fredag 25. mars 2011

Endeleg helg

Etter ei slitsam veke er det jammen godt å vita at det er fri i to heile dagar. Og endå betre er det når dei to dagane skal tilbringast hjå besta. Eg gler meg til to late dagar med fisking, tur med hunden og kanskje ein yndlingsmiddag eller to.

På strikkefronten har eg fått dilla på å strikka kjøkenklutar. Babyjakkar som var den store dilla for to helgar sidan, er no gørrkjedeleg og heile fire (!) bolar ligg i strikkekorga og ventar på ermer. Men der ligg dei godt, for no er det klutstrikk som gjeld. Sidan bomullsgarnlageret mitt var ikkje-eksisterande for eit par dagar sidan bar det ut på handling. Og i kjent stil klarte eg ikkje å begrensa meg, så då vart det med heim nøster i omtrent alle fargane som var på garnbutikken.

IMGP8556

Det er jo kjekt med litt variasjon i fargane når det berre går i ein rett, ein vrang. Dessutan er klutane tenkt som gåver, då er det jo viktig å ha fargar som kan tilfredsstilla ein kvar smak. Planen er at eg berre skal ha med klutstrikkinga mi på tur, så då vert det forhåpentlegvis litt færre nøster og litt fleire klutar når helga er ferdig.

Sidan eg har vore uvanleg effektiv med ryddinga og vaskinga i dag vart overskotstida brukt til litt baking til helga. Til bursdagen fekk eg likt forkle som kjøkenhjelparen min, så no er det verkeleg stil over bakinga her.

Bakst

20 rundstykkjer og ei krydderkake (som eg sjølvsagt gløymte å ta bilete av) er resultatet av eit par timar som husmor. Rundstykkje- og bollebaking har aldri vore mi sterkaste side – deigen er jo umogleg å dela i nøyaktig like store delar. For eit petimeter er ikkje det lett å leva med, så eg fann ut at det beste var å vega heile deigen, dividera på antal ønskte rundstykkjer og måla opp i passelege bitar. Moglegens litt skada av medikamentrekning heile veka. Resultatet er LIKE STORE og heilt perfekte rundstykkjer! Denne strategien skal definitivt brukast neste gong også.

No skal eg smørja meg eit rundstykkje, plassera meg i sofakroken og berre nyta resten av fredagskvelden.

Håpar du også har ein flott fredagskveld. Nyt helga!

søndag 20. mars 2011

Søndagstur

Målet for turen var å finna havet, men det var ikkje så lett. Me rota oss bort i eit militært område, så då måtte me snu og gå andre vegen. Men heller ikkje den vegen førte til havet, berre langt inn i ein skog.

Søndagstur

Sjø med land på alle kantar var det næraste me kom, men turen var fin likevel. Ein spennande sti innover skogen er lagt på minnet for nærare utforsking ved seinare høve.

IMGP8539

Skal tru om skiltet har stått heilt sidan 1914?

Med ynskje om ein god søndagskveld! 

søndag 13. mars 2011

Super søndag

Sløv sofadag er herleg når det høljar ned ute.

IMGP8496

To strikketøy – det eine litt meir krevande enn det andre, så kan eg veksla etter humøret.

IMGP8475

Ny pynt i favorittfargen.

IMGP8490

Tulipanar frå forrige helg. Gartnarmamma har lukkast med korleis behandla blomster-opplæringa.

IMGP8501

Og sist, men ikkje minst; skikkeleg søndagsmiddag. ;-)

Håpar du også har ein super søndag!

tirsdag 1. mars 2011

Vest til fest

Innimellom all den evigvarande teppestrikkinga trengte eg noko lite og kjapt. Etter litt surfing rundt på Ravelry fann eg Mina sin søte pyntevest. Passande garn hadde eg allereie, så då var det berre til å svinga pinnane. Dobbel tråd på pinne 4 + ei stille og roleg helg = hold på hatten, endeleg noko ferdigstrikka her i bloggen!

IMGP8448

Ein pyntevest treng jo ein flott knapp, så då gjekk turen innom Knappehuset etter skulen i dag. Og jammen fann eg ikkje den perfekte knapp – ein liten diamant med litt gull rundt er jo supert til fest.

IMGP8460

Prikken over i-en er den søte picotkanten rundt armane.

IMGP8467

Alt i alt er eg supernøgd med resultatet og oppskrifta kan glatt anbefalast vidare! Lett å forstå og godt skreve, dessutan er så kjappe prosjekt definitivt ein favoritt.

Faktaboks for dei spesielt interesserte:

Oppskrift: Minas pyntevest
Størrelse: 6-9 månadar
Garn: Shetland soft, farge Petunia
Forbruk: 104 gram, strikka med dobbel tråd
Pinnestorleik: 4 mm

---

Det var faktisk så kjekt å strikka noko lite og kjapt igjen at eg allereie har lagt opp til eit nytt kjappisprosjekt. Så de skal ikkje sjå vekk i frå at det snart kjem ei FO-oppdatering att.

Håpar du har ein super tysdag!

søndag 20. februar 2011

Skruhelg

Nevenyttige pappa på besøk må sjølvsagt nyttast på best mogleg måte, så no har eg fått reparert det som skulle reparerast og skrudd det som skulle skruast.

Bileta talar vel for seg sjølv.

IMGP8428

IMGP8430

257 (!) pluggar, skruer og dingsar seinare:

IMGP8437

Ute er det snø, blå himmel og sol. Typisk at søndagen då må brukast på jobb. Men før jobbinga har eg rukke å nøsta litt garn som skal verta til ein liten ulldress.

IMGP8433

Til jul skal nøstemaskin definitivt stå øverst på ynskjelista.

Håpar du har ein flott søndag!

mandag 14. februar 2011

Effektivt

IMGP8422 (2)


*Poff*


IMGP8425


Seks ufoar vart med eit trylleslag redusert til nøster (og typisk nok ei skikkeleg floke som tolmodige pappa skal få ta seg av i helga). Eigentleg er det ganske kjekt å sjå at det vert betre plass til nye og meir interessante prosjekt i strikkekorga.


---


Det vert lite ferdigstrikka for tida, så det er stille her på bloggen. Det skuldast travle dagar og store langtidsprosjekt som gensar til meg sjølv og babyteppe på pinnane. Men det strikkast bak kulissane, så det kjem nok noko.


Med ynskje om ein god måndagskveld til deg som er innom og les!

søndag 13. februar 2011

Praktisk pynt

Mitt siste storinnkjøp står på toppen av bokhylla og pyntar så fint opp.

IMGP8402 (2)

Pynteting med bruksverdi er jammen supert. Og når all tråden er 8,4 kilometer lang og veg 1,5 kilo, så tek det ei stund før pynten er brukt opp også. Perfekt, med andre ord.

søndag 16. januar 2011

Søndagskos

Ute er det regn, vind, skodde og is. Alt er grått, til og med snøen er meir grå enn kvit. Ein perfekt dag for ein innedag.

Oppvasken er teken, vaskemaskina surrar og går, golvet er støvsugd, boset tømt, aviskorga rydda og middagen er av den sorten som lagar seg sjølv i steikeomnen. Med andre ord, alt er klart for litt sofaliv! Med fyr i omnen kan eg setja meg godt til rette i sofakroken saman med det nye ullteppet og geiteskinnet som låg under juletreet. Nytt strikketøy i fin farge har eg også unna meg. Det er jo søndag og alle dei 30 (ja, eg er ferdig med ein) UFOane er godt vekkrydda og ute av syne.

IMGP8344

IMGP8357

Perfekt!

søndag 9. januar 2011

Den hele og fulle sannhet

I romjula tenkte eg at januar måtte vera ein fin månad for rydding i strikkekorga. Nytt år, ny månad og nytt system i sakene. I går vart tenkte tankar til handling, men skal eg vera heilt ærleg, så er ikkje den ryddetanken det smartaste eg har tenkt på, for saman med ryddinga forsvann strikkelysta.

IMGP8335

Eg fann nemleg 31uferdige prosjekt! T r e t t i e i n. Berre tanken på alt eg må strikka ferdig fekk lufta til å gå ut av ballongen. I tillegg til all strikkejobben er det nokre prosjekt som må rekkjast opp att litt på før eg kan fortsetja og endå fleire har eg gløymt kva størrelse eg strikkar i. I tillegg til alle trådane eg må festa.

Sjokket var så overveldande at eg stappa alt saman ned ei korg og gøymte ho bak tv-benken. Eg trur at eg må roa nervene med eit heilt nytt strikketøy i sofakroken, saman med tanken om at til neste år skal nyttårsforsettet vera å verta monogam på strikkefronten.

mandag 3. januar 2011

Kavalkade #2

Tre dagar inn i det nye året er det på tide med ei oppsummering av strikkeåret 2010. Relativt likt som 2009, med små variasjonar. Det nye av året er skjerf, halsar, sjal, ulltrøye til vaksen, sitjeunderlag, vottar, kjøkenklutar og påskepynt, medan fjorårets pulsvarmarar og isskrapevottar ikkje har vorte ein slager i år.

mosaic8c455e00a959ed92ae843e2ccbd13e5ae606a404mosaicc79a2c3ea3c2c177d8b6f1fd811d1f10ed35e0fd

I år SKAL eg strikka ein gensar til meg sjølv, elles vert det nok mykje det same som kjem på pinnane.