tirsdag 5. april 2011

Fiskelukke

Det vart ein fin fangst i helga.

IMGP8646

Det er heilt fantastiske fargar på fiskane.

IMGP8647

Eg er klar for middag for åtte, frukost for tretten og kaffi for seks. Tre stykkjer kan få servert egg.

IMGP8654

IMGP8656

IMGP8660

Ha ein super tysdag! Eg skal i fiskebollemiddagsbesøk etter skulen og gler meg storveges.

mandag 4. april 2011

Husmortips

Etter å ha jobba som heimehjelp i over eitt år til saman har eg lært meg litt om vasking og vaskemiddel. Og stort sett har konklusjonen vore at mykje av det som fins på markedet ikkje fungerar betre enn vanleg vaskemiddel. Så her i huset har det gått i zalo, salmiakk, heilt vanleg ajax original og litt klorin dei gongene eg har vaska kvite t-skjorter saman med svarte dongeribukser.


Men etter at eg var på besøk hjå ei venninne som vaska steikeomnen sin har eg funne unntaket frå regelen, nemleg Jif ovn/ugn og grill. Makan til fantastisk vaskemiddel har eg ikkje prøvd på lenge.


IMGP8627


Biletet av klutane før og etter talar vel for seg sjølv.


IMGP8632


Før- og etterbilete av komfyren var vanskeleg å få til, for alt vart berre svart uansett.


No gler eg meg til å laga middag i heilt rein steikeomn og Jif ovn/ugn og grill er skreve på handlelista for framtida.


Med ynskje om ein super måndag - med eller utan steikeomnvask

søndag 27. mars 2011

Fullada batteri

Helga har vore super. God mat, god familie, god natur og tidenes finaste dynetrekk! Eg sov som ein stein under eit mjukt trekk i favorittfargen.

mosaic32c9af55af09653ee8b3954a6d23a81c7161aca9

Søndag vakna me til snø. Sjølv om det er fint med snødekte trær må eg innrømma at eg er litt lei no.

IMGP8612

Superhunden må sjølvsagt vera med. Det er jammen ikkje ofte at propellen har tid til å stå i ro lenge nok til at eg får teke eit bilete, men det vart då eit par brukbare. På dei fleste var det berre ein svart, uklar strek.

mosaic5a1a9316eb6e17a2bd1164b5138864736727cd75

Favoritten er pinnar (eigentleg heiter det vel stokkar i den størrelsen?)
Dess større, dess betre.

IMGP8582 (2)

Den planlagde klutstrikkinga vart det visst ikkje noko av. Ein tur innom butikken i sentrum på laurdag resulterte i nye Ferrari-pinnar og litt raggegarn. Det måtte jo sjølvsagt testast ut med ein gong, så i stadan for mange klutar vart det to halve sokkar.

IMGP8617

Vel, det trengst jo det også.

God søndagskveld til deg!

fredag 25. mars 2011

Endeleg helg

Etter ei slitsam veke er det jammen godt å vita at det er fri i to heile dagar. Og endå betre er det når dei to dagane skal tilbringast hjå besta. Eg gler meg til to late dagar med fisking, tur med hunden og kanskje ein yndlingsmiddag eller to.

På strikkefronten har eg fått dilla på å strikka kjøkenklutar. Babyjakkar som var den store dilla for to helgar sidan, er no gørrkjedeleg og heile fire (!) bolar ligg i strikkekorga og ventar på ermer. Men der ligg dei godt, for no er det klutstrikk som gjeld. Sidan bomullsgarnlageret mitt var ikkje-eksisterande for eit par dagar sidan bar det ut på handling. Og i kjent stil klarte eg ikkje å begrensa meg, så då vart det med heim nøster i omtrent alle fargane som var på garnbutikken.

IMGP8556

Det er jo kjekt med litt variasjon i fargane når det berre går i ein rett, ein vrang. Dessutan er klutane tenkt som gåver, då er det jo viktig å ha fargar som kan tilfredsstilla ein kvar smak. Planen er at eg berre skal ha med klutstrikkinga mi på tur, så då vert det forhåpentlegvis litt færre nøster og litt fleire klutar når helga er ferdig.

Sidan eg har vore uvanleg effektiv med ryddinga og vaskinga i dag vart overskotstida brukt til litt baking til helga. Til bursdagen fekk eg likt forkle som kjøkenhjelparen min, så no er det verkeleg stil over bakinga her.

Bakst

20 rundstykkjer og ei krydderkake (som eg sjølvsagt gløymte å ta bilete av) er resultatet av eit par timar som husmor. Rundstykkje- og bollebaking har aldri vore mi sterkaste side – deigen er jo umogleg å dela i nøyaktig like store delar. For eit petimeter er ikkje det lett å leva med, så eg fann ut at det beste var å vega heile deigen, dividera på antal ønskte rundstykkjer og måla opp i passelege bitar. Moglegens litt skada av medikamentrekning heile veka. Resultatet er LIKE STORE og heilt perfekte rundstykkjer! Denne strategien skal definitivt brukast neste gong også.

