Er det nokon som hugsar nyttårsforsettet frå i fjor? Definitivt ikkje eg! Som strutsen stikk eg hovudet i sanden (strikkekorgene) og fortset i same tralten som før - fem nye prosjekt på pinnane for kvart fullførte.
Men no skal det faktisk verta omvendt! Sjå berre her:
1. Eg skal slanka garnlageret. Altså ikkje handla garn med mindre det er høgst nødvendig, for eksempel om eg manglar garn for å få ferdig eit prosjekt, eller om eg får inn eit strikkeønskje som eg ikkje har passande garn til.
2. Eg skal gjera ferdig flest mogleg UFO-ar. Eit mål om null UFO-ar er ikkje oppnåeleg dette året, så eg må vera litt realistisk og ta det steg for steg.
For å lettare nå mål nummer to har eg sett meg opp ei liste over UFO-ane som er enklast å få ferdig.
1. Hjerteteppe – har faktisk strikka det ferdig den siste veka. Manglar trådfesting, vasking og blokking.
2. Lettstrikka hue – manglar samansying, snorer og trådfesting.
3. Stripete hue – manglar trådfesting.
4. Space invader-hue – manglar trådfesting.
5. Hekla gryteklutar – manglar trådfesting og damping.
6. Sjal – skal rekkast opp.
7. Brun selebukse – manglar litt samansying, trådfesting og knappar.
8. Kvite pulsvarmarar – manglar 1,5.
9. Kvit omslagsjakke – manglar ermer, snorer og trådfesting.
10. Beigebrun selebukse – manglar sele, samansying, trådfesting og knappar.
11. Blå sokkar – manglar omtrent 1.
12. Stripete sokkar – manglar omtrent 1.
13. Lilla sokkar – manglar omtrent 1.
14. Rosa sokkar – manglar omtrent 1.
15. Grå hue – manglar trådfesting.
Som de ser av lista er det ikkje så mykje som skal til før kvart prosjekt vert ferdig. Planen er at raske resultat skal gi meg lyst til å fullføre resten også.
Eit anna mål burde vera at eg skal blogga litt oftare, men det er jammen ikkje lett når lysta ikkje er her. Forhåpentlegvis stig ho i takt med antal ferdige prosjekt. I mellomtida les eg fine strikkebloggar og hentar inspirasjon til kva eg skal leggja opp til når eg har fullført fem UFO-ar.