f.eks. Sterk og PT5. Anbefalt pinnestorleik er 3.5-4 mm, men eg strikkar med 3 mm. Tykkjer det vert slaskete på større pinnar og så er det godt med litt tjukkare og tette sokkar. Dessutan vert dei meir slitesterke når dei er strikka på tynnare pinnar.
I bruk: Eg tykkjer det varierer veldig frå par til par korleis dei held seg. Eit par gonger har eg opplevd at sokkane vert fort holete og veldig nuppete. Kanskje det har vore dårlege nøster, for som regel held sokkane i Perfect seg godt. Dei mistar fasongen litt, men ikkje så mykje at det ikkje går an å bruka sokkane.
I vask: Toler maskinvask. Vaska på ullvask, 30 grader og med ullvaskemiddel. Etter mange vask har sokkane tova seg litt.
Før:
Etter:
Dette paret var ikkje lenge i bruk før det vart både holete og nuppete. 
Zauberball frå Schoppel Wolle
Fiber: 75 % ull, 25 % nylon.
Pris: 80 DKK for 100 gram frå www.123knit.com
Fargeutval: 123knit har eit greit fargeutval. Alle nøstene er fleirfarga med ganske lange fargeskift.
Strikkeopplevelse: Garnet er tyyynt, så eg strikka med dobbel tråd på pinne nummer 3. Det var ikkje så veldig godt å strikka med, det kjentes nesten syntetisk ut på pinnane. Garnet var også laust spunne, så det delte seg lett. Ikkje eit garn eg skal kjøpa meir av, for eg tykkjer garnet må vera godt å strikka av.
I bruk: Sokkane har berre vore i bruk eit halvt års tid, men dei har holdt seg ganske godt. Eg strikka berre ei kort vrangbord og glattstrikk resten, så sokkane er litt slaskete, men det er min feil. Hadde nok vore betre i ribbestrikk, men det trur eg gjeld for alt sokkegarn.
I vask: Garnet har oppført seg bra i vask. Det nuppar litt, men ikkje så mykje at det dett av dottar.
Før:
Etter:
Det var det for denne gong. Eg veit ikkje heilt når neste garnvurderingsinnlegg kjem, sidan ein del av sokkane må verta brukt litt meir først.