mandag 2. juli 2012

Strikkeplanar for sommaren

Sidan eg held på med garnslanking tok eg med meg litt garn frå lageret i by’n heim på sommarferie. Planen er at eg kun skal strikka med det (og det andre garnet eg har heime hjå opphavet) og ikkje kjøpa noko nytt i løpet av desse vekene.

Sokkar har vorte eit fast innslag under juletreet dei siste åra, difor tok eg med litt sokkegarn, så eg kan laga eit lite julepakkelager. Nøster med Mor Aase raggegarn (som er mitt nye favoritt-sokkegarn), Perfect (som fell lenger og lenger ned på lista) og Sterk skal forvandlast til sokkar innan ferien er over.

IMGP0755 (2)

Eg tok også med tolv nøster med Drops babyalpaca silk, som skal strikkast om til tre-fire sjal. Planen er Little shells, men etter å ha lagt opp, strikka eit godt stykkje og så oppdaga at eg hadde gløymt aukingane på vrangsida på den eine halvdelen, mista eg litt piffen. Eg trur eg strikkar sokkane først, så får eg sjå etterpå om det vert endring i sjalplanane.

IMGP0759 (2)

Då er det berre til å kvessa pinnane og varma opp strikkemusklane!

fredag 29. juni 2012

Hei igjen

To månadar sidan sist. Strikkelysta har vore borte vekk. Eg har vorte kvalm berre eg har tenkt på strikkepinnar, garnnøster og strikkeforum. I staden for har eg brukt tida mi til skulebøker og lesing. Men no er det sommarferie og eg kjenner at strikketøyet freistar att.

IMGP0743 (2)

Planen, målet og håpet er at blogginga skal ta seg opp i løpet av sommarferien. Då er det berre til å vera trufast mot dei strikketøya eg alt har begynt på, så det vert noko ferdig å visa fram.

torsdag 26. april 2012

G o d h e l g !

IMGP0547 (3)

IMGP0564 (3)

IMGP0552 (3)

IMGP0550 (2)IMGP0581 (2)

Med ynskje om ei strålande flott helg til deg som er innom!

søndag 22. april 2012

På pinnane #2

Eg tykkjer eg strikkar og strikkar og strikkar døgnet rundt, men ingenting vert ferdig. Difor vert det eit dette-er-på-pinnane-no-innlegg, for å få litt nytt her.

IMGP0616 (2)

Det er berre eitt par i sokkegåvekassa mi, så det må eg gjera noko med. Det er jo snart jul. Lilla sokkar i Perfect og grå- og kvitstripete i Hifa fjord sokkegarn 2. Sistnemnde er eit heilt fantastisk sokkegarn, min absolutte favoritt saman med Mor Aase raggegarn. 80 % ull og 20 % nylon gjer sokkane slitesterke, og sidan garnet ikkje er superwashbehandla, tovar sokkane seg lett i bruk og vask og vert dermed varmare enn sokkar i dei typiske sokkagarna, som for eksempel Perfect.

IMGP0617 (2)

Babyteppe, strikka frå hjørne til hjørne. Legg opp tre maskar og auk ein maske i starten av kvar pinne til du er lei/halvveges tom for garn/teppet er halvparten av stort nok, strikk to maskar saman i starten av kvar pinne til du sit att med tre, fell av og teppet er ferdig. Eg er litt over halvveges og planen er ein påstrikka blondekant rundt til slutt. Strikka i DSA hverdags, eit garn eg definitivt skal strikka meir med.

IMGP0618 (2)

Regnboge-/stripejakke i New Zealand lammeull. Mønsteret er Kragejakke i dobbelt 2-trådsgarn frå Strikk til nøstebarn. Eg er ferdig med bolen og held på med å mota meg opp til ermestrikk. Eg får alltid sånne merker i overgangane mellom kvar strømpepinne når eg strikkar ermer og det er både stygt og irriterande for eit petimeter. Eg har prøvd 30 cm rundpinne, men det vert for smått og knotete. Kanskje du har nokre gode tips til korleis eg kan unngå det?

mandag 2. april 2012

Jippi …

… meir som er ferdigstrikka! Eg er faktisk ferdig med heile tre UFO-ar. Først ut er ei jakke som passar godt denne veka.

IMGP0593 (2)

Ser du uglene?

IMGP0596 (2)

Faktaboks:

Oppskrift: Jakke og lue med ugler, Sandnes Mix 0910 Barn. Eit bra hefte med mykje fint i.
Størrelse: strikka etter 12 mnd.
Garn: Rauma babyull. Min absolutte favoritt blant alle babyulltypane.
Forbruk: 150 gram, med fem knappar.
Pinnestorleik: 2,5 mm på ribbekantane og knappestolpane, 3 mm på resten av jakka.

Jakka vart fin, fargen er knall og ho varmar nok godt, men eg er ikkje heilt fornøgd med knappestolpane. Kantane nederst trekk seg opp, men etter å ha plukka opp og strikka på nytt fleire gonger, gadd eg ikkje meir, så då får det vera som det vart. Neste gong skal eg strikka rettstrikk over uglene også, ikkje rillestrikk som det står i oppskrifta.

Dei to siste prosjekta er bukser.

IMGP0607 (2)

Den lysaste er ein skikkeleg årgangs-UFO, påbegynt i mai 2010 (takk til Ravelry for system i sysakene). Den mørkebrune er ikkje fullt så gammal, men all strikkinga att og fram var verkeleg seig. Neste gong vert det glattstrikk rundt, sjølv om rillestrikk sikkert er veldig tøyeleg.

Faktaboks lys bukse:

Oppskrift: frå Sandnes alpakka 0808 0-4 år.
Størrelse: 1-3 mnd.
Garn: Sandnes mini alpakka. Varmt og mjuuuukt. Eg vil også ha ei sånn bukse!
Forbruk: 122 gram, med to knappar.
Pinnestorleik: 2,5 mm på ribbekantane, 3 mm på resten.

Faktaboks mørk bukse:

Oppskrift: Bukse med seler frå boka Myk Start.
Størrelse: strikka etter 0-3 mnd, men buksa er jo dobbelt så stor som den lyse, så det er nok meir 12 mnd.
Garn: Gjestal babyull. Eit heilt greit garn, mykje rimelegare enn dei “typiske” babyullmerka, som Dale, Sandnes og Rauma, men eit elendig fargeutval. 
Forbruk: 180 gram, med to knappar.
Pinnestorleik: 3 mm.

Både buksene og jakka fekk like knappar, fine kokosknappar bestilt frå det store utland.

IMGP0606 (2)

IMGP0615 (2)

God påske til deg som er innom!

mandag 12. mars 2012

Sokkestim

Sokkestrikkelysta var tilbake for ei stund sidan, så no har eg endeleg noko ferdigstrikka eg kan blogga om.

IMGP0514 (2)

Først fekk eg gjort ferdig tre par med UFO-ar, så rakk eg to nye par før lysta forsvann like fort som ho kom.

IMGP0522 (2)

Det aller beste er at eg fekk brukt opp noko av det sjølvstripande sokkegarnet mitt - faktisk tre store nøster. Eg tykkjer sokkar av slikt garn vert ufordrageleg stygge, men likevel renn det inn nøste på nøste. Det kan kanskje ha noko med at eg får hjartebank kvar gong eg ser eit slikt nøste i butikken. Dess fleire fargar på nøstet, dess betre. Men så gløymer eg at det vert hesleg oppstrikka. Ja, ja.

IMGP0527 (2)

Alle sokkane er strikka på pinne nummer 3, 48 masker. Tre av para i blåbærvaffelmønster, dei andre to i glattstrikk.

IMGP0531 (2)

I tillegg fekk eg det for meg at eg skulle rydda i sokkegarnet mitt, for å lettare finna fram i mengdene.

IMGP0533 (2)

No ligg alt i plastkassar, sortert etter tjukkelse, merka med tynt/mellomtynt/mellomtjukt/tjukt/restar og pinnestørrelse for dei ulike gruppene utanpå kassen. Planen er at innholdet i fire av seks kassar skal slankast vekk. Eg må jo ha litt sokkegarn på lager, så mykje sokkar som eg strikkar, men det fins jo grenser for alt.

søndag 11. mars 2012

Forandring frydar?

Bur du i Bergen og har du, eller kjenner du nokon som har lyst på ny sofa for to bugg og femti øre (nesten), så sjå her:

Røvarkjøp!

Eg sel min kjære, trufaste sofa. Mjuk, god og særdeles perfekt til å strikka/sjå på tv/lesa bok/eta sjokolade/tenka glupe og mindre glupe tankar/ta ein cowboystrekk/nyta livet i/på.

onsdag 8. februar 2012

På pinnane

Det vert visst langt mellom innlegga her på bloggen, av fleire grunnar. Av strikkemessige grunnar held eg på med minst ti ulike prosjekt samtidig. Når eit prosjekt kun får nokre få omgangar i veka, tek det litt tid før det vert ferdig.

I tillegg strikkar eg  mykje med tannpirkarar for tida. Altså 2 og 2,5 mm pinnar. Det seier seg sjølv at det tek lang tid.

IMGP0485 (2)

Akkurat no held eg på med tre vottepar på tynne pinnar, to på 2 mm og eitt på 2,5 mm. Dei grøne er mitt første vellukka mønsterstrikkprosjekt (jippi!), og dei gule og kvite er resultatet av denne nye kunnskapen. Dei blå er søndagsvottar med flette- og havskummønster, lagt opp til berre fordi dei var så fine.

IMGP0490 (2)
Studie i strukturstrikk.

Elles har eg fått dilla på sokkar på 2,5 mm pinnar. Det vert tynne og gode sokkar som passar i litt andre sko enn gummistøvlar også, men det tek tid.

Utanom dette held eg også på med eit babyteppe (det hele kongerige), eit sjal til ein 80-årsdag, eit skjerf som skulle vore julegåve i fjor og vottar på tjukke pinnar (4 mm).

IMGP0492 (2)

Det fine er jo at når eg først vert ferdig med alt, så har eg jammen mykje eg kan leggja i gåvekassa, for det er kun dei gule og kvite selbuvottane som er til meg sjølv av alt dette.

lørdag 21. januar 2012

Lys i mørket

Før jul hadde Kirkens Bymisjon sin årlege juleaksjon, Lys i mørket, der dei samla inn strikkaplagg til dei som treng det.

IMGP0465 (2)IMGP0461 (3)IMGP0466 (2)IMGP0464 (2)IMGP0463 (2)

Huer er lett og kjapp strikk og noko dei hadde bruk for, så det passa perfekt med min plan om å slanka lageret. Eg fekk strikka fem stykkjer før eg vart lei huestrikk, men som alltid, så var det trådfestinga som tok tid. Det er så lett å tenkja at i morgon, då skal eg gjera det. Men så vert det jo aldri noko av i morgon, for då har eg funne noko anna eg strikka på.

Resultatet er at huene framleis ikkje er levert (men alle trådane er festa no). Forhåpentlegvis treng dei huer til neste vinter også, og kanskje eg til og med får strikka endå fleire før ein ny vinter kjem.

Dei tre øverste + den blågrøne er strikka i restegarn, dobbel babyull og Smart, medan den mønstrete er strikka i Freestyle etter Arne & Carlos si oppskrift. No er eg tom for Smart, Freestyle og kvit babyull. Det er garn som aldri skal inn i lageret att, så det er eit godt steg på vegen mot kunhøgstnødvendigegarnsortarlageret, som er målet langt der framme. I tilegg fekk eg ferdig tre prosjekt frå lista mi. JUHU!

God helg til deg!

lørdag 14. januar 2012

Nytt år, nye kunstar

Eg er fantastisk heldig, for eg fekk handtein og kashmirull til bursdagen min! Eg har lenge hatt lyst til å læra meg spinning, men eg har aldri fått ut fingeren og bestilt meg utstyr, så dette var ei perfekt gåve.

IMGP0456 (2)

Det er mykje jobb med å få tak i ulla, så eg skal bestilla meg litt “vanleg” ull til testspinning. Kan jo ikkje risikera at eg spinn fortøyingstau til Hurtigruta av den verdifulle kashmirulla mi heller.

IMGP0458 (2)

Er du ein spinnar? I så fall tek eg gjerne imot gode råd og linkar til nettsider og bøker om temaet.