No skal eg smørja meg eit rundstykkje, plassera meg i sofakroken og berre nyta resten av fredagskvelden.

Håpar du også har ein flott fredagskveld. Nyt helga!

søndag 20. mars 2011

Søndagstur

Målet for turen var å finna havet, men det var ikkje så lett. Me rota oss bort i eit militært område, så då måtte me snu og gå andre vegen. Men heller ikkje den vegen førte til havet, berre langt inn i ein skog.

Søndagstur

Sjø med land på alle kantar var det næraste me kom, men turen var fin likevel. Ein spennande sti innover skogen er lagt på minnet for nærare utforsking ved seinare høve.

IMGP8539

Skal tru om skiltet har stått heilt sidan 1914?

Med ynskje om ein god søndagskveld! 

søndag 13. mars 2011

Super søndag

Sløv sofadag er herleg når det høljar ned ute.

IMGP8496

To strikketøy – det eine litt meir krevande enn det andre, så kan eg veksla etter humøret.

IMGP8475

Ny pynt i favorittfargen.

IMGP8490

Tulipanar frå forrige helg. Gartnarmamma har lukkast med korleis behandla blomster-opplæringa.

IMGP8501

Og sist, men ikkje minst; skikkeleg søndagsmiddag. ;-)

Håpar du også har ein super søndag!

tirsdag 1. mars 2011

Vest til fest

Innimellom all den evigvarande teppestrikkinga trengte eg noko lite og kjapt. Etter litt surfing rundt på Ravelry fann eg Mina sin søte pyntevest. Passande garn hadde eg allereie, så då var det berre til å svinga pinnane. Dobbel tråd på pinne 4 + ei stille og roleg helg = hold på hatten, endeleg noko ferdigstrikka her i bloggen!

IMGP8448

Ein pyntevest treng jo ein flott knapp, så då gjekk turen innom Knappehuset etter skulen i dag. Og jammen fann eg ikkje den perfekte knapp – ein liten diamant med litt gull rundt er jo supert til fest.

IMGP8460

Prikken over i-en er den søte picotkanten rundt armane.

IMGP8467

Alt i alt er eg supernøgd med resultatet og oppskrifta kan glatt anbefalast vidare! Lett å forstå og godt skreve, dessutan er så kjappe prosjekt definitivt ein favoritt.

Faktaboks for dei spesielt interesserte:

Oppskrift: Minas pyntevest
Størrelse: 6-9 månadar
Garn: Shetland soft, farge Petunia
Forbruk: 104 gram, strikka med dobbel tråd
Pinnestorleik: 4 mm

---

Det var faktisk så kjekt å strikka noko lite og kjapt igjen at eg allereie har lagt opp til eit nytt kjappisprosjekt. Så de skal ikkje sjå vekk i frå at det snart kjem ei FO-oppdatering att.

Håpar du har ein super tysdag!

søndag 20. februar 2011

Skruhelg

Nevenyttige pappa på besøk må sjølvsagt nyttast på best mogleg måte, så no har eg fått reparert det som skulle reparerast og skrudd det som skulle skruast.

Bileta talar vel for seg sjølv.

IMGP8428

IMGP8430

257 (!) pluggar, skruer og dingsar seinare:

IMGP8437

Ute er det snø, blå himmel og sol. Typisk at søndagen då må brukast på jobb. Men før jobbinga har eg rukke å nøsta litt garn som skal verta til ein liten ulldress.

IMGP8433

Til jul skal nøstemaskin definitivt stå øverst på ynskjelista.

Håpar du har ein flott søndag!

mandag 14. februar 2011

Effektivt

IMGP8422 (2)


*Poff*


IMGP8425


Seks ufoar vart med eit trylleslag redusert til nøster (og typisk nok ei skikkeleg floke som tolmodige pappa skal få ta seg av i helga). Eigentleg er det ganske kjekt å sjå at det vert betre plass til nye og meir interessante prosjekt i strikkekorga.


---


Det vert lite ferdigstrikka for tida, så det er stille her på bloggen. Det skuldast travle dagar og store langtidsprosjekt som gensar til meg sjølv og babyteppe på pinnane. Men det strikkast bak kulissane, så det kjem nok noko.


Med ynskje om ein god måndagskveld til deg som er innom og les!

søndag 13. februar 2011

Praktisk pynt

Mitt siste storinnkjøp står på toppen av bokhylla og pyntar så fint opp.

IMGP8402 (2)

Pynteting med bruksverdi er jammen supert. Og når all tråden er 8,4 kilometer lang og veg 1,5 kilo, så tek det ei stund før pynten er brukt opp også. Perfekt, med andre ord